Kjøkkeninteriør

Hybel på Stord

Studentsamskipnaden Sammen har 130 studentbustader plasserte på campus i «tøffelavstand» til høgskulebygga. I Leirvik sentrum finst det også gode og rimelege bustadalternativ på den private marknaden.

På campus kan du velje studentbustad utfra ditt behov. Vi har familieleilegheiter, parleilegheiter, dubletthyblar, universell utforma hyblar, og hyblar og leilegheiter for deg som vil bu aleine.

Les meir om studentsamskipnaden sine bustader på Stord.

Søk hybel tidleg

Det er sosialt og rimeleg å bu i ein studentbustad. For å ha størst mogleg sjanse til å få akkurat den bustaden du har lyst på, bør du søke tidleg. Tildelinga av hyblar og leilegheiter startar samtidig som fristen til å søke om studieplass,15. april. Du kan altså søke om studentbustad før du veit om du får studieplass. Ofte får du tilbod om studentbustad før du får tilbod om studieplass. Du kan kansellere leigeavtalen dersom du ikkje får studieplass i hovudopptaket 20. juli. 

Fleire av studenthyblane er nyleg pussa opp. Her kan de sjå fleire bilde av kor fint det har blitt!

Interiør studentheimen 1.jpgHeimen forside 1 kopi.jpg

CampusStord.jpg

Heimen forside 2 kopi.jpg