Ny vidareutdanning i barnevern

Det er no klart at HVL skal tilby ei ny vidareutdanning i barnevern på masternivå - «Vurdering av barnets beste».

HVL har, i samarbeid med Høgskulen i Volda, vunne ein anbodskonkurranse gjennom Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om oppstart av ei vidareutdanning i barnevern.

Dette er ei vidareutdanning for dei tilsette i det kommunale barnevernet, og er ein del av regjeringa sin kompetansestrategi (2018-2024) for det kommunale barnevernet. Målet med vidareutdanninga er å styrke dei tilsette sin kompetanse til å gjere faglege vurderingar av barnets beste i alle fasar og delar av ei barnevernssak. Studiet er organisert som eit emne på 30 studiepoeng og har oppstart hausten 2018.

Det har vore ei arbeidsgruppe på fem personar som har jobba med å utvikle studietilbodet. Tone Jørgensen og Hege Sundt frå det barnevernfaglege miljøet ved campus Sogndal og Per Arne Rød og Inger Kristin Heggdalsvik frå campus Bergen. I tillegg har professor Kåre Heggen frå Høgskulen i Volda vore med i arbeidsgruppa.

Då gruppa var samla på campus Bergen førre veke var det planlegging og oppstart av studiet som stod på agendaen. 

– Vi utviklar no eit meir detaljert opplegg for undervisninga, der me legg vekt på at den skal vere praksisnær og praksisrelevant for dei som jobbar i barnevernet, seier Tone Jørgensen. Det er også ein del praktiske forhold som må på plass, som å utvikle konkrete læringsutbytte for studiet og planlegge rekrutteringsarbeidet fram mot søknadsfristen som er 15. mai.

Å vinne denne konkurransen er ei viktig anerkjenning av det barnevernfaglege miljøet i HVL. Vidareutdanningstilbodet er ein del av regjeringa sin kompetansestrategi for det kommunale barnevernet. Det er ei tillitserklæring å få lov til å vere med å bidra til at dagens barnevernstenester får meir kunnskap til å hjelpe barn og familiar som treng det, held Jørgensen fram.  Vi gler oss til å sette i gang med undervisninga til hausten. Les meir om vidareutdanninga  «Vurdering av barnets beste»