Heidra for beste studentoppgåver

Tidlegare bachelorstudentar ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) i Bergen har denne veka fått prisar for sine bacheloroppgåver. Mellom anna har dei undersøkt smartspegel, meir miljøvenleg betong og bygga testriggar.

Ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap blei det 24. oktober delt ut prisar til beste bacheloroppgåver. Alle rettleiarane har nominert aktuelle kandidatar til dei fire prisane, som blir gitt for å motivere studentane til å legge innsats i oppgåvene sine.

- Det er stor stas å dele ut prisar for dei beste bacheloroppgåvene våre, sa juryleiar og førstelektor ved HVL, Øyvind Midtbø Berge.

I tillegg til Berge har juryen bestått av Mathias Mathisen (elektro), Victoria Popsueva (maskin og marin) og Svein Ivar Lillehaug (data og realfag). 

Desse prisane blei delte ut: 

Lehmkul-prisen

Kristofer Lehmkul-prisen går til studentar som har gjort ein særskild innsats som har praktisk betydning for næringslivet. Samlet sett utgjer sement i betong heile 5 prosent av verdas CO2-utslepp. Det var med bakgrunn i dette at Skanska tilbydde eit ope definert bachelorprosjekt ved Institutt for Byggfag. Der har denne gruppa sett på høve for bruk av meir miljøvenleg betong. Studentane har utført eksperiment for å undersøke kor støpbar og fast betongen blir dersom ein legg til 35 prosent kalsinert mergel, ein type leire som er meir venleg for miljøet. Dei to studentane er Sverre Magnus Haakonsen og Daniel May Instanes for oppgåva med tittelen: «Betong Tilsatt Kalsinert Mergel». Rettleiar er Ørjan Fyllingen ved Institutt for byggfag.

Frank Mohn-prisen

Frank Mohn AS deler kvart år ut ein pris til studentar som har vist spesielt god innsikt og evne til kreativitet. Årets pris går til ei gruppe studentar ved Institutt for maskin- og marinfag. Dei har sette seg inn i kompliserte teoretiske algoritmar, konstruert og bygga ein fysisk testrigg, og programmert ein simuleringsalgoritme i Java. Vinnarane er Andreas Skjelde, Erlend Sande Bergaas og Daniel Leinebø for bacheloroppgåva "Assessment of friction in a real-world model Using the Moving Frame Method in Dynamics". Rettleiar er Thomas J. Impelluso ved Institutt for maskin og marinfag.

ABB-prisen

ABB deler ut ein pris til studentar som har vist spesiell god innsikt og evne til problemløysing innan elektro, maskin eller IT. Årets ABB-pris går til ei gruppe studentar frå allmenn maskin. Oppdragsgivar, OneSubsea, har ønska å utvikle ein trykksett testrigg for sand-erosjonstesting av ulike material under ulike statiske trykk. Gruppa har utført prosjektering av ein trykkbehaldar til slik bruk, med omsyn til kostnadar og tryggleik. Vinnarane er Torstein Fagerlund, Marius Leikvoll Haugland og Vebjørn Mortveit for oppgåva "Engineering of a Pressure Vessel as a Part of an Erosion Test Rig". Studentane kunne ikkje sjølve vere til stades, så rettleiarar Ragnar Gjengedal ved Institutt for maskin og marinfag tok imot prisen på deira vegner.

NITO-prisen

NITO-prisen blir delt ut til studentar som har levert oppgåva med størst innovasjonspotensiale. Gruppa som vann har utvikla eit system for toveiskommunikasjon mellom smartspegel og mikrokontrollar for lysstyring. Spegelen har innebygd touch-skjerm og LED-lys. Smartspegelen er eit hjelpemiddel for sminking, der marknadsområdet er kosmetikkbransjen. Brukaren kan få simulerte lysmiljø for å finne ut korleis dei ser ut i ulike typar lys, og samstundes få instruksjon og idear gjennom sminkevideoar. Vinnarane er Iver Osnes, Eirik Sverd og Kent Bruvik for prosjektet «Robust toveis-kommunikasjon mellom smartspeil og mikrokontroller for lysstyring.» Rettleiar er Anne-Lena Kampen ved Institutt for elektrofag.

Dei fire gruppene har vunne 25.000 kroner kvar. HVL gratulerer!