Illustrasjon

Har du ein god idé eller planar om eit innovasjonsprosjekt? Søk støtte!

No kan du som student eller tilsett ved HVL søke midlar til å utvikle og teste innovasjonsidear som spring ut av studium eller forsking, gjennom Program for ideutvikling ved HVL. Søknadsfristen er 4. april 2024.

Formålet med programmet er å støtte opp under innovasjonsprosjekt i tidleg fase, og stimulere vitskapelege tilsette og studentar til å vere kreative, løysingsorienterte og nyskapande.

Gjennom programmet ynskjer HVL å støtte prosjekt som spring ut frå forsking eller studium ved HVL, som er i ein fase der det er naudsynt å teste, påvise eller demonstrere at ein ide, metode eller konsept har potensial og er gjennomførbar, slik at ideen på sikt kan nyttiggjerast og nyttast til det beste for samfunnet.

Kva er innovasjon?

Innovasjon handlar om å ta i bruk ny kunnskap for å stimulere til utvikling og endring. Det kan til dømes vere snakk om å forbetre produkt og tenester, å vidareutvikle profesjonar og teknologi, eller å skape nye og forbetra arbeidsmetodar, prosessar og organisatoriske løysingar. HVL legg særleg vekt på ansvarleg innovasjon i sin strategi. Med ansvarleg innovasjon meiner vi innovasjonar som tar høgde for både økonomiske, miljømessige, sosiale og etiske aspekt.

Både sosial innovasjon, tenesteinnovasjon, innovasjon i offentleg sektor, prosessinnovasjon og andre former for innovasjon vil vere aktuelle i HVL sitt program for idéutvikling, inkludert prosjekt som kan ha kommersielt potensial. Programmet er difor relevant for alle fagmiljø og studentar ved HVL.

I denne utlysinga vert det fokusert på forskingsbasert innovasjon, i betydninga innovasjon som spring ut frå forsking eller studiaer til tilsette og studentar ved HVL.

Kor mykje kan du søke om?

Bachelor- og masterstudentar kan søkje om 30-100 000 NOK per prosjekt. Vitskapelege tilsette, under dette ph.d.-studentar som er tilsette ved HVL, kan søke om mellom 100-500 000 NOK per prosjekt. Endeleg tildelt beløp per prosjekt kan bli justert i forhold til det opphavlege søknadsbeløpet.

Den anslåtte totalramma for årets utlysing er på 1,5 millionar NOK, der endeleg totalramme vil bli stadfesta når HVL sin budsjettprosess for 2024 er fullført. Potten dekker søknadar frå både studentar og tilsette.

Kontakt

Dersom du ynskjer meir informasjon om Program for ideutvikling ved HVL, er du velkommen til å ta kontakt med fagansvarleg for forskingsbasert innovasjon Terje Gravdal: terje.gravdal@hvl.no (for tilsette), eller skape@hvl.no (for studentar)