Fem grunnar til å studere i Haugesund

Velkommen til Haugesund - ein liten storby der det skjer mykje! Uansett kva utdanning du vel får du god oppfølging, og du treng ikkje bekymre deg over høge leigeprisar.

1. Trygt studiemiljø og god kontakt med forelesar

Studentar ved Campus Haugesund skryt av tett kontakt mellom student og lærar – uansett kva du studerer. Alt er samla på ein plass, og det er lett å banke på ei dør om det er noko du lurer på.

2. Gode moglegheiter til å få jobb og erfaring

Haugalandet og Haugesund er ein region i vekst og her er det høve til å få gode jobbar og erfaring frå arbeidslivet under og etter studiane.  

3. Lett å være aktiv

Haugesund har mange moglegheiter til å fylle fritida med interessante aktivitetar enten du interesserer deg for klatring, ishockey, fotball, friidrett, curling eller tennis.

4.Tett på havet

Frå byen er det kort veg til nokre av Norges finaste sandstrender. Det er mange plassar å utforske i dette rike kystlandskapet, enten du ferdes til lands eller til vanns finst der mange moglegheiter til flotte naturopplevingar, fisking eller surfing.

5.Yrande liv!

Byen Haugesund har mykje å by på! Her finn du eit rikt kulturliv med mange konsertarenaer, kafear og uteplassar og byen er kjend for spennande festivalar som Filmfestivalen og Sildajazzen.

Det beste med å bu i Haugesund er at det er en liten storby med alt ein treng. Byen har også eit veldig bra studentmiljø og uteliv.

Maren Ullestad, student.