- Bruker meir krefter enn før på å få alt til å vere greitt

Ei ny helseundersøking blant studentar viser at koronaåret har teke på. Fleire enn før slit med einsemd og mørke tankar, og dei er misnøgde med den digitale undervisninga.

I kantina i Campus Førde er det temmeleg tomt denne måndags føremiddagen, slik som det har vore dei fleste dagane det siste året, etter koronapandemien råka. Men kring eit bord sit fire studentar frå ingeniør forkurs og pratar og drikk kaffi i lag. Dei kan bekrefte hovudfunnet i undersøkinga: at studentar kringom i landet har opplevd at studentkvardagen blei vesentleg tyngre det siste året.

- Eg kjente ingen her då eg flytta hit, men heldigvis har eg ein sambuar. Viss ikkje det var for henne, trur eg at eg hadde blitt galen! seier Ingrid Valde.

- Det går jo greitt, men eg kjenner eg bruker langt meir krefter enn før på å få alt til å vere greitt. Dei små tinga som vanlegvis gir glede i kvardagen – mange av dei har falle vekk.

Misnøye med digital undervisning

Studentanes Helse- og Trivselsundersøking (SHoT) blir vanlegvis gjennomført kvart fjerde år, men etter koronaåret bestemte styringsgruppa for SHoT å gjere ei tilleggsundersøking. Den førre undersøkinga var i 2018. Det er studentskipnadene SiO, Sit og Saman som står bak, og Folkehelseinstituttet har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå dei.

Nokre av hovudfunna i år er:

  • Det har vore ein betydeleg auke i rapporterte psykiske plagar frå 2010-undersøkinga og fram til i år, og særleg frå 2018 og fram til våren 2021. No rapporterer nesten halvparten av alle studentar å ha eit høgt nivå av psykiske plagar
  • 18 prosent rapporterer å ha ei psykisk liding, og det vanlegaste er depresjon eller angst
  • Meir enn 4 av 10 slit mykje med søvnen
  • Heile 44 prosent saknar ofte nokon å vere saman med
  • 7 av 10 studentar vurderer den digitale undervisninga som dårlegare eller mykje dårlegare samanlikna med tradisjonell undervisning

 Tala for Høgskulen på Vestlandet ligg tett på dei nasjonale funna. HVL skårar noko betre på sjølvrapportert psykisk helse blant studentar, men dårlegare på tilfredsheita med den digitale undervisninga. Generelt rapporterer studentane overalt at dei mislikar digital undervisning fordi dei saknar kontakt med læraren og medstudentane sine.

- Desse resultata var ikkje overraskande, sidan dette er signal vi alt har fått gjennom dialog med studentane våre og frå Studiebarometeret. Men det er klart vi er uroa og tek dette på alvor. Særleg når det gjeld einsemd og psykisk helse. Her gjer vi fleire grep for å bøte på situasjonen, men det finst ingen kvikk fiks på det, seier prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik.

- Vanskeleg å konsentere seg

Dei fire studentane kring bordet i kantina i Førde kan bekrefte at digital undervisning kan vere krevjande på fleire vis. Innan faget deira synst dei det er ekstra viktig med nærleik til læraren:

- Det er mykje rekning og oppgåveløysing, og då er det vanskeleg å få hjelp over skjerm når du står fast. Du vil helst ha læraren til å sjå notatblokka di, seier Ingrid Valde.

- Dessutan er det lett å miste konsentrasjonen når du følgjer undervisninga heimanfrå, for då er det lett å bli opphengt i andre ting. Rydding, for eksempel. Det kan vere vanskeleg å konsentrere seg, så eg har hamna to kapittel bak i matte! seier Thea Sofie Strømmen.

- Og når du først hamnar bakpå i eit fag som matte eller fysikk, då hopar det seg fort opp, og det er vanskeleg å kople seg på igjen, seier Jørgen Løvseth.

- Det er mykje lettare å lære i lag med andre – når du er på skulen og har folk rundt deg, seier Jo Martin Slåtten.

- For min del handlar det også mykje om å sakne ein struktur på dagen. Med fysisk undervisning så står du opp, drar på skulen og jobbar, og drar heim for å slappe av. Mens no blir alt meir utflytande, seier Ingrid Valde.

HVL prioriterte opne campus

Prorektor Bjørg Kristin Selvik ser at HVL må ta eit grep for å heve kvaliteten på den digitale undervisninga, der studentane rapporterer mindre utbyte enn gjennomsnittet i landet elles. Her er det mellom anna aktuelt med meir opplæring til fagfolk som held undervisninga.

Men elles ser ho at HVL har gjort ein del gode grep for å gjere situasjonen under korona mest mogeleg normal. Ein hovudprioritet har vore å halde campusane opne sjølv når det ikkje var fysisk undervisning, også når andre campus, for eksempel UiB, valde å stenge ned. Berre Campus Haugesund måtte stenge heilt ned i ein kortare periode, då smittetala auka i byen.

- Vi valde å ha is i magen og halde campusane opne, og det trur eg var lurt. I tillegg har vi  i god dialog med Saman gått inn for å ha eit kantinetilbod, så sant det har vore mogeleg, seier Selvik.

- Eg ser også lyspunkt i undersøkinga – mellom anna at studentane trenar meir enn før, og at situasjonen ikkje har gått ut over studieprogresjonen. Dei greier framleis å fullføre studia sine i same tempo som før. Det tydar på at dei ikkje har falle heilt ned i passiviteten!

Elles har HVL tilsett studentassistentar som skal følgje opp førsteårsstudentar i mindre grupper, og dette tiltaket kom i gang i vår. Eit par studieprogram har oppretta ein mentorordning som skal syte for både falgeg og sosial integrasjon av nyare studentar. Og elles har også Saman mange tiltak for å støtte studentar ekstra.

- Vi er svært glade for tilgangen til campusane, som har vore godt tilrettelagde for å unngå smittespreiing, seier Marie Charlotte Moilanen frå Studenttinget ved HVL.

Det gode og det vanskelege med skjermlivet

Dei fire kring bordet i kantina i Førde fortel at det kan vere lett for å komme i lågt humør og kjenne seg isolert når veldig mykje av både undervisning og sosialt liv går føre seg på skjerm.

- Når du bruker dagane på å stire mykje på skjerm, er det lett for at du går mykje innom sosiale medium, der det ser ut som alle andre i verda har det svært flott. Men som regel lever dei du ser der inne, ikkje oppe i skyene! Og det er lurt å hugse på, reflekterer Jo Martin Slåtten.

Samstundes har den digitale verda også vore redninga, både for å halde det gåande med utdanninga og det sosiale, påpeiker Jørgen Løvseth:

- Eg møter andre mykje gjennom gaming, og det er kjekt. Då kan ein ha kontakt med folk frå overalt, seier han.

- Det som også hjelper å tenkje på, er at vi alle er i same båt.