
Hybel i Haugesund
Studentbustadene i Haugesund er plassert på to ulike stader, begge med gangavstand til campus. Dei nyaste bustadene ligg midt i sentrum og var ferdige for innflytting hausten 2015.
Studentsamskipnaden Sammen har bustader til kring 300 studentar i Haugesund. Dei har fleire ulike typar studentbustader, som dekker ulike behov: familieleilegheiter, par-leilegheiter, dubletthyblar og hyblar og leilegheiter for deg som vil bu aleine.
Det er sosialt og rimeleg å bu i ein studentbustad. Tildelinga av hyblar og leilegheiter startar samtidig som fristen til å søke om studieplass,15. april. Dersom du skal ha størst mogleg sjanse til å få akkurat den bustaden du har lyst på, bør du søke tidleg. Du kan altså søke om studentbustad før du veit om du får studieplass. Ofte får du tilbod om studentbustad før du får tilbod om studieplass. Du har moglegheit til å kansellere leigeavtalen dersom du ikkje får studieplass i hovudopptaket 20. juli.
Les meir om Studentsamskipnaden sine bustader i Haugesund.

