
–Vi skal bidra til utviklinga av det norske velferdssamfunnet
1. august tok Else Cathrine Lütcherath Rustad over som dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved HVL.
Rustad har vore tilsett ved Høgskulen på Vestlandet sidan 2009, og kjem frå jobben som viseinstituttleiar ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Fakultet for helse- og sosialvitskap.
Ho er utdanna sjukepleiar, og har ein doktorgrad innan helsetenesteforsking frå 2017. Rustad har leia Universitets- og høgskulerådet sitt nasjonale fagorgan for utdanning og forsking i sjukepleie.
Kva er det mest spennande med jobben som dekan?
Høgskulen på Vestlandet har eit stort og viktig samfunnsmandat, som både motivere og forpliktar. Vi skal bidra til utviklinga av det norske velferdssamfunnet, og her er fagfolk og kompetanse innan helse- og sosialsektoren avgjerande. Vi veit at behovet for arbeidskraft og kompetanse er stort i fleire sektorar framover, men særleg i helse- og omsorgssektoren. Då kjennes det meiningsfullt og viktig å bidra til å utdanne dei fagfolka som samfunnet vårt treng.
Eg ser veldig fram til jobben som dekan. Eg kjenner Fakultet for helse- og sosialvitskap relativt godt, og det er eit fakultet med eit flott kollegafellesskap. Samstundes er det framleis nokon områder i fakultetet som eg gler meg til å bli enda betre kjent med, og det håper eg å få brukt tid på i haust.
Kva visjonar har du for fakultetet og Høgskulen på Vestlandet?
Kompetanse er svært viktig i dagens samfunn, og vi snakkar om kompetanse på ein meir strategisk måte og langt breiare enn tidlegare - på tvers av sektorar, gjennom heile livet og i samspel med andre. Derfor må vi heile tida jobbe med å utvikle utdanningane og forskinga vårt, i tråd med behova i samfunnet. Høgskulen på Vestlandet skal bygge menneske og samfunn, og den kunnskapen og kompetansen våre studentar får er viktig - både for einskildmenneske, Vestlandet og for Noreg.
Eg meiner og vi må bli flinkare til å jobbe saman på tvers av fag og sektorar, både innan forsking og utdanning, og saman med folk frå helse- og sosialsektoren og næringslivet. Mange av oppgåvene i samfunnet er så samansette at dei må løysast av fagfolk med ulik bakgrunn og kompetanse. Det same gjeld innan innovasjon og nyskaping. Dette samarbeidet og kompetansen til å tenke på tvers, må vi dyrke og styrke, både hos studentane våre, hos tilsette og med samarbeidspartnarar.
I dagens globale situasjon skal vi og vere veldig bevisst på å vidareutvikle samarbeid vårt, også internasjonalt.
Kva blir det viktig å prioritere framover?
Det kommande året skal vi begynne og realisere Universitetet på Vestlandet. Det blir eit viktig og spennande arbeid, som både vil styrke HVL sin posisjon og Vestlandet som region. Eg trur nøkkelen til suksess her ligg i det vi får til saman, både internt mellom fag og administrasjon og mellom fagmiljøa og fakulteta, men og saman med eksterne.
Vi skal halde fram med den gode kvaliteten i alt vi gjer, både innan utdanning og forsking, men vi må og tenke nytt. Det må vi i enda større grad gjere i samarbeid med arbeidslivet, både offentleg og privat.
Vi skal være eit universitet som er tett på arbeidslivet, og det er ein forventing om at vår forsking og nyskaping skal bidra til å løyse samfunnet sine utfordringar. Dei siste åra har vi bygga opp fleire sterke forskingsmiljø på høgskulen, blant anna innan helse- og sosialsektoren. Desse må vi styrke og vidareutvikle i åra som kjem, og då er det særleg viktig at vi har kontinuerleg merksemd på at forskarar og fagmiljø har gode arbeidsvilkår.
Og sist, men ikkje minst; vi skal gi studentane våre ei framtidsretta utdanning og ei spennande studietid. Innanfor fakultetet eg skal leia har vi attraktive studiar med svært gode søkartal, og det skal vi ta vare på.
Kva brenn du for?
Eg brenn for utvikling og eg likar å identifisere nye målsettingar. Våre studentar skal ut i yrke det er stort behov for i samfunnet. Det er yrke som bygger velferdssamfunnet vårt, men det er ikkje tvil om at det også er yrke som er i stor endring. Behovet for kunnskap og kompetanse aukar til dømes innan helse- og omsorgstenestene, ikkje minst i kommunale tenester. Som utdanningsinstitusjon må vi difor heile tida jobbe for å utvikle utdanningane og forskinga vår i tråd med samfunnet sine behov.
Eg er og opptatt av internasjonalisering. Gitt den globale situasjonen, prega av krig i nærleiken av oss og demokrati under press fleire stadar i verda, er vårt samfunnsoppdrag viktigare enn på svært lenge. Vi skal både danne og utdanne, og vi skal stå opp for akademisk fridom og den frie og uavhengige kunnskapen.
Når du har fri, kva liker du å gjera på?
Vi har tre døtrer på 12, 17 og 21 år, og på fritida bruker eg mest mogleg tid på familien. Eg er og glad i god musikk, litteratur og sosialt samvær. Livet er aller best når eg kan kombinere alt dette, og aller helst på landstaden vår.