Brenn for realfag

– Mange, kanskje spesielt jenter, trur dei må ha 5 eller 6 i matte for å søke seg til realfagsstudium. Det er ikkje tilfellet. Eg vil oppfordre fleire til å tørre å prøve, seier branningeniørstudent Anniken.

Namn: Anniken Lossius Sagli
Kjem frå: Kristiansund
Studerer: Bachelor i branningeniør
Campus: Haugesund

Ho har ikkje alltid vore glad i matematikk, og valde bort realfag siste året på vidaregåande. No er branningeniørstudenten prosjektleiar i ENT3R i Haugesund, der ho hjelper ungdom med matte.

Anniken går tredje året på bachelor i branningeniør ved campus Haugesund - Norges einaste branningeniørutdanning. Her utdannar ho seg til ein spannande jobb, der nokre av hovudoppgåvene er å planlegge og sette i verk førebyggande tiltak som hindrar og reduserer konsekvensane av brann.

Tresemesterordning – ein genial veg om ein manglar matte og fysikk

Då Anniken var i forsvaret, begynte tankane å kverne på kva ho skulle gjere vidare. Ho synest ingeniørutdanning virka spennande, men tenkte at det ville bli vanskeleg då ho hadde valt bort realfag siste året på vidaregåande. Så tipsa mor hennar om tresemesterordninga som blir tilbydd ved HVL. Om ein har generell studiekompetanse, men manglar den nødvendige fordjupinga i matte og fysikk, er dette ei ordning der ein tar matte om sommaren og fysikk om hausten, medan ein startar på ingeniørutdanninga. Anniken hadde ingen kjennskap til Haugesund, men valte å sette kursen mot hamnebyen for å ta fatt på sommarkurs og branningeniørutdanning.

Anniken trivst godt på branningeniørstudiet. Ho fortel at dei mellom anna lærer om lovverk og vedlikehald, og at ein ofte har praktiske oppgåver i brannlaben på campus. Sistnemnde likar ho spesielt godt.

Haugesund – korte avstandar og gode jobbmoglegheiter

Anniken fortel at ho møtte eit levande studentmiljø då ho kom til Haugesund.  

- Eg blei raskt kjend med folk, og her er eit aktivt studentmiljø der det alltid er noko som skjer.

- Det som også er veldig fint i Haugesund, er at det alltid er mogleg å spørre lærarane om det er noko ein lurar på. Om eg fortel dette til andre som studerer andre stader blir dei gjerne litt overraska over at ein berre kan gå å banke på døra for å spørre om noko.

Anniken vil anbefale branningeniørstudiet ved HVL til andre.

- Det er den einaste branningeniørutdanninga i Norge, ein kjem fort ut i jobb og har ei grei startløn oppsummerer ho.

Ho opplever også at utdanninga i Haugesund har tett kontakt med næringslivet i regionen, og at det er gode moglegheiter for å både få seg sommarjobb og jobb medan ein studerer.

Anniken har hatt relevant sommarjobb dei siste somrane, der ho har fått god nytte av kunnskapane frå studiet.

- Då eg var ute i jobb opplevde eg at eg som student både fekk mykje tillit og blei tatt seriøst.

Hjelper andre med matte

Ved sidan av branningeniørstudiet har Anniken deltidsjobb som prosjektleiar i ENT3R i Haugesund. Dette er eit gratis tiltak i regi av Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, der elevar på 10. trinn og på vidaregåande skule som ønskjer hjelp i matte og realfag får god hjelp av studentar som sjølve studerer realfag og ingeniørfag. Anniken fekk høyre om prosjektet gjennom ein studentassistent, og synest det er ein veldig spennande jobb å ha ved sidan av studiet.

- Det er ein fin deltidsjobb, der ein også får repetert litt matte sjølv, smiler ho.

Anniken beskriv sitt forhold til matte før ingeniørstudiet som eit «elsk-hat-forhold». Ho trur at litt av grunnen til at ho valde bort realfag tredje året på vidaregåande, var tanken på at det ikkje var «vits» fordi ho ikkje var «flink nok» til å bruke faga til vidare utdanning uansett.

- Dermed måtte det litt modning, og eit forkurs som det faktisk gjekk veldig bra på, til for å våge å begynne på studiet. Men i ettertid skjønar ein jo at det berre er tull, og at ein kan søke seg til kva som helst studium så lenge ein er villig til å legge ned ein innsats. Så eg vil oppfordre fleire til å tørre å berre prøve. Anten så går det bra, eller så går det over, seier branningeniørstudenten.

Kan dette vere eit studium for deg? Les meir om bachelor i branningeniør.