Betre forståing av faget sin grunnmur

Intensivsjukepleiar Ken Åge Kårstad beskriv seg sjølv som ein nysgjerrig person. Eit ønske om å forstå og vurdere grunnlaget for kunnskap som helsetenesta er bygd på, førte han til master i kunnskapsbasert praksis ved HVL.

Navn: Ken Åge Kårstad
Alder: 50
Utdanning: Master i kunnskapsbasert praksis
Jobbar som: Intensivsjukepleiar (50%) og fagutviklingssjukepleiar (50%) ved Medisinsk intensiv og overvaking ved Haukeland Universitetssykehus

- Vidareutdanninga mi i intensivsjukepleie gav meg god kompetanse til å utføre intensivsjukepleie, men sette meg ikkje i stand til å forstå og vurdere kunnskapsgrunnlaget som faget mitt er bygga på, seier Ken Åge.

Får utvikle sjukepleiartenesta

Ken Åge Kårstad har jobba ved Medisinsk intensiv og overvaking ved Haukeland Universitetssykehus i snart 20 år. I jobben som fagutviklingssjukepleiar har Ken Åge alltid lupa på betring av praksis.

- Kvalitetsbetringsarbeidet inkluderer mellom anna utvikling og implementering av lokale retningslinje, sette i gang og gjennomføre kvalitetsbetringsprosjekt og ulike formar for tilrettelagt undervising, seier han.

Han leier avdelinga si tverrfaglege simuleringsgruppe.
- Som intensivsjukepleiar har eg ansvar for å utøve god sjukepleie til pasientane og deira familie. God intensivsjukepleie fokuserer på å førebygge komplikasjonar, lindre smerte og ubehag og gjennomføre intensivmedisinsk behandling på ein trygg og effektiv måte.
Ken Åge har jobba ved Medisinsk intensiv og overvaking ved Haukeland Universitetssykehus sidan 2003.

På spørsmål om kva han synest er det beste med jobben, svarer han;
- Det er at eg arbeider i klinisk praksis med pasientar, samstundes som eg får arbeide med å utvikle sjukepleietenesta i vår intensivavdeling.

Ønska svar - søkte kunnskapsbasert praksis

Motivasjonen til Ken Åge for å gjennomføre masterutdanninga i kunnskapsbasert praksis var å forstå og vurdere kunnskapsgrunnlaget som helsetenesta bygger på.

- Vidareutdanninga mi i intensivsjukepleie gav meg god kompetanse til å utføre intensivsjukepleie, men sette meg ikkje i stand til å forstå og vurdere kunnskapsgrunnlaget som faget mitt er bygga på. Eg er ein nysgjerrig person med stort informasjonsbehov og stiller derfor ofte kliniske spørsmål til praksis. Utfordringa var at eg ikkje var i stand til å finne svar på dei spørsmåla eg hadde, noko eg opplevde som lite tilfredsstillande. Eg har alltid hatt eit ønske om å bidra til at intensivsjukepleiarpraksis er i tråd med god forskingsbasert kunnskap, og derfor var det naturleg for meg å søke opptak ved HVL sitt masterprogram i kunnskapsbasert praksis.

Vurdere praksis

Ken Åge fortel at han på mange måtar har fått god nytte av utdanninga i jobben sin.
- Kompetansen som masterprogrammet i kunnskapsbasert praksis har gitt meg bruker eg mellom anna til å utvikle kunnskapsbaserte lokale prosedyrar og systematisk implementere dei. Samstundes har eg skrive fram og leia arbeidet med fleire kvalitetsbetringsprosjekt på min arbeidsplass.

Han legg til at han ofte tenker at han som intensivsjukepleiar har to oppgåve:
- Å utøve god intensivsjukepleie og samstundes vurdere om den praksisen me gjennomfører kan bli betre. Sistnemnde krev at eg som intensivsjukepleiar har kunnskap om forskingsmetode, statistikk, kritisk vurdering av forsking, implementering og betringsmetodikk. Alle desse tema opplevde eg blei godt vektlagt i masterprogrammet i kunnskapsbasert praksis. Fordjuping i implementerings- og betringsmetodikk trur eg er spesielt for dette masterprogrammet, noko som er svært nyttig når ein dagleg arbeider med pasientar.

- Ein tryggare og betre intensivsjukepleiar

Han vil gjerne anbefale masterstudiet til andre, og påpeiker at alle delar av den offentlege helsetenesta meir enn nokon gong etterspør kompetanse om betringskunnskap.

- Dette masterprogrammet vektlegg nettopp dette fagområdet, noko som gjer deg kompetent til å fordjupe deg i forskingsmetode, statistikk, litteratursøk og litteraturhandsaming. Dette opplever eg som nødvendig kompetanse innanfor betringsarbeidet. Eg meiner oppriktig at masterprogrammet i kunnskapsbasert praksis har gjort meg til ein mykje tryggare og betre intensivsjukepleiar, seier Ken Åge Kårstad.