
Nytt Artemis-program i entreprenørskap for studentar og tilsette
Hausten 2026 startar universitetsalliansen Artemis opp eit nytt program. Målet er å hjelpe studentar og forskarar til å utvikle idear og forsking til verksemder med internasjonalt potensial.
Programmet er retta mot dei som vil utforske entreprenørskap eller undersøkje om ei idé eller eit forskingsprosjekt kan bli til ei levedyktig verksemd. Programmet er internasjonalt og tverrfagleg, og samlar studentar, forskarar og tidlegfaseverksemder frå partnarinstitusjonar over heile Europa.
– Vi har mange studentar og forskarar med gode idear på sentrale samfunnsområde. Med dette programmet ønskjer vi å gi dei støtte og tryggleik til å utforske moglegheitene vidare, seier Maren Stallemo, prosjektleiar for Artemis ved Høgskulen på Vestlandet.
Innsikt i internasjonale marknader
Deltakarane får praktisk opplæring i å starte og utvikle verksemder. Dei får rettleiing i å lage løysingar som tek omsyn til samfunn, miljø og langsiktig verdiskaping.
Programmet gir tilgang til relevante nettverk i tett samarbeid med andre team i Artemis-alliansen. Deltakarane arbeider med eigne idéar gjennom heile programløpet og får rettleiing frå internasjonale mentorar, samtidig som dei lærer saman med deltakarar frå ulike innovasjonsmiljø i Europa.
Utforskar gründerrolla
Det er mogleg å delta både som del av eit team og som enkeltperson. Deltakarane treng likevel å vere del av eit team relativt tidleg i prosessen.
Programmet passar for studentar som er nysgjerrige på gründerrolla og for forskarar som ønskjer å ta forskinga i bruk.
– Tilsette spelar ei viktig rolle i å nå ut til studentar og yngre forskarar. Eg håpar mange vil tipse vidare dersom dei kjenner nokon som kan ha nytte av dette tilbodet, seier Stallemo.
Kurs, digital oppfølging og samlingar
Programmet er gratis. Det startar i oktober 2026 og går fram til mai 2027.
Tilbodet består av fleire fasar:
- nettbasert kurs i entreprenørskap frå oktober til desember 2026. For studentar gir denne delen studiepoeng
- nettbasert oppfølging frå januar til mars 2027
- internasjonale digitale nettverkssamlingar våren 2027
- internasjonal Startup Week i Regensburg i Tyskland i mai 2027, i hybrid format, der deltakarane får høve til å presentere verksemda si for investorar. Denne delen gir også studiepoeng for studentar
Søk innan 1. juli
Interesserte vert oppmoda om å melde interesse via registreringsskjemaet.
Påmeldingsfristen er 1. juli 2026. Dei som blir valt ut vil få tilbakemelding innan utgangen av juli 2026.