
Bildeglimt frå Forskingsdagane
Årets forskingsfestival bydde på ei breidde av arrangement og faglege tema. Her er nokre bildeglimt frå Forskingsdagane 2025.
Kva forskar vi på, kvifor forskar vi, og kva har forskinga å seie for deg og meg? I ei tid der fakta og kunnskap er under press, er det kanskje viktigare enn nokon gong at folk oppleve forskarar og forsking på nært hald. Kvar haust blir Forskingsdagane arrangert - som er ein nasjonal festival med mål om å skape begeistring og forståing for forsking. Frå HVL var mange fagfolk med på å sette sitt avtrykk på festivalen.
Under er ein liten smakebit frå nokre av arrangementa, frå Sogndal i nord til Haugesund i sør.
"Kast terningen og ta en tur på Fv55": Spillaktiviteten blei arrangert på Kjell-Bondevik plass i Sogndal av forskargruppa Data-driven energy system analysis (IBMN). Målet var å skape læring og moro om korleis kan reise på Vestlandet utan bil.
Formidling i kortformat: Prodekan for forsking Christine Øye innleia "Speedforsking" på biblioteket på campus Sogndal - der ei rekke forskarar presenterte forskinga si på tre minutt.
Helseteknologilunsj i Førde: Masterstudent Jobjørn Røkenes Myren og stipendiat Raquel Motzfeldt Tirach fortalde om arbeidet sitt med teknologi som skal hjelpe slagpasientar i rehabilitering. Gjennom å få framgangen sin spegla i ein digital tvilling, kan både dei og fysioterapeuten betre sjå effekten av treninga. Samtaleleiar var Katrine Sele, og arrangementet fann stad i kantina på campus Førde.
Forskarsnakk live: Forskarsnakk er ein podkast skapt av stipendiatmiljøet i Førde, og kombinerer forskarar frå både HVL og Helse Førde. Dei arrangerte ein festkveld på Larris scene på Sunnfjord hotell, med musikk, mat og underhaldande formidling av forsking, hovudsakleg frå stipendiatane. Arve Uglum, ny kommunikasjonsdirektør i Helse Førde, var programleiar.
Liv og røre på forskningstorget i Bergen: Mathias Mathiesen retteleier og forklarer korleis elektronikken fungerer medan born og unge fekk prøve i praksis. Stasjonen "Kva gjer ein elektroingeniør? fekk fekk forøvrig 2. plass for beste stasjon av 21 deltakarar. Kanskje blei nokon inspirert til å satse på ingeniøryrket?
Korleis sikrar vi trygg diagnostikk? Trond Brattelid på bioingeniørutdaninga tok med seg studentar på stasjonen på forskningstorget. Born og unge fekk ta "blodprøver" på ein plastikkarm, sette diagnosen og anbefale behandling til ulike fiktive pasientar. I løpet av to dagar var godt over tusen menneske innom forskningstorget på Festplassen.
Barnepsykiater Henriette Kirkaune Sandven (t.v.) meiner at det er overdiagnostering av barn med ADHD. Under Forskningsdagene på campus Stord heldt ho innlegg for både lærerstudentar og sjukepleiarstudentar. Psykologspesialist Vidar Blokhus Ekroll (Helse Fonna) leia deretter ein samtale med ho om tematikken.
Aula på campus Stord var fullsatt under seminaret ”Robuste barn, diagnosefellen og lek: Veien til et inkluderende samfunn for barn og unge”. Her er psykologspesialist Line Marie Warholm i samtale med førstelektor Sissel Jeanette Aastvedt Halland og høgskolelektor Heine Tønnesen Vestvik.
Ni forskarar frå HVL, Helse Fonna og kommunene på Haugalandet deltok på eit vellukka opningsarrangement på campus Haugesund. Her helser Alf Aronsen velkommen.
Prorektor Christine Øye leia panelsamtalen under frukostmøtet "Bærekraftige helsetjenester – utfordringsbilde og mulige løsninger" på campus Haugsund. I panelet deltok (f.v.) Herdis Moldøen (kommunenes samarbeidsarena for forskning Vest,KSF Vest), førsteamanuensis II Heidi Breistrand Bringsvor (HVL/Helse Fonna), fagdirektør Andreas Andreassen (Helse Fonna) og Katrine Haga Nesse (kommuneoverlege i Haugesund kommune).