Hybel i Bergen

Er du på jakt etter studentbustad?

Kva er viktig å tenke på?

Vi rår deg til å søke etter bustad så tidleg som mogeleg. Akkurat rundt semesterstart kan det vere vanskeleg å finne hybel.

Viss du er usikker på kor du ønskjer å bo, kan du sjekke denne boligguiden. 

Ikkje ta til takke med ein bustad med for dårleg branntryggleik. Tenk branntryggleik når du leiger!

Brannsikkerheit

Tenk gjennom korleis du skal komme deg ut av bustaden viss det skulle starte å brenne. Held rømmingsvegane ryddige. Sørg for at bustaden har røykvarslar og at batteriet fungerer. Sørg for at bustaden har fungerande sløkkeutstyr og at du veit korleis du skal bruke det. Held alltid oppsikt med komfyren når han er i bruk.

Studentbustad hos Sammen

Som student i Bergen kan du søke om bustad gjennom Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen). Dei tilbyr 4396 hyblar både i og like utanfor Bergen sentrum, og har bustadar både for einslege, par og for barnefamiliar.

Sjekk meir informasjon og søk om bustad på nettsida.

Leige privat

Det er mange studentar som vel å leige privat. Det er vanlegvis dyrare på den private leigemarknaden, og prisane aukar jo meir sentralt du ønsker å bu. Mange vel å bu saman med andre studentar i kollektiv, noko som normalt vil vere billegare enn om du bur åleine.

Dei mest vanlege nettsidene er hybel.no og finn.no. Her kan du også legge ut annonse «ønskes leid». 

Korttidsleige på Montana

Bergen Hostel Montana har reduserte leigeprisar for studentar ved HVL.