Retningslinjer for praksis LUPE kroppsøving og idrettsfag

1. studieår

Det første året i LUPE vil praksis vere retta mot 1. – 10. trinn i grunnskulen. Emnet LUPEKP100 kroppsøving og idrettsfag vil bestå av to ulike praksisperiodar, totalt 40 arbeidsdagar. Eitt semester på barnetrinn, eitt semester på ungdomstrinn.

Innhald i emnet LUPEKP100

Praksis i dette emnet vil fokusere på å gi studentane erfaring i å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i kroppsøving, med vekt på å utvikle og legge til rette for gode læringsmiljø der fysisk-motorisk læring hos elevane står sentralt. Studenten skal ha kunnskap om barn og unge sine føresetnader for deltaking i leik og ulike bevegelses aktivitetar, samt bidra aktivt for at elevane opplever meistring og meiningsfylte læringssituasjonar i kroppsøvingsfaget. Studentane sitt arbeid med undervisning i praksisperioden skal til ei kvar tid vere forankra i gjeldande læreplanverk i faget. Arbeid ut frå kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og aktuelle kompetansemål skal difor stå sentralt i studentane sin undervisningspraksis. I emnet er det også vektlagt at studentane er i stand til å reflektere omkring og løyse ulike fagdidaktiske utfordringar som kan oppstå i møtet med ei elevgruppe på barne-/ungdomstrinn. Tema som mellom anna utøving av kroppsøvingslærarrollen, tilpassa opplæring, undervisningsmetodikk og -prinsipp, er retningsgjevande for kva studentane skal utfordrast i gjennom praksisperioden. Det vert også lagt vekt på at studenten skal utvikle kunnskap om samspelet mellom elevar -og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heimsamarbeid. Eit trygt og forutsigbart læringsmiljø kjenneteikna av gode relasjonar mellom lærar og elev -samt elevane seg imellom, er sentralt for elevane si trivsel og deira ønskje om å delta i læringsprosessar som fremjar fysisk-motorisk læring i kroppsøving. Dette er ein viktig føresetnad for å sikre det overordna formålet om livslang rørsleglede, gjengjeve i læreplanen for faget. Relasjonsbygging og profesjonell utøving av kroppsøvingslærarrolla er difor noko studentane særleg skal øvast i.

For meir informasjon om læringsutbytte, sjå emneplan for praksis 1.studieår.

Omfang og organisering

Det skal gjennomførast totalt 40 dagar i praksis på barne-/ungdomstrinn. 20 dagar i løpet av haustsemesteret, og 20 dagar i løpet av vårsemesteret. Studenten skal vere til stades 7,5 timar kvar dag (vanleg arbeidsdag = 1 praksisdag). Studentane vert delt i praksisgrupper. Undervisninga skal fordelast jamt mellom studentane.

Grunnskulepraksis 20 dagar haust (P1) og 20 dagar vår (P2)

Praksis består av to delpraksisar:

P1 haust og P2 vår (eit semester på barnetrinn og eitt semester på ungdomstrinn) 

5 dagar samanhengande observasjonspraksis:

    • Praksisgruppa observerer primært sin praksisklasse, men det er og ynskjeleg at dei kan få observere noko i andre klassar, ulike lærarar og gjerne mest mogleg kroppsøvingsundervisning/kroppsøvingsfaglege aktivitetar, for å gi eit variert og heilskapleg bilete av mangfaldet i arbeidsoppgåver, kroppsøving som fag og grunnskulen som skuleslag.

 15 dagar samanhengande praksis:

    • Studentane skal i etterkant av observasjonsveka gjennomføre 3 veker samanhengande praksis, måndag til fredag.
    • Studentane skal vere til stades 7,5 timar kvar dag, og minst 3 av desse timane skal vere knytt til undervisning, derunder planlegging, observasjon, gjennomføring og evaluering.
    • Praksisgruppa skal gjennomføre noko kroppsøvingsfaglege-/fysisk aktive læringsaktivitetar kvar praksisdag, enten i praksisklassen, ved at dei overtek praksislærar si kroppsøvingsundervisning i andre klassar på barne-/ungdomstrinn eller ved at dei får delta og undervise andre kroppsøvingslærarar si undervisning.

Rettleiing

Studenten skal ha rettleiing før og etter all undervisning. Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i grupper per dag. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også ha ein-til-ein samtale med kvar student minst 3 gonger. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden. Praksislærar har ansvar for at dette blir følgt opp. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.

Studenten skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i god tid i forkant av undervisning eller kroppsøvingsfagleg aktivitet, slik at dei kan få rettleiing på dette. Konkrete avtalar rundt korleis og tidspunkt for slike dokument, må avtalast med kvar einskilde praksislærar. Rettleiinga kan gjennomførast med ein eller fleire praksislærarar, eller faglærar ved behov.

Plan for praksis

I løpet av observasjonsveka skal praksislærar og praksisgruppe utforme ein plan for resten av praksisperioden. Denne skal skriftleggjerast, og det skal kome fram tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvaret og eventuelt andre merknadar. Denne planen skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde, samt å gi eit totalbilete som er med på å sikre at studentane får ei hovudvekt av erfaringar knytt til kroppsøvingsfaget og kroppsøvingsfaglege aktivitetar. Tidspunkt for rettleiing skal også inngå i denne planen. Ein kopi av denne skal sendast til faglærar ved HVL som har ansvar for praksisoppfølging.

 

Praksisoppgåve

Oppmøte. Knytt til læringsutbyttet der studenten aleine eller saman med andre kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i det praktiske og estetiske faget, i tverrfagleg arbeid og utvikling av læringsmiljø.

To skriftlege innleveringar der studenten skal vise kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga, og at studenten skal kunne drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv.

2. studieår

Emnet LUPEKP200 kroppsøving og idrettsfag vil bestå av totalt 30 arbeidsdagar med praksis (omfanget gjeld frå og med kull 25h): 20 dagar praksis i vidaregåande skule (10 dagar haust og 10 dagar vår) og 10 dagar spesialpedagogisk praksis i vårsemesteret.

I skulepraksis skal faglærarane ved høgskulen følgje opp praksisskulane og studentane i praksisperioden.

Innhald i emnet LUPEKP200

Praksis i dette emnet vil fokusere på å gje studentane erfaring i å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i kroppsøving og idrettsfag. Dette skal også gjerast med utgangspunkt i tilpassa opplæring og spesialpedagogisk praksis. Studenten skal ta meir sjølvstendig ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, men og som aktiv observatør i ulike praksiskontekstar. Studentane skal lære om skulen som organisasjon og skulens sitt utviklingsarbeid. Det er ønskjeleg at studentane får planleggje og delta på møte med føresette og elevsamtaler.

Studenten skal ha kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar kroppsøvingsfaget og skal nytte denne kunnskapen til å leggje til rette for utvikling av elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i kroppsøvingsfaget. Denne type kunnskap og kompetanse kan ein tileigne seg gjennom å øve på klasseleiing, relasjonsbygging og tilpassa opplæring i ulike undervisningssamanhengar – også utover kroppsøvingsfaget, og studentane vil difor verta utfordra på å delta i undervisningsaktivitetar også i andre undervisningsfag enn kroppsøving. Kroppsøvingsfaget er tradisjonelt eit lite undervisningsfag i grunnskulen, men fysisk aktiv læring kan nyttas i alle fag og i spesialpedagogisk arbeid.

For meir informasjon om innhald og læringsutbytte, sjå emneplanen for praksis 2. studieår.

P1: 4 veker praksis i vidaregåande skule

Omfang og organisering

20 dagar samanhengande praksis i vidaregåande skule. (Omfanget gjeld frå og med kull 25h.

Praksisgruppa observerer primært sin praksislærar gjennom første veka. Dersom det er mogleg er det ynskjeleg at dei kan få observere fleire klassar/lærarar, og mest mogleg kroppsøving og idrettsfagsundervisning.

Studenten skal vere tilstades 7,5 timer kvar dag (vanleg arbeidsdag er lik ein praksisdag), og minst 3 av desse timane skal vere knytt til undervisning.

I praksis i vidaregående skule skal studentane følgje arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksislærar så langt det er mogleg. Føremålet er å gje eit variert og heilskapleg bilete av mangfaldet i arbeidsoppgåver. I tillegg skal studenten observere når praksislærar og medstudentar underviser og vil bli dratt inn som medlærarar når andre har undervisningsansvaret, til dømes ved gruppedeling eller i elevrettleiing.

Praksis kan også gjennomførast på enkelte andre dagar/kveldar i forbindelse med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtaler, foreldresamtaler, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m.

Rettleiing

All praksis i faglærerutdanninga er rettleia. Rettleinga skal ha fokus på studenten sin refleksjon, vere knytta til måla for kvar enkelt praksisperiode og sikre progresjon for kvar enkelt student.. Før- og etterrettleiing kan gjennomførast individuelt og i grupper. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og det er praksislærar sitt ansvar å sørgje for at rettleiinga blir gjennomført.

Studentane skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggningsdokument i god tid i forkant av undervisning, slik at dei kan få rettleiing på dette. Konkrete avtalar rundt korleis og på kva  tidspunkt desse dokumenta skal leverast, må avtalast med kvar einskild praksislærar. Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i grupper per dag. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også leggje til rette for ein-til-ein samtale med kvar student ein gong i veka. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.

Rettleiinga kan gjennomførast med ein eller fleire praksislærarar, eller faglærar ved behov.

Plan for praksis

På det digitale praksisførebuande møte før praksis eller i løpet av første praksisveka skal praksislærar og praksisgruppa utforme ein plan for resten av praksisperioden. Denne skal skriftleggjerast, og det skal kome fram tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvaret og evt. andre merknadar. Denne planen skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde, samt å gi eit totalbilete som er med på å sikre at studentane får ei hovudvekt av erfaringar knytt til kroppsøving, idrettsfag og kroppsøvingsfaglege og idrettsfaglege aktivitetar. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og inngå i planen. Ein kopi av denne skal innan vekeslutt første praksisveke sendast til faglærar ved HVL som har ansvar for praksisoppfølging.

P2: 10 dagar spesialpedagogisk praksis

Ti dagar praksis innan tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging, med fokus på fysisk aktivitet og inkludering. 

Det vert gjennomført to til tre førebuande møter før praksisstart. Arbeidsmengden skal være 37,5 timer pr uke, derav minst 30 timer på praksisstedet. 

Arbeidsmåtar vil variere mellom praksistadene, og kan vere ein blandling av planlegging og tilrettelegging, observasjon og undervisning. 

Aktuelle praksisstader: forsterka avdeling eller tilsvarande i grunnskule eller vidaregåande skule, Barnas Ridderveke på Beitostølen, eventuelt andre relevante institusjonar.  

Barnas ridderveke vil ha ein annan organisering, då studentene bur saman med deltakarane. Opphaldet går frå laurdag til påfølgande laurdag.  

Rettleiing

All praksis i utdanninga er rettleia. Rettleiinga vil ha fokus på studenten sin refleksjon, vere knytt til måla for praksisperioden. Rettleiinga vil gå føre seg  individuelt og i grupper. Tidspunkt for rettleiing vil variera frå dag til dag og studentane er med å påverkar kva dei ynskjer rettleiing i ut frå situasjonar som oppstår i løpet av veka.

Studentane skal stille førebudde til praksisperioden ved at dei har lest relevant litteratur og løyst oppgåver som vert lagt ut i canvas før praksisperioden tek til.

Vurdering

Praksislærar skal fylle ut vurderingsskjema på kvar student som studenten skal levere inn i Wiseflow.

Studentane som har praksis på Barnas Ridderveke fyller og ut rapport frå opphaldet og leverer denne i Wiseflow. 

 

 

3. studieår

Emnet LUPEKP300 kroppsøving og idrettsfag vil bestå av totalt 20 praksisdagar: 10 dagar i idretten i haustsemesteret og 10 dagar idrettsfag i vidaregåande skule  i vårsemesteret. 

Profesjonsrettleiar/faglærar ved HVL har ansvar for å følgje opp praksisstaden og studentane i praksisperioden.

10 dagar praksis i idretten

Omfang og organisering

  •  10 dagar i idretten

Før praksis skal studentane delta på eit praksisførebuande møte saman med praksisadministrasjonen og profesjonsrettleiar, og eit førebuande møte saman med representanten frå idretten (praksisrettleiar).

Studenten skal:

  • vere tilstades 7,5 timer kvar dag (ein praksisdag er lik ein vanleg arbeidsdag)
  • følge arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksisrettleiar på praksisstaden så langt det er mogeleg. Formålet er å gi eit variert og heilheitleg bilde av mangfoldet av arbeidsoppgåver i idrettslaget, klubben eller organisasjonen der studenten har praksis.

Arbeidsoppgåver kan vere daglege observasjonar og/eller planlegging og gjennomføring av treningsøkter, og refleksjonar og rettleiing knytt til gjennomførte treningsøkter. Det er ønskeleg at studentane deltar i tilrettelegging av arrangement, får delta i eller observere administrativt arbeid, samt vere observatør på styremøter og/eller anna møteverksemd.

Rettleiing

All praksis i faglærarutdanninga er rettleia. Rettleinga skal ha fokus på studenten sin refleksjon, vere knytta til måla for kvar enkelt praksisperiode og sikre progresjon for kvar enkelt student. Før- og etterrettleiing kan gjennomførast individuelt og i grupper. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden, så langt råd er.

Praksisrettleiar har ansvar for at studentane får minimum ein time rettleiing i grupper per dag. I løpet av praksisperioden skal det også leggjast til rette for ein-til-ein samtale med kvar student to gonger. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.

Plan for praksis

På praksisførebuande møte skal studentar og praksisrettleiar saman utforme ein skriftleg plan for praksisperioden. Planen skal innehalde tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvaret, tidspunkt for rettleiing og eventuelt andre kommentarar. Denne planen skal synleggjere avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde for både praksisrettleiar og studentar. Ein kopi av planen skal sendast til profesjonsrettleiar ved HVL før oppstart av praksis.

Praksisoppgåve

Det skal skrivast eit refleksjonsnotat knytt til erfaringar frå praksis, som i etterkant av praksis skal koplast til ein obligatorisk læringsaktivitet i emnet LUPEKI304. Studentane får eige informasjonsskriv om refleksjonsnotatet i forbindelse med første planleggingsmøte for praksis.

10 dagar praksis vidaregåande skule

Omfang og organisering

  • 10 dagar samanhengande praksis i vidaregåande skule i vårsemesteret 

Studentane skal:

  • vere tilstades 7,5 timer kvar dag (ein praksisdag er lik ein vanleg arbeidsdag), og minst 3 av disse timane skal vere knytt til undervisning: planlegging, observasjon, gjennomføring og evaluering.
  • følge arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksislærar så langt det er mogeleg. Formålet er å gi eit variert og heilheitleg bilde av mangfoldet av arbeidsoppgåver.
  • i tillegg til å undervise sjølv; observere når praksislærar og medstudentar underviser og kunne bli inkludert som medlærar når andre har undervisningsansvaret, for eksempel ved gruppedeling eller i rettleiing av elevar

Studentane må også rekne med at noko praksis kan bli gjennomført på ettermiddags- og kveldstid i forbindelse med planleggingsdagar, foreldremøter, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m. Praksis ut over normal arbeidstid skal avtalast seinast i starten av praksisperioden.

Rettleiing
All praksis i faglærarutdanninga er rettleia. Rettleinga skal ha fokus på studenten sin refleksjon, vere knytta til måla for kvar enkelt praksisperiode og sikre progresjon for kvar enkelt student. Før- og etterrettleiing kan gjennomførast individuelt og i grupper. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og det er praksislærar sitt ansvar å sørgje for at rettleiinga blir gjennomført.

Studentane skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i forkant av undervisning, og etter avtale med praksislærar, slik at førrettleiing kan gjenomførast.

Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i grupper per dag. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også leggje til rette for ein-til-ein samtale med kvar student to gonger. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.
Rettleiinga kan gjennomførast med ein eller fleire praksislærarar, og/eller faglærar ved behov.

Plan for praksis
På praksisførebuande møte skal studentar og praksislærar saman utforme ein skriftleg plan for praksisperioden. Planen skal inneholde tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvaret, tidspunkt for rettleiing og eventuelt andre kommentarar. Denne planen skal synleggjere avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde for både praksislærar og studentar. Ein kopi av planen skal sendast til profesjonsrettleiar ved HVL før oppstart av praksis.

4. studieår

Emnet LUPEKP400 kroppsøving og idrettsfag vil bestå av totalt 30 arbeidsdagar med praksis: 20 dagar praksis i vidaregåande skule i haustsemesteret og 10 dagar spesialpedagogisk praksis i vårsemesteret. 

I skulepraksis skal faglærarane ved høgskulen følgje opp praksisskulane og studentane i praksisperioden.

P1: Praksis i vidaregåande skule - haust

Omfang og organisering

20 dagar samanhengande praksis i vidaregåande skule, i kroppsøving og/eller idrettsfag

Studentane skal:

  • vere til stades 7,5 timer kvar dag (vanleg arbeidsdag er lik ein praksisdag), og minst 3 av desse timane skal vere knytt til undervisning
  • følgje arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksislærar så langt det er mogleg. Føremålet er å gje eit variert og heilskapleg bilete av mangfaldet i arbeidsoppgåver
  • i tillegg til å undervise sjølv: observere når medstudentar underviser og bidra som medlærarar når andre har undervisningsansvaret, til dømes ved gruppedeling eller i elevrettleiing

Praksis kan også gjennomførast på enkelte andre dagar/kveldar i forbindelse med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m. Det skal likevel leggast til rette for at for- og etterarbeid kan gjerast innanfor ordinær arbeidstidsramme. Ved eventuell kveldspraksis skal arbeidsdagen forskyvast eller kompenserast for på andre dagar.

Rettleiing 

All praksis i faglærarutdanninga er rettleia. Rettleiinga skal ha fokus på studenten sin refleksjon, vere knytt til måla for kvar enkelt praksisperiode og sikre progresjon for kvar enkelt student. Før- og etterrettleiing kan gjennomførast individuelt og i grupper. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og det er praksislærar sitt ansvar å sørgje for at rettleiinga blir gjennomført.

Studentane skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i god tid i forkant av undervisning, slik at dei kan få rettleiing på dette. Konkrete avtalar rundt korleis og på kva tidspunkt desse dokumenta skal leverast, må avtalast med kvar einskild praksislærar.

Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i grupper per dag. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også leggje til rette for ein-til-ein samtale med kvar student ein gong i veka. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.
Rettleiinga kan gjennomførast med ein eller fleire praksislærarar, eller faglærar ved behov.

Plan for praksis

På et praksisførebuande møte før praksis skal praksislærar og praksisgruppa utforme ein skriftleg plan for resten av praksisperioden. Planen skal innehalde tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvar for kva, og evt. andre merknadar. Denne planen skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde. Planen skal gje eit totalbilete som er med på å sikre at studentane får ei hovudvekt av erfaringar knytt til kroppsøving, idrettsfag og kroppsøvingsfaglege og idrettsfaglege aktivitetar. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og inngå i planen. Ein kopi av planen skal i løpet av første praksisveke sendast til profesjonsrettleiar ved HVL som har ansvar for praksisoppfølging.

P2 - Spesialpedagogisk praksis - vår

Ti dagar praksis innan tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging, med fokus på fysisk aktivitet og inkludering. 

Det vert gjennomført to til tre førebuande møter før praksisstart. Arbeidsmengden skal være 37,5 timer pr uke, derav minst 30 timer på praksisstedet. 

Arbeidsmåtar vil variere mellom praksistadene, og kan vere ein blandling av planlegging og tilrettelegging, observasjon og undervisning. 

Aktuelle praksisstader: forsterka avdeling eller tilsvarande i grunnskule eller vidaregåande skule, Barnas Ridderveke på Beitostølen, eventuelt andre relevante institusjonar.  

Barnas ridderveke vil ha ein annan organisering, då studentene bur saman med deltakarane. Opphaldet går frå laurdag til påfølgande laurdag.  

5. studieår

Emnet LUPEKP500 kroppsøving og idrettsfag vil bestå av totalt 10 arbeidsdagar i haustsemesteret. Praksis kan gjennomførast i grunnopplæring (grunnskule eller vidaregåande), idretten eller andre relevante stadar.

Rettleiar frå HVL vil følgje opp praksisstadane og studentane i praksis.

Omfang og organisering LUPEKP500

Studenten sitt arbeid tilknytt praksis skal tilsvare 10 dagar. 1 dag tilsvarar 7,5 arbeidstimar. Dette timeomfanget skal innehalde undervisnings-/opplæringssituasjonar, observasjon, rettleiing/samtale, førebuing, etterarbeid og arbeid med fagoppgåve. Når det gjeld sistnemnde, må studentane og bruke tid ut over sjølve praksisperioden.

Studentane blir organisert i grupper på 2-4 studentar på kvar praksisstad. På praksisstaden får studentane tildelt rettleiar/praksiskontakt/praksislærar, men kan og delta og observere hos andre i personalet.

I denne perioden skal det vere større rom for sjølvstendig arbeid og refleksjon enn i tradisjonell praksisopplæring. I løpet av perioden skal studenten vere til stades i ulike opplæringssituasjonar relatert til kroppsøving, idrettsfag eller idretten, som har relevans for barn og unge. 

Innhald

I praksisperioden skal du ha eit metaperspektiv på undervisning og andre tiltak i skulen eller frivillig sektor. På masterstudiet må du vere aktiv og sjølv søke ny kunnskap. Det skal vere fokus på å prøve ut arbeidsmåtar, modellar, tema eller tverrfaglege opplegg. Du kan jobbe med prosjekt, for eksempel evalueringar eller utprøvingar, dersom praksisstaden ønsker det.

For dei som har praksis i skule: det vil vere interessant for deg å studere kroppsøving og idrettsfag i heile skolemiljøet, og det er avgjørande for læringsutbyttet ditt at du får snakke med ulike aktørar i skulemiljøet, slik som skuleleiarar, lærarar, elevar, miljøarbeidarar, helsesjukepleiarar og andre fagpersonar. Samtaler med eller møte i FAU, eller med aktørar i nærmiljøet som samarbeider med skulen, vil også kunne vere nyttig. Du kan observere, delta i eller prøve ut undervisningsopplegg, eller på andre måtar få inngåande kunnskap om korleis skulen arbeider med fysisk aktivitet, kroppsøving, idrettsfag og kanskje nærliggande tema som f.eks kosthald, friluftsliv, trivselsaktivitetar eller SFO som ein del av danningsarbeidet i skulen. Vi vil oppfordre studentane til å prøve ut ulike undervisningsopplegg, for eksempel modellen Lesson Study (LS), i løpet av praksisperioden. Dette krev at praksisskulen legg til rette for at ei gruppe med lærarar kan delta i planlegging og gjennomføring av eit LS-opplegg og refleksjon rundt det. Det må settast av tid til ein "Research Lesson".

For dei som har praksis i idretten, idrettsadministrasjon, kommunal administrasjon eller liknande: det er sentralt at du får samtaler og observasjonar med fagfolk som kan gi deg innsikt i ulike forvaltningsnivå, beslutningsprosessar, økonomi, samhandling mellom ulike aktørar, og at også brukarperspektivet er i fokus. 

Vi oppmodar alle om å skrive feltdagbok gjennom praksisperioden. Eit kort notat for kvar praksisdag, og ein tekst der du reflekterer rundt eiga læring og danning i perioden (500-1000 ord). Målet er å auke læringa i praksisperioden.

For meir informasjon om innhaldet i perioden, sjå emneplan LUPEKP500.

 

Forslag til tematikk

Nedanfor finn du ei liste med forslag til tema som du og praksislærar/-rettleiar kan ta utgangspunkt i når de skal lage ein plan for praksisen. Listen er ikkje uttømmande og de må sjølv vurdere kva som kan vere relevant.

  1. undervisning: organisering, innhald, arbeidsmåtar, læreplan
  2. rammefaktorar: fasilitetar ute og inne, nærmiljø og lokalsamfunn etc.
  3. opne landskap, utstyr inne og ute 
  4. føringar i styringsdokument eller frå skuleeigar, ny forsking, politiske utspel/føringar, dagsaktuell tematikk, utfordringar (tenk vidt)
  5. Føringar i styringsdokument for idretten eller frå kommunen, lover og forskrifter
  6. økonomi (styring, krav, rapportering, søknad etc.)
  7. kartlegging som skulen eller idretten bruker i sitt arbeid
  8. arbeid og satsing knytt til fysisk aktivitet på skulen i samband med fag, friminutt, fritimer etc.
  9. arbeid og satsing knytt til kosthald, skulemåltid, matpakke, kantine, frukt-/melkeavtale etc.
  10. andre satsingar på praksisstaden sett frå elev-, deltakar-,  lærar- og/eller leiingsperspektiv
  11. korleis praksisstaden arbeider med profesjonsutvikling
  12. bruk av ulike arbeidsmåter, for eksempel uteskole, drama, Lesson Study, etc. eller ulike treningsfilosofiar som idrettslaget arbeider etter
  13.  samarbeidspartnarar skulen eller idrettslaget har i nærmiljøet (offentleg, privat eller frivillig sektor)
  14. bruk av ulike lærings- og danningsarenaer (natur og nærmiljø)
  15. spesifikke faglege emne, for eksempel fair play, friluftsliv, dans eller vinteraktivitetar, elitesatsing etc.
  16. spesifikke faglege emne som tverrfaglege tema, temadagar, leirskule, First Lego League, Nysgjerrigper, Fiskesprell etc.
  17. kompetansekrav i svømming og ferdigheitsprøven
  18. vurdering, det fleirkulturelle, dei fem grunnleggjande ferdigheitene etc.
  19. testing, konkurransar, forskaropplegg for elevane etc.
  20. tiltak som elevane eller skulen ønsker å evaluere, prøve ut, studere eller diskutere
  21. fysisk aktivitet på mellomtrinnet
  22. fysisk aktivitet som metode og som helsetiltak
  23. fysisk aktivitet i skulefaga eller på ettermiddagen (vgs)
  24. friminuttaktivitet, trivselsleikar (1.-7.trinn) og miljøskapande faktorar innanfor dette fagfeltet
  25. elevstemma/elevinvolvering, utøvarstemma/utøvarinvolvering
  26. samarbeid med foreldra sitt samarbeidsutval (FAU)
  27. SFO (1.-4.trinn): mattilbod, ansvar, ute/inne
  28. transport til og frå skulen
  29. AktiVane (1.-10.trinn)
  30. inkludering av kroppsøving, mat og helse eller valfaga i ungdomstrinnsatsinga (8.-10.trinn)
  31. satsing på klasseleiing
  32. satsing på toppidrett
  33. kompetanse for kvalitet eller anna kompetanseheving for personalet ved skulen
  34. lærande organisasjon
  35. kantinetilbod: ansvar, utval, rammer
  36. strategiar for å auke berekraft
  37. berekraftig utvikling sett i lys av kroppsøving, idrettsfag og valfaga (8.-10.trinn)
  38. retningslinjer for mat og måltid i skule og SFO; tid, aktivitet, hygiene
  39. anna som studenten eller skulen ønsker
  40. det fleirkulturelle
  41. tilpassa opplæring
  42. tilrettelegging for elevar med spesielle behov
  43. bruke Lesson Study og gjennomføre ein "Research Lesson"
  44. anna som er spesielt for denne praksisstaden
  45. styremøte, trenermøte, trenersamlingar eller anna i regi av idrettslag eller krets
  46. Det samiske - knytt til verdigrunnlaget i Overordnet del
  47. Dei tre tverrfaglege temaa  - knytt til LK20
  48. kartlegge nærmiljøet rundt skulen

 

Rettleiing

Rettleiing

I løpet av praksisperioden skal du og praksisrettleiaren din gjennomføre 5-10 timar rettleiing, dersom rettleiingsgruppa består av 3-4 studentar. Samtalene kan vere både gruppevis og individuelt. Faglærar ved høgskulen deltar og som rettleiar.

Studenten skal stille førebudd til rettleiingssamtaler og må vere aktiv i praksismiljøet.