
Høgskulen på Vestlandet er årets Erasmus-institusjon
- Dette er veldig motiverande og inspirerande. Vi er stolte, seier prorektor for forsking Gro Anita Fonnes Flaten. På vegne av HVL tok ho i mot prisen under årets Erasmusseminar.
Det er Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse som deler ut Erasmusprisen. Dei peiker på at Høgskulen på Vestlandet har hatt ei positiv utvikling i deltakinga i Erasmus+ dei siste åra, og arbeider godt og strategisk forankra med programmet.
Sterk i strategiske partnarskap
Forankringa er mellom anna synleg i institusjonen sin handlingsplan for internasjonalisering 2021 –2023, som har tydelege og høge ambisjonar for både prosjektsamarbeid og mobilitet gjennom Erasmus+. Vidare i grunngjevinga for årets pristildeling heiter det at Høgskulen på Vestlandet gjennom fleire år har særleg utmerkt seg innan tiltaket strategiske partnarskap.
"I førre programperiode deltok høgskulen i 26 partnarskap, i 10 av desse som koordinator. Gitt storleiken til institusjonen er dette eit imponerande resultat. I 2021 har HVL fått innvilga to prosjekt, som byggjer vidare på to tidlegare strategiske partnarskap. Dei to nye prosjekta utfyller dei føregåande, og begge femner i stor grad om dei horisontale prioriteringane inkludering og digitalisering."
"Høgskulen på Vestlandet var den første i Noreg (2020) som starta med miljøstipend til utvekslingsstudentar, noko som er i tråd med Erasmus-prioriteringa om berekraft. HVL er også med i sentraliserte prosjekt. Høgskulen har vore trekt fram som god på synergiar, og er flink til å samarbeide med andre sentrale aktørar i regionen sin, noko som også er prioritert i den norske Erasmus+-strategien. Sektoralliansen DISH er eit godt døme, der HVL saman med Vaksdal kommune og Norwegian Smart Care Cluster er norske partnarar i eit prosjekt som skal auke digitale ferdigheiter blant helsepersonell."
Prorektor for forskning, Gro Anita Fonnes Flaten tok imot prisen på vegne av HVL.
Prisen er eit diplom og 10 000 kroner. Beløpet skal brukast inn mot studentar.
Tatt gode steg
Prorektor Gro Anita Fonnes Flaten deler prisen med heile høgskulen.
- Det er ei veldig fin anerkjenning og det er mange på tvers av høgskulen som har bidrege godt til denne utviklinga. Fagmiljøa våre blir meir og meir orientert mot det internasjonale og vi har tatt gode steg. Vi har også ein administrasjon som er dyktige og profesjonelle i si tilnærming. Det at vi og er gode på inkludere viktige samarbeidsaktørar på Vestlandet i arbeidet, blir og trekt fram som svært positivt. Det støttar fint opp under profilen vår.
– Berekraft, digitalisering og det at vi har god kontinuitet og kraft til å aksle rolla som koordinator i mange prosjekt, er og noko som blir trekt fram hjå oss. Det viser at den målretta satsinga vår ber gode frukter.
- Vi har grunn til å vera stolte over denne prisen, seier Fonnes Flaten og legg til:
- Eg meiner grepet med å slå saman forskingsavdelinga og internasjonalt kontor i samband med fusjonen var godt og klokt. Vi haustar av det no. Vi ser ting i ein betre samanheng og kan kopla og forsterka arbeidet med Erasmus pluss og Horisont-programma.
- I tillegg kan vi sjå samanhengar mellom forsking og utdanning. Ein annan ting er fagmiljøa sin delingskultur. Dette gjer at fagmiljøa løftar kvarandre fram.
Heng fint i hop
En av dei som har lukkast både innan Erasmus+ og Horisont-programma er instituttleiar Oded Ben-Horin ved institutt for kunstfag i fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Han er og glad for at HVL får prisen.
- Det er veldig spennande og fint at HVL får denne prisen.
- For oss har det vore viktig å jobbe med synergieffektane mellom Erasmus+ og Horisont-programma. Erasmus+ prosjekta har gitt oss høve til å gå vidare med resultata frå vårt tidlegare arbeid i Horizont2020.
- I tillegg meiner eg at Erasmus+ prosjekta som vi leiar og koordinerer gir oss gode moglegheiter for å utvikla og testa nye idear som vil inspirere til gode søknadar i det nye Horisont Europa programmet. Dette heng fint i hop.
- Ikkje minst blir vi meir effektive når det gjelder bruk av økonomiske ressursar. Ein annan fordel er at vi får til ei god blanding av kunnskapsområder som kan gi oss gode, nye og innovative svar på framtidas store spørsmål, sier han.