Førsteamanuensis

Lillian Bruland Selseng

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er utdanna sosionom og familieterapeut med mastergrad i helse- og sosialfagleg arbeid med barn og unge og doktorgrad i sosialt arbeid og sosialpolitikk. Etter å ha arbeidd med rusbehandling i fleire år begynte eg å arbeide ved Høgskulen i 2005. Sian da har eg i all hovudsak arbeidd med sosialfaglege og rusrelaterte problemstillingar. I doktorgradsarbeidet undersøkte eg dei kulturelle forståingane som ligg til grunn for korleis rusproblem og rusarbeid vert forstått. Eg arbeider no mest med to forskingsprosjekt:

a) Challenges of Participation (CHAPAR) som har som mål å utvikle kunnskap om vilkår for individuell og kollektiv medverknad når brukarar sin autonomi er utfordra i helse- og velferdstenester.  Eg leiar arbeidet med arbeidspakke 3 brukarmedverknad for menneske med rusproblem. https://www.chapar.no/

b) Etterlatte ved narkotikarelatert død - i et recoveryperspektiv» (END) som forskar på konsekvensane og belastningane narkotikarelaterte dødsfall har for nære etterlatne. Eg koordinerer arbeidet med delstudie 4 som undersøker korleis hjelpeapparatet møter etterlatte.

 Eg leiar forskargruppa oppvekst, rus og sosial marginalisering https://www.hvl.no/forsking/gruppe/oppvekst-rus-og-sosial-marginalisering/

Underviser i

  • Relasjon- og kommunikasjonskompetanse
  • Rusproblematikk
  • Rusarbeid og behandling
  • Kultursensitivt perspektiv på sosialt arbeid
  • Interaksjonistiske pespektiv i sosialt arbeid
  • Ulike perspektiv på rusmiddelavhengigheit
  • Brukarmedverknad
  • Etterlatte etter narkotikarelatert død

Forskar på

  • Etterlatte ved narkotikarelatert død
  • Brukarmedverknad
  • Rusarbeid

Forskargrupper

  • Oppvekst, rus og sosial marginalisering
  • Profesjonskunnskap