Deltidsstilling som studentassistentar ved Læringslab, alle campus

Vi er på jakt etter deg som er student hausten 2024 og som interesserer deg for teknologi i læring og undervisning og for medieproduksjon.

Om stillinga

Som studentassistent er du vertskap ved Læringslab på ettermiddagstid og er med på å sikre eit utvida tilbod til tilsette og studentar. Dette inneberer mellom anna å være vertskap i lokalet og å drive utlån av ulike formar for teknologi og medieproduksjonsutstyr og gi enkel rådgiving i bruk av utstyr og programvare. Du vil få opplæring i dei ulike teknologiane og medieproduksjonsutstyret som finnes i laben og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer deg opp undervegs. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Brukarstøtte og rådgjeving i Læringslab
  • Booking av rom og utstyr til utlån
  • Holde orden i utstyrsparken
  • Lading, oppgradering og nullstilling av utstyr
  • Å være vertskap ved arrangement og eventer
  • Mindre administrative oppgaver knyttet til driften av Læringslab

Arbeidstid, løn og attest 
Stillinga er timeløna (inkludert 10 timer opplæring) og du arbeider  4- 6 timer per veke, og  får 10 timar til opplæring. Utbetaling vert gjort ved at du skriv timelister. Det kan bli aktuelt å forlenge engasjementet. Du får attest frå HVL etter fullført jobb. 

Studentassistenter i HVL er lønnet i stillingskode 1429 – Aspirant.

  • Studentassistent uten fullført grad blir lønnet  Ltr. 25, som utgjør kr. 191,60 pr. time.
  • Studentassistent med påbegynt bachelorgrad blir lønnet i  Ltr 35, som utgjør kr. 212,20 pr. time
  • Studentassistent med påbegynt mastergrad blir lønnet i Ltr 42, som utgjør kr. 230,- pr. time

Forventningar til deg: 

  • Du har lyst til og er motivert til å arbeide med teknologi og formidling
  • Du evner å lære deg ny teknologi
  • Du kan arbeide sjølvstendig og likar å samarbeide med andre  
  • Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og med evne til å improvisere
  • Du har ordenssans og er systematisk  
  • Konkrete arbeidsoppgåver vert avtala med personalet i Læringslab og faggruppeleiar

Vi vurderer søknader fortløpande. 

Søknad med CV og motivasjonsbrev sender du til laeringslab@hvl.no
Søknaden vert handsama av leiar Sigrid Jordal Havre.
Spørsmål om stillinga rettast til kontaktperson ved ditt campus:

Bergen: Xavier Paul Bonete xbo@hvl.no /Kaspar Strømme kstr@hvl.no

Stord: Bente Olderkjær beol@hvl.no

Haugesund: Thomas Sjøen Thomas.Sjoen@hvl.no 

Førde: Martine Oddvarsdotter Myren momy@hvl.no

Sogndal: Torkjell Einarson Venjum teve@hvl.no