Prosjekt campusutvikling Kronstad (K1 og K2)

Nybygget på Kronstad er del to i utbygginga av campus Kronstad. Prosjektet si oppgåve er å sjå heile campus Kronstad under eitt i planlegginga og gjennomføringa av prosjektet.

Bygget skal stå ferdig i 2020, og inneber at studiestad Møllendalsveien blir avvikla. 

Visjonen er at bygget skal bli Vestlandets mest moderne undervisningsbygg. 

Bygget er på 14 300 kvm BRA med plass til 3000 studentar og 300 tilsette. Statsbygg er byggherre og totalentreprenør er Kruse Smith. Arkitektbyrå er L2 Arkitekter. 

Les meir om bygget på Statsbygg sine sider her.

Fakta om bygget 

  • 4 fleksible auditorium – plass til 500 personar til saman
  • 13 seminarrom – plass til 40 personar i to seminarrom, 80 personar i to andre seminarrom, og 60 personar i dei ni andre
  • 52 grupperom – plass til mellom seks og 15 personar
  • 7 lesesaler – plass til 60 personar i kvar sal
  • 9 møterom – plass til mellom seks og 30 personar
  • Kvilerom
  • 1 rom for tru og tanke

Funksjon

Kunnskapsdepartementet sine føringar er at bygget skal vere fleksibelt, arealeffektivt og tidsmessig, og at heile campus Kronstad skal sjåast under eitt. 

Nybygget skal komplementere det eksisterande høgskoleanlegget på Kronstad, både når det gjeld form, funksjon, material og fasadeuttrykk. Bygget skal også ha funksjonelle undervisningslokale og gi meir effektiv administrasjon, bibliotek og drift. 

Bli med inn!

Miljøbygg

Prosjektet utførast med høge miljøambisjonar. K2 vil vere eit nullutsleppsbygg, noko som set høge krav til bygningsmessige og tekniske løysingar. Kombinasjonen av lågt varmetap, tilsvarande krav til passivhus, solcellepanel på taket og energieffektive tekniske anlegg skal bidra til dette.

Totalt skal bygget ha redusert klimagassutslepp med 30 prosent samanlikna med tilsvarande bygg.

Foto: L2 Arkitekter

Fasilitetar

I bygget er det lagt til rette for Studenttorg og eit areal for etter- og vidareutdanningsverksemda. Det blir språklaboratorium for døvetolkutdanninga og areal for Bergen Uavhengige Sosialrådgivning. 

Det vil i kvar etasje kome minikjøkken for studentane. 

Studenttorg

Studenttorget skal få seks rettleiingsrom, eit stillerom og ein uformell møteplass.

Simulatorrom

Det vil i første etasje kome to simulatorrom med to observasjonsrom, som har einvegsglas i mellom seg. Desse romma er aktuelle for å observere ulike former for ferdigheitstrening. Romma vil ha avansert opptaksutstyr og kan nyttast til spel, dilemmatrening, kriseleiing eller som virtuelt handlingsrom.

Læringslaboratorium

Læringslaboratoriet kan nyttast for å teste pedagogiske program og læremiddel på barn, elevar, pasientar og studentar. I tillegg kan arealet brukast til prosjekt, innovasjon og eksperiment.

Språklaboratorium

Språklaboratoriet er utvikla spesielt for undervisning og trening i tolkemetodikk, språk, omsetjing og kommunikasjon. Det vil her kome eit stort undervisningsrom for ca. 30 personar.

BUS

BUS vil ha eigen inngangsdør og venterom. På arealet kjem to samtalerom, eit stort arbeidsbord for 5-6 personar, og landskap med tre kontorarbeidsplassar. Det kjem også ein atskilt del for telefonsamtalar. På arealet vil det dessutan bli minikjøkken med oppvaskmaskin.

Kvifor nybygg?

  • Fullføre høgskolens ambisjon om samlokalisering på Kronstad, skape ein heilskapleg campus
  • Vidareutvikle tomta på Kronstad til høgskoleformål
  • Avvikle leieforhold i Møllendalsveien
  • Auke fleksibiliteten og arealeffektiviteten på Kronstad med tidsmessige undervisningsrom i riktig storleik
  • Etablere effektivt og samla studenttorg
  • Betre tilrettelegging for høgskolens satsing på digitalisering
  • Miljøperspektiv – bygg med høge miljøkrav, betre enn passivhus, reduserte driftsutgifter
  • Miljøperspektiv – eit samla campus ved trafikk-knutepunkt, redusert tid og ressurs til transport
  • Bidra til ønska byutvikling i området

Aktuelle saker