Senter for sjøsikkerhet har laga sin første årsrapport

Nettverksbygging og utvikling av nye samarbeidsprosjekt er viktige stikkord for senteret si aktivitet det siste året.

- Senter for sjøsikkerhet har jobba mykje med profilering og synleggjering det siste året. Vi har mellom anna skifta namn og spissa våre ambisjonar om å vere ein arena for samhandling og eit tverrfagleg maritimt senter ved HVL. Grøn skipsfart, sikker skipsfart og digitalisering har me sagt skal vere våre tematiske satsingsområde, fortel innovasjonsrådgivar Kristoffer F. Sortland.

Fleire søknadar under behandling

Senteret har ambisjonar om å være Vestlandets foretrukne arena for samhandling mellom akademia, maritimt næringsliv og maritime myndigheter. Saman skal ny kunnskap utviklast som bidrar til å dekke kompetansegapet i den grønne og digitale omstillingen i maritimt næringsliv.

Gjennom det siste året har nettverket vekse både ut i næringa og innad i HVL. Senteret har sendt inn fire søknader om forskingsmidlar for fire prosjekt. Ein søknad er innvilga, resten er under behandling. 
 
- Tildelinga frå Ulla-Førrefondet bidrog til at me kunne satse og bygge opp eit tverrfagleg fagmiljø med utgangspunkt i prosjektet ‘Sikkerhetskultur i grønne maritime næringer’. Dette fagmiljøet veks stadig og viser tydeleg kor viktig eit slik fond som Ulla-Førrefondet er i å bidra til både nærings- og forskingsutvikling i Rogaland, seier Sortland.

Tverrfagleg og tverrfakultært samarbeid

I dette første prosjektet er 16 fagpersonar i HVL tilknytta. I tillegg er to stipendiatar under tilsetting. 


- Å arbeide tverrfagleg og tverrfakultært er utfordrande, men samstundes svært givande. Vi ønsker å synleggjere dei ulike fagmiljøa ved HVL som er relatert til dei maritime næringane, og det er ikkje berre nokre få. Det kan skje mykje spennande ved at fagmiljø som vanlegvis ikkje snakkar saman blir kopla saman og får bli kjent med kvarandre. Ei slik koordinerande rolle er noko av det me i senteret ønsker å ha og som allereie har ført til tverrfagleg forskingssamarbeid, seier Sortland og legg til:


- Framover ønsker me å utforske og tydeleggjere vår rolle vidare. Det er også viktig at senteret etter kvart tek ein større plass på fleire campus.

Les årsrapporten her