Avviklar koronatiltaka ved HVL
Ein-metersregelen gjeld ikkje lenger og avgrensingar knytt til arrangement er oppheva. Slik klargjer HVL for ein normal studie- og arbeidskvardag.
Do you prefer to read this article in English?
Regjeringa avvikla dei aller fleste koronatiltaka laurdag 25. september.
Følgjande punkt er relevant for aktiviteten ved HVL sine fem campusar framover:
- Ein-metersregelen gjeld ikkje lenger. HVL vil i dagane som kjem fjerne all merking og sperring knytt til ein-metersregelen.
- Retningslinene for smittevern mot Covid-19 i SimArena og i andre spesialrom/laboratorium bli oppheva
- Timeplanen som er lagt gjeld ut haustsemesteret.
- Alle avgrensingar for arrangement er oppheva.
- HVL føreset at alle tilsette som hovudregel arbeider på campusane framover. Eventuelt arbeid heimefrå skal avtalast særskilt med nærmaste leiar. Dei som har arbeidsplassen sin i K2 i Bergen vil få oppdatert informasjon i løpet av veka.
Tilsette og studentar vert oppmoda til å følgje nasjonale råd og reglar som framleis gjeld:
- Hald deg heime dersom du er sjuk.
- Ha god hand- og hostehygiene.
- Du må gå i isolasjon hvis du får påvist covid-19.
- Du bør teste deg dersom du får symptom på covid-19.
Det er viktig å understreke at det kan skje endringar som gjer at vi må setje i verk lokale tiltak på kort varsel.
HVL vil gjennom veka tilpassa og oppdatere koronainformasjon på nettsidene.