To studentar på lesesal.

Teknisk vakt for digital eksamen

Høgskulen på Vestlandet gjennomfører digital skuleeksamen i WISEflow. Vi treng påfyll av vår vaktstyrke for digital eksamen.

Kva gjer ein teknisk vakt?

Som teknisk vakt vil du hjelpe studentar med tekniske spørsmål på digital skuleeksamen.

Du vil hjelpe studentar som til dømes har problem med å køyre programvara, eller kople seg til nett. I tillegg skal du hjelpe dei å bruke funksjonane i WISEflow og eventuelt levere ut utlåns-PC for dei som har problem vi ikkje har tid til å løyse i lokalet.

Merk at det som regel ikkje er snakk om tung brukarstøtte, men å løyse småproblem som står i vegen for at studenten kan gjennomføre skuleeksamen digitalt. Du vil i forkant få vere med på kurs for å gjere deg kjent med systemet. Personar med meir erfaring vil alltid vere tilgjengeleg dersom det dukkar opp noko som ikkje du finn løysing på i lokalet.

Kva eigenskapar bør eg ha?

  • Du er vand med å finne løysingar på dataproblem.
  • Du kan halde hovudet kaldt i situasjonar der studenten er stressa.

Korleis går det føre seg?

Du vil ikkje erstatte dei vanlege eksamensvaktene, men vere eit tilskot.
Arbeidstida vil vare frå kl. 08.30 til kl. 13/15, litt avhengig av eksamenslengde. Etter at eksamen er i gang, er det gjerne roleg, og du har anledning til å bruke eigen PC eller lesestoff i motsetnad til vanlege vakter.

Det er eksamen gjennom heile semesteret på HVL, men hovudtyngda av moglege vakter vil vere i eksamensperioda i mai-juni og desember. Du vil sjølv få høve til å melde tilbake om kva vakter du kan ta.

Dersom du blir vakt hjå oss vil det vere gode sjansar til å kunne vere dette vidare i ditt studieløp. Ein fin måte å spe på studielånet!

Lønn: kr 224 per time.

Løpande søknadsfrist. Det er berre nødvendig med heilt enkel søknad. Opplæring vil bli gitt.

Interessert? Send søknad eller spørsmål til rådgiver for digital vurdering Bernt Humberset Hagen på bhuh@hvl.no