Avvikande opningstider
Opningstidene på dei ulike campusane våre og sentralbordet vårt vil vere avgrensa i visse delar av året.
Redusert tilgang til campus
Besøkande og studentar vil ikkje ha tilgang til bygga våre desse dagane:
- 4.–6. april 2026
- 17. mai 2026
Frå laurdag 20. juni 2026 vil campusane vere sommarstengt, og berre sommarstudentar og tilsette vil ha tilgang. Campusane vil bli opna opp att tidleg i august, men kva for dato det blir er ikkje bekrefta enno. Studiestart i 2026 er måndag 10. august.
Redusert sentralbord
Sommaren 2026: Sentralbordet vil ha ope mellom kl. 09.00 og 14.00 frå måndag 6. juli til og med fredag 14. august. Men chatboten vår MIME er tilgjengeleg for deg døgnet rundt heile sommaren, og her kan du spørje om det meste.