Sviktar på løysing for fleircampusinstitusjonar

I dag kom rapporten frå utvalet som har sett på løysingar for eit betre og enklare finansieringssystem for høgare utdanning. – Utvalet har diverre ikkje lukkast med å legge grunnlag for eit godt finansieringsopplegg for fleircampus-institusjonar, seier rektor Gunnar Yttri.

Han fortel at eit viktig punkt i mandatet til utvalet nettopp var å sjå på finansieringsløysingar for fleircampusinstitusjonar. På dette punktet var det få gode svar i rapporten som i dag blei overlevert av leiar i utvalet Siri Hatlen til forskings -og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

HVL vil bidra

– Vi veit at dei nye fleircampusinstitusjonane med sitt store geografiske nedslagsfelt spelar ei grunnleggjande rolle for tilgangen til utdanning og forsking i heile landet.

– Men vi veit også at kostnadsbiletet er eit heilt anna for fleircampusinstitusjonar enn for dei einbølte. Når utvalet ikkje har laga eit opplegg for dette, får no Kunnskapsdepartementet ei ny oppgåve å løyse. Det er ei oppgåve som må løysast før ein ny finansieringsmodell kan lanserast.

– HVL vil i alle fall bidra med erfaringar og faktabasert informasjon som kan gjera tydeleg kva som trengst, seier rektor Gunnar Yttri.

Færre indikatorar

I rapporten har utvalet lagt fram eit forslag til endringar i finansieringsmodellen som er basert på færre indikatorar, meir tildeling via basis og meir fokus på styring via utviklingsavtalene med den enkelte institusjon.

– Det er bra med styrka basistildeling. Så er eg meir usikker på om er rette vegen å gå at det blir knytt finansiering til utviklingsavtalene. Det kan bli lite transparent og eit finansieringssystem på utsida av hovudsystemet. 

Vegen vidare

Kva som no skjer med rapporten som er framlagt vil bety mykje for framtida til Høgskulen på Vestlandet meiner rektor.

– Rapporten skal no på høyring og vil spela inn våre synspunkt. I etterkant vil Kunnskapsdepartementet og politisk leiing arbeida vidare med dette, og eg forventar at dei politiske måla, med mellom anna fokus på utdanning i heile landet, blir tydelegare i det nye finansieringssystemet.

Fakta/Finaniseringsutvalet høgare utdanning

Utvalet blei oppnemnd av Solberg-regjeringa 9. september 2021 og fekk eit justert mandat av Støre-regeringa 5. november 2021. To punkt var sentrale i oppdraget frå Regjeringa:

  • Eit finansieringssystem som tek i vare ein desentralisert struktur, bidreg til betre studiekvalitet og livslang læring.
  • Auke i basisfinansieringa og løysingar for å kompensere for meirkostnadar med fleircampusinstitusjonar.