– Eit framtidsretta og spennande yrke

Hans Andreas Torsvik og Kristoffer Berg Kårstad utdannar seg til elkraftingeniørar i Førde. Med det grøne skiftet vil kompetansen deira bli ettertrakta i framtidas arbeidsmarknad.

Både Hans Andreas og Kristoffer visste at det var ingeniør dei ville bli. For Hans Andreas var utfordringa å finne ut kva retning innan ingeniørfag han skulle velje.

– Eg har nok tenkt på ingeniør som ein som typisk jobbar med bygg, elektro eller mekanikk. Då eg kom over elkraftstudiet tenkte eg at dette var litt annleis og at det var verdt å sjå nærare på. Her får eg lære mykje om det som fasinerer meg og det eg tidlegare har lurt på i forbindelse med kraftproduksjon, seier han. 

– Eg valte elkkraft fordi det er ei veldig framtidsretta og spennande yrkesretning med mange moglegheiter. Eg kjenner fleire innan fagområdet som eg forhøyrde meg med før eg søkte, og eg har ikkje angra på valet i ettertid, fortel Kristoffer.

Prosjekt i samarbeid med næringslivet

Begge to går siste året på elkraftstudiet i Førde, og er no i full gang med å jobbe med bacheloroppgåva. Hans Andreas skriv ei oppgåve for Sunnfjord Energi Nett. Den handlar om å implementere sensorar i kabelnett med mål om å redusere kostnad for ikkje-levert energi. 

Kristoffer skriv ei oppgåve for Myklebust Verft. Her er målet å oppgradere det eksisterande landstraumanlegget og analysere kva fordelar dette har, både med tanke på miljøavtrykk, HMS og økonomi. 

Teori og praksis

Studiet i elkrafteknikk er både teoretisk og praktisk retta. I samrbeid med lokale energiverksemder har høgskulen fått etablert ein moderne lab der studentane får sett teorien ut i praksis. Dette har i stor grad vore med på å auke læringsutbytte, meiner dei. 

– Det er eit godt samhald blant studentane i klassen. Dei fleste har ulik bakgrunn og ulike erfaringar. Nokre er sterke teoretisk, andre praktisk. Dette gjer at vi lærer av kvarandre, noko som styrkar samhaldet og læringa, seier Hans Andreas. 

Dei peikar på det er eit godt miljø mellom førelesarar og studentar på høgskulen.  

– Vi får god oppfølging av svært kompetente førelesarar, fortel dei. 

Framtidsplaner

Kva er så planen deira vidare? Kva drøymjobben når dei er ferdig utdanna? 

Begge har søkt seg vidare på masterstudium i elkraft ved HVL i Bergen. Kristoffer søkjer også på jobbar og ser kva moglegheiter som byr seg. Sidan han er meir praktisk anlagt, er drøymejobben å få reise rundt og drive problemløysing og utføre sørvisoppgåver på ulike anlegg. Hans Andreas ønskjer ein jobb innan produksjon av elektrisk kraft. 

Vi ønskjer dei framtidige elkraftingeniørane lukke til vidare!