Krav til oppmøte

Her finn du som student informasjon om krav til oppmøte når du er i praksis.

Krav om oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom, gyldig eller ugyldig fråvær. Når kravet til oppmøte ikkje er oppfylt, blir praksisen vurdert til ikkje bestått.

Krav om oppmøte går fram av studieplanen eller emneplanen din. Du finn også nærare informasjon knytt til fråvær på praksisnettsidane for dei einskilde utdanningane.

Gyldig fråvær frå praksis

For å bestå praksis, må gyldig fråvær takast opp igjen i samsvar med reglar for den einskilde utdanninga. Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som er gyldig fråvær. Døme på gyldig fråvær er:

  • eigen sjukdom og barn sin sjukdom
  • dødsfall i nær familie eller hos andre studenten har eit nært forhold til
  • gravferd eller bisetjing, jf. førre punkt
  • pålegg frå offentleg mynde om at studenten pliktar å møte fram ein annan stad
  • forhold utanfor studenten sin kontroll som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører ein eller fleire dagar av praksisperioden
  • markering av religiøse høgtidsdagar (opptil to sjølvalde dagar) - sjå nettsida Retningslinjer for studenters rett til fri grunnet religiøse høytidsdager - Høgskulen på Vestlandet

Eit anna døme på gyldig fråvær er studentar med verv i høgskulen sine vedtatte organ og utval, som fremgår av punkt 3 og 8.1 i samarbeidsavtalen mellom HVL og Studenttinget. Kvar utdanning har føringar for om deler av eller alt fråværet knytt til verv også må takast igjen.

Krav til dokumentasjon

  • Sjukdom kan dokumenterast med ein attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person, eller ved at studenten leverer eigenmelding. Attesten eller eigenmeldinga må opplyse om at den er skriven i samband med fråvær frå praksis arrangert av Høgskulen på Vestlandet, og at fråværet gjeld ein bestemt dag eller dagar. Når studenten sin praksisperiode har starta må attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person, eller eigenmelding, vere skriven og sendt til høgskulen seinast éi veke etter sjukdommen oppstod. Studenten må gi snarleg melding om fråvær til høgskulen og til praksisstaden om praksis har starta.
  • Ved dødsfall, gravferd eller bisetjing må studenten oppgje kven som har gått bort og kva for relasjon studenten hadde til avdøde.
  • Ved organisasjonfri skal studenten orientere om dette seinast ei veke før til fag- eller praksislærar/rettleiar. Fråværet dokumenterast ved innkalling og deltakarliste i forkant, og skriftleg dokumentasjon i etterkant.
  • Andre omstende som blir rekna som gyldig fråvær må dokumenterast.

For korte praksisperiodar som er på tre veker eller mindre, kan andre reglar gjelde. Sjå studieplanen din for meir informasjon.