Arbeids- og kompetanseområde

Dosent i pedagogikk ved HVL. Arbeider inneverande studieår med fagleg oppfølging  av eit Utdanningsdirektoratprosjekt (Inkluderande skule- og barnehagemiljø) i Hallingsdalsregionen og har undervisning på nasjonal styraropplæring. I tillegg medlem i forskargruppa som har ansvaret for evalueringa av iverksetjinga av ny rammeplan i barnehagen (https://www.udir.no/tall-og-forskning/evaluering-av-rammeplanen-for-barnehagen/). Deltek også som forskar ved BARNkunne - Senter for barnehageforskning / KINDknow, i ei av arbeidsgruppene (WP9 «The competent kindergarten – systemic knowledge creation and dissemination»).

Frå 2014- 2018 leia eg det faglege sekretariatet for den KD oppnemnde Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning. Tidlegare var eg leiar av Norgesnettrådet sin komité for evaluering av det nasjonale programmet for førskulelærarutdanning. 2001. Eg har også ved fleire høve vore norsk ekspertmedlem ved Danmark Evalueringsinstitutt (EVA) i samband med evaluering av den danske pædagogutdanninga 2001-2003 og evaluering av implementering av læreplanar i danske daginstitusjonar (2005-2007).

Underviser i

  • Pedagogiske tema i barnehagelærarutdanning

Forskar på

  • Barnehagen i historisk lys
  • Barnehagelærarutdanning
  • Menn i pedagogisk arbeid med barn
  • Barnehagepolitikk

Forskargrupper

Utvalde publikasjonar

  • Barnehage og profesjon som politisk felt

    Sataøen, Svein Ole, Foss, Vigdis (2017)
  • Barnehagelærarutdanninga. Tilbakevendande utfordringar og uprøvde mulegheiter

    Sataøen, Svein Ole (2016)
  • Barnehagelærarutdanninga. Meir samanheng, betre heilskap, klarare profesjonsretting?

    Sataøen, Svein Ole (2015)
  • Den nye barnehagelærerutdanninga - bakgrunn, iverksetjing og reformutfordringar

    Sataøen, Svein Ole, Trippestad, Tom Are (2015)
  • Frå førskulelærar til barnehagelærar. Den nye barnehagelærarutdanninga. Mulegheiter og utfordringar

    Sataøen, Svein Ole (2014)