Sterkare saman som ny høgskule

- Å fusjonere er ikkje det same som å miste seg sjølv, det er å bli noko meir i eit fellesskap, sa statsminister Erna Solberg under den offisielle opninga av Høgskulen på Vestlandet.

Høgskulen i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har offisielt blitt til Høgskulen på Vestlandet. Tysdag vart den nye institusjoenen markert med eit storstilt opningshow på campusane med både statsminister, statsråd og andre prominente gjester til stades, medan lokale artistar sto for underhaldninga.

– Målet vårt er å bruke ressursane betre i felleskap. Til dømes kan de no tilby masterutdanning til lærarar for første gang. Det er bra å trekke vekslar på tre lærarutdanningsmiljø med kvar sine styrker, sa Solberg. 

Men fusjonsprosessen har ikkje gått smertefritt, noko Solberg også på humoristisk vis var inne på i talen sin: 

– Då regjeringa kom med utfordringa i 2014 skal eg ikkje legge skjul på at de her i Sogn og Fjordane responderte i aller beste vestlandstradisjon med å stritte imot av alle krefter. Men det kom noko godt ut av desse motkreftene. De har hatt ein grundig prosess og ein open debatt som har ført fram til ei løysing som har vakse fram frå dykk til det beste for Vestlandet og Norge.  

39 millionar til vidareutvikling

Statsministeren kom heller ikkje tomhendt til opninga. Med seg hadde ho ei pengeløyving på 39 millionar kroner som skal gå til arbeidet med å utvikle den nye institusjonen. 

– Men utdanning er eigentleg ikkje ein utgiftspost, det er ein inntekstpost. Og gevinsten kjem til å bli stor dersom de lukkast, poengterte Solberg. 

Det var ein stolt og audmjuk rektor Berit Rokne som ønska velkommen til høgskulen som vil romme omlag 16 000 studentar og 1800 tilsette. 

– Vi vil vidareutvikle studiestadane for å ivarta regionsprofilen og vi skal svare på omstillings- og endringsbehova som kjem. For å klare dette må vi vere ein konkurransedyktig og attraktiv institusjon for studentar og tilsette. 

– Det er kraft og utholdenhet i vestlandsfolket. Eg gler meg til å ta fatt på det viktige arbeidet med å vidareutvikle den nye institusjonen saman med dykk alle, sa den nytilsette rektoren. 

Ny kunnskapsveg med breiare studietilbod

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen framheva at det allereie har dukka opp spennande samarbeidsprosjekt der fleire nye mastertudanningar er på trappene. 

– På mange måtar er dette opninga av ein ny kunnskapshovudveg på Vestlandet - ein veg som bind regionen saman. Det er ikkje enkelt å fusjonere, men moglegheitene i å bli ein større og sterkare institutsjon er enorme, sa Isaksen.