Innlegg

Diverse aktivitet frå forskingsgruppa for eigedomshistorie.

Innlegga er tidlegare publisert i eigen blogg, som ikkje lenger vert oppdatert.

 

Seminar i høve utskiftingslova av 1821

Den 1. november 2021 vart det halde seminar i regi av Vestlandsk forskargruppe for eigedomshistorie. Temaet var utskiftingslova av 1821. Føredraga er tilgjengelege på denne sida: https://hvl.instructure.com/courses/13640/pages/utskiftingsseminar-2021

 

Lars Pilø om lidar og kulturminner 15.1.2021

Teknologien gjer store framsteg, og nokon gonger mogeleggjer den også at ein kan få enno meir innsikt kring det som har vore, men ikkje finst lenger. Ein av desse teknologiane er Lidarscanninga av Noreg som ligg tilgjengeleg på www.hoydedata.no. Ein av dei som har gjort viktige og interessante funn med denne teknologien er Lars Holger Pilø, arkeolog i Innlandet fylkeskommune. Han er også godt kjend frå Norge rundt  og spesielt frå prosjektet Secrets of the Ice som undersøkjer funna som kjem fram grunna bresmelting.

Sjå youtubevideo.

Føredrag med Bjørn Ivar Berg 2.12.2020

Situasjonen gjorde at tida fauk frå oss hausten 2020. Oktoberføredraget vart difor utsett til onsdag 2.12.2020. Då heldt  Bjørn Ivar Berg føredraget «Oppmåling og kartlegging over og under jord ved Kongsberg Sølvverk»*

«Tema for foredraget er utdanning og virke for de «underjordiske» landmålerne ved bergverksdriften fra 1600- til 1800-tallet. Hvordan utførte disse såkalte «marksjeiderne» oppmålingsarbeider i dagoverflaten og nede i gruvene? Eksempler på kart blir vist. Opplæringen var tradisjonelt personlig, fra mann til mann. På 1700-tallet ble utdanningen institusjonalisert med Bergseminaret (1757), som hadde en bred fagkrets innen matematikk, naturfag, ingeniørfag, tegning og jus – en sivil parallell til Krigsskolen (1750). Bergingeniørutdanningen ble etter 1814 overført fra Kongsberg til det nye Universitetet i Oslo. Oppmålingsteknikkene ble fra 1830-tallet av endret med innføring av teodolitt.»

Bjørn Ivar Berg er historikar og forskar ved Norsk Bergverksmuseum. Han har nyleg også utgjeve boka Sølvtyverier på Kongsberg 1623-1861. De finn den digitale boklanseringa her: https://youtu.be/0phdIwTxgHw

*Samlinga vart halde i samråd med forskingsgruppa for jordskifte, eiendomsutvikling og eiendomsregistrering ved NMBU og forskargruppa for rettskultur ved UiB.

Nytt treff for deltakarane i VFE den 16.10.19

Neste samling er sett til onsdag 16.10. Me treffest ved hovudinngangen på HVL som sist og går saman til møterommet. Det kjem ein mail med naudsynt info når det nærmar seg.

Som sist vert det lunsj, og eg lyt difor ha ei formeining om kor mange som kjem. Gje gjerne beskjed på mail til Lars Kvestad med om du kjem. Gje då òg gjerne beskjed om ev. allergiar e.l.  Av omsyn til matbestillinga er lyt ein melde si interesse innan kl. 14 den 11.10.19. 

Tema for dagen: 

  • Introduksjon av deltakarane og kva særskilde interesser innafor eigedomshistorien dei har no og kva dei har jobba med tidlegare.
  • Etablering av ein database av interessante spørsmål som burde undersøkjast nærare, så vel generelle eigedomshistoriske spørsmål som konkrete eigedommar.
  • VFE-seminar våren 2020 (hugs gjerne å fylle ut spørjeskjemaet i mailen som vart sendt ut den 7.9.19 om dette).

Nytt Koren Wiberg-seminar i oktober 2019

Etter stor suksess med det fyrste Koren Wiberg-seminaret i Pütterstuen hausten 2018, vert det skipa til eitt nytt Koren Wiberg-seminar hausten 2019. Program og informasjon om påmelding kjem snart. Seminaret vert halde på Bryggen, denne gongen i Schøtstuene slik at me får plass til endå fleire deltakarar.

Seminaret er knytt til prosjektet Urbane eigedomsstrukturer.

Slik det heile byrja

Invitasjon til skipinga av Vestlandsk forskargruppe for eigedomshistorie

Grunnlaget for å etablere ei  Vestlandsk forskargruppe for eigedomshistorie:

Målsetjinga med forskargruppa er å fremje kunnskap om eigedomshistorie. Eigedomshistoria har mange utgangspunkt og vel så mange avvik frå utgangspunkta.

Ved å samle dei som er kunnige innafor emnet, men i tillegg har ei særskilt interesse for eigedomshistorie, vonar me at gruppa kan verte ei viktig fagressurs for deltakarane og på sikt også samfunnet elles. Eigedom er eit tema som i dag meir eller mindre direkte påverkar dei fleste. Forskargruppa si verksemd skal gje vesentlege bidrag til dei som treng kunnskap om eigedomshistorie i sitt virke eller har spesielle interessefelt som slektsforsking m.m. og skal vidare bidra til auka rettstryggleik kring eigedomsrettslege spørsmål. Eit anna siktemål er å engasjere studentar innafor fleire fagretningar til å sjå nytta av eigedomshistorisk kunnskap i deira utdanning –  sjølv i dag er eigedomshistorie eit langt meir aktuelt tema enn mange trur.

 

Det sentrale for gruppa er deltakarane sitt engasjement og interesse kring eigedomshistorie.  Dette gjev grunnlag for følgjande framlegg:

  • Forskargruppa vert delt i to nivå, dei som er hovudmedlemmer, og dei som er passive medlemmer. Det finst inga krav til dei som ynskjer å vera passive medlemmer av gruppa. Hovudmedlemmene må ha stor interesse for eigedomshistorie, tileigna anten gjennom teori eller praksis, og ønskja å aktivt bidra til  forskargruppa sine aktivitetar. .
  • Det skal ikkje leggjast opp til omfattande møteaktivitet kor det vert forventa alle medlemmane bør delta. Me freistar å ha ei samling i semesteret kor dei som kan delta kjem, elles vil det meste av aktiviteten i gruppa gå føre seg i digitale rom.
  • Utover å ikkje trøytte ut deltakarane med samlingar, byggjer det digitale aspektet ved gruppa på tre grunnlag; å redusere klimaavtrykket, eit ynskje om å krinse arbeidet i forskargruppa inn mot primærkjeldene og å vera eit nyskapande bidrag til korleis framtidas forskargrupper kan/bør organiserast.
  • Den digitale plattforma skal vera tilgjengeleg via nettsida. Her skal det leggjast til rette for at den einskilde kan dele kjelder, ha diskusjonar innad i gruppa, ha høve til å halde nettbaserte føredrag, og tilrettelegging for opptak av podcaster/digitale føredrag som seinare kan gjerast tilgjengeleg på ein del av sida som er ope for alle interesserte. Nettsida ligg under Kommunikasjonsavdelinga ved HVL. Me vil  også involvere Senter for nye media ved HVL og Dragefjellet lærings- og formidlingssenter ved UiB i det vidare arbeidet med plattforma og digital formidling.
  • Ei von er at det å nytte seg av ei digital plattform kan gjere førebuinga til, og gjennomføringa av, føredrag til noko anna enn dei klassiske føredraga me elles ser i dagens forskargruppar. Til dømes kan ein sjå føre seg at føredragshaldar legg ut relevante primærkjelder, gjerne med markeringar ved det som er vesentleg, i forkant av føredraget.  Saman med eit notat om kva føredraget drøfter, og kva og kvar i primærkjeldene problemstillingane gjeld og er henta frå, vil kvar og ein kunne gjere vurderingar som:

– Er tema interessant eller relevant ut frå mi kunnskap/mine interesser? Om ikkje, er det noko eg skal prioritere å bruke tid på om kvardagen elles er travel.

– Dette er noko eg ikkje kan mykje om, men det fenger interessa mi og eg vil difor høyre på føredraget, med eller utan å sjå meir nøye på dokumentasjonen på førehand.

– Dette er noko eg finn særskilt interessert, og eg vil difor gå djupare inn i dei vedlagte primærkjeldene enn ein vanlegvis får høve til ved føredrag, og kanskje ynskjer eg også å legge ut nokre eigne kjelder knytt til mi eiga erfaring frå undersøkingar av liknande kjelder

– Føredragshaldaren kan også kome med ynskjer om innspel kring delar av kjeldemateriale, kan hende me saman klarar å knekke nøtta? 

Med eit ope sinn vil me kunne hauste mange erfaringar og god lærdom i tida som kjem.
 Forslag til hovudmedlemma i forskargruppa:

Skipinga av gruppa er eit initiativ frå engasjerte forskarar frå HVL og UiB. Per dags dato er Børge Aadland, Jørn Øyrehagen Sunde, Ernst Nordtveit, Geir Atle Ersland, Per Kåre Sky, Leiv Bjarte Mjøs, Silje Een De Amoriza, Yngve Nedrebø, Arne Solli, Søren Koch og Lars Kvestad med på laget, medan fleire av dykk på lista nedfor er informert om at det kjem til å kome ei invitasjon. 

Me har no sendt ut ei invitasjon til: 

  • John Ragnar Myking
  • Edmund Bolstad
  • Guttorm Rogdaberg
  • Roald Helgesen
  • Ingrid Myrstad
  • Mads Langnes
  • Frode Halvorsen
  • Erling Berge
  • Håvard Steinsholt
  • Roger Stelander
  • Roald Hopsnes

De vert invitert på bakgrunn av dykkar kunnskap kring eigedomshistorie, og dersom de i tillegg kjenner at de har ei interesse av å delta i gruppa, er de hjarteleg velkomne. Vidare, om de kjenner til fleire som burde verta invitert, så er det fritt fram å kome med forslag. Men for å sikre at gruppa held eitt visst aktivitetsnivå, er det ei viktig grunnføresetnad at dei som skal delta som hovudmedlem også skal ha ei særskilt interesse knytt til eigedomshistorie utover kunnskap om emnet. Alle andre er som nemnt velkomne til å følgje arbeidet til forskargruppa via ei nettside kor delar av arbeidet og informasjonen me samlar saman i vårt arbeid  vert ope tilgjengeleg for alle interesserte. 

 Utover desse er det sendt ei invitasjon til:

  • Knut Martin Tande ved Dragefjellet Lærings- og formidlingssenter
  • Morten Morlandstø ved Senter for nye medier

Dei vil kunne kome med viktige innspel kring det digitale aspektet i forskargruppa.

 

Vil du vera med? 

Gruppa vert enn så lenge administrert av Lars Kvestad. Korleis me organiserer den i framtida, vert eitt spørsmål me tek når gruppa er meir oppe og går. Dersom den vert ei realitet, er det ynskjeleg med ei fysisk samling ein gong i løpet av våren 2019. Her kan me drøfte så vel tema, innhald på den fysiske plattformen, kva de einskilde ser føre dykk kan kome ut av arbeidet i gruppa m.m. Den tid den glede. 

Dersom du kjenner at dette er noko du ynskjer å delta på, er det veldig kjekt.  Det fyrste me ynskjer av dykk er då nokre linjer om dykkar kjennskap til eigedomshistorie og kva delar av eigedomshistoria de særskilt interesserer dykk for. Teksten dykkar vert lagt ut på personsida, sjå gjerne på døma som allereie ligg der under fanen “Deltakarar”.  Send så teksten til Lars Kvestad som vil gje deg varig tilgang til nettsida, legge ut teksten under deltakarar og halde deg oppdatert om kor tid me eventuelt samlast i løpet av våren 2019. Høgskulen på Vestlandet vil sørgje for møterom og lunsj i høve skipingsmøte. For dei av dykk som ikkje har høve til å delta fysisk, vil me sjølvsagt leggje til rette for digitalt oppmøte. 

 Me ser fram til å treffast når den tid kjem!