
Relevant jobb når du studerer i Førde
Tar du teknologiutdanning i Førde kan du få relevant jobb mens du studerer.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sunnfjord Utvikling og Høgskulen på Vestlandet vil gjere det enklare for studentar å få seg jobb i Førde under studiet. Prosjektet studentjobb har fått med seg bedrifter som tilbyr løna relevant erfaring for studentar som går på teknologiutdanning i Førde.
Dei fleste stillingane er på 25-50 prosent slik at du kan kombinere jobb og utdanning. Lønn, arbeidstid og oppgåver vert avtalt direkte med arbeidsgjevar.
Studentjobb gjer at du kan bygge CV-en frå første dag. Studentjobbane følgjer studieåret, og er tilrettelagt med tanke på eksamen og obligatorisk undervisning.
Studentjobb gjeld for desse studia:
Slik fungerer det:
Er du interessert i studentjobb i Førde kan du ta kontakt med Hans Jakob Reite: hans.jakob.reite@hvl.no
Bedrifter som er med i studentjobb:
- Sweco Norge AS
- Enivest AS
- HAVlandet Havbruk
- Nordic Mining
- iteam
- Tibber
- Digital Revisor AS
- Sunnfjord kommune
- Norconsult AS
- Førde Sementvare AS
- Fjord1
- Åsen og Øvrelid
- Vestland fylkeskommune
- Fjordane Engineering AS
- O Drage Entreprenør AS
- Intin
- Bitmynt
- Consto
- Hellenes
- Retrams
- Sparebank 1 Sogn og Fjordane
- Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
- SFE
- Norse Feedback
- Renasys
- NorTekstil