Medisinsk testing

På ein del studium er det krav om medisinsk testing før du kan gå ut i praksis.

På ein del helse- og sosialfaglege studium er det krav til tuberkulintest og undersøking for meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA). Nokre studium gir deg rett på gratis vaksinering mot hepatitt B.

Lærar- og barnehagelærarstudentar som i løpet av dei tre siste åra har opphalde seg meir enn 3 månader i eit land med høg førekomst av tuberkulose, bør ta ein tuberkulintest før dei går ut i praksis.

Meir om medisinsk testing:

For studentar i Bergen

For studentar i Sogndal og Førde

For studentar på Stord og i Haugesund