Sjå bilde frå jubileumsfeiring for barnehagelærarutdanninga i Sogndal

I 50 år har barnehagelærarutdanninga i regionen vore ein viktig arena for å bygge trygt miljø for barn og unge. Gjennom store endringar har barnehagelærarutdanninga alltid vore tett på. Sjå bilder frå jubileumsfeiringa her!

Denne hausten er det 50 år sidan barnehagelærarutdanninga vart skipa som ei eiga avdeling ved Sogndal lærarskule. 50 år seinare er den treårige barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet framleis tett på og avgjerande for å sikre at barna våre har gode barnehagar å gå til. 

Det er gode krefter som til ulike tider har stått sentralt i forminga og utøvinga av utdanninga. Den flotte jubileumsfeiringa vitnar igjen om eit sterkt og varig fagleg engasjement, som er bore fram av dette store og meiningsfulle. Utdanning av barnehagelærarar er avgjerande viktig for oppvekstvilkåra for norske barn, og gir grunnlag for utviklinga av folk og samfunn i heile Noreg.

Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet

Takk til jubileumskomiteén og til alle andre som var med å bidra til ei flott og minnerik jubileumsfeiring!

Den 10. september vart det duka for jubileumsfeiring på campus Sogndal. Her var eit variert program med workshops for barn, opne forelesingar, barnehageforsking og boblar, boklansering av jubileumsboka Tett på, 50 år med barnehagelærarutdanning i Sogndal samt ei offisiell opning med talar og musikk.

Sjå bilde frå den flotte feiringaDei viktigaste var sjølvsagt på plass, og campus var fylt med barnehagebarn som var invitert til aktivitetsstasjonar inne- og utandørs, avslutta av dans, leik og musikk på plenen med konsert av musikalske HVL-tilsette. Det blei lystige tonar for dei små med mellom anna Lena Skjerdal, Hans Mark Svedal, Eivind Rogne og Dag Skram frå HVL.   Nokre av dei kjekke gjestane under jubileumsfeiringa. Olaf og Professoren var spesielt populær blant dei minste gjestane. Førstelektor Dag Skram og Aud Marie Stundal var med å starta opp og forma barnehagelærarutdanninga gjennom desse 50 åra i Sogndal, her saman med rektor Gunnar Yttri.Stor innsats er lagt ned i jubileumsfeiringa. Eit sterkt fagmiljø har stått for planlegging og gjennomføring. Frå venstre: Dag Skram, Margareth Eilifsen, Hanne Lovise Kvam, Reni Herland og Kirsti Møller Bruland.  Reni, Hanne og Kirsti står klare for å ta i mot barnehagebarna med bollar og ballongar. Barnehagelærarstudentane Julie Egeland og Vanja Trøen Frøysa. Det var både unge og litt eldre studentar tilstades under feiringa.  Ordførar i Sogndal Stig Ove Ølmheim deltok under jubileumsfeiringa og anerkjente den viktige jobben til fagmiløet og barnehagane.  Rektor Gunnar Yttri overleverer blomar til Johs. Thaule som var med på å starta opp førskulelærarutdanninga på 70-talet og har også vore rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.Prorektor for utdanning ved HVL, Anne-Grethe Naustdal var ein av gjestane under den offisielle opninga av jubileumsmarkeringa. Dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Vegard Fusche Moe, ordførar i Sogndal Stig Ove Ølmheim og Johs Thaule.Eit sterkt fagmiljø i Sogndal. Frå venstre: Studierettleiar Kirsti Møller Bruland, førsteamanuensis Anne Grethe Sønsthagen, førsteamanuensis Lillian Pedersen, høgskulelektor Merete Nornes-Nymark og postdoktor Hege Fimreite som "Olaf".    Barnehagelærarstudentane Julie Egeland og Vanja Trøen Frøysa heldt flott tale der dei snakka om ei utdanning som er tett på.Ordførar Stig Ove Ølmheim saman med tidlegare dosent ved Høgskulen Sogn og Fjordane, kultursjef og nynorskforkjemper Jan Olav Fretland.Nokre av tilhøyrarane denne haustdagen.Både studentar og barnehagebarn var med på stemninga og i kulissane under jubileumsfeiringa. Aud Marie Stundal innleia den offisielle opninga med flott tale som gav eit historisk tilbakeblikk på utdanninga og barnehagane i Sogndal.Studieprogramleiar for barnehagelærarutdanninga ved HVL Margareth Eilifsen er konferansier under den offisielle opninga.  Fakultetsleiinga ved FLKI deltok på feiringa då det var utvida leiarmøte i Sogndal denne dagen. Tre smilande damer som gler seg til første del av jubileumsfeiringa; Barnehageforsking og bobler! Frå venstre: Margareth Eilifsen, Hege Fimreite og Aud Marie Stundal.  BARNkunne - senter for barnehageforsking inviterte til forskingsformidling og presentasjon frå barnehageforskinga. Temaa veksla frå didaktisk arbeid til forsking på leiarstrukturer i barnehagen.

Høgskulelektor Merete Nornes-Nymark, saman med førsteamanuensis Anne Grethe Sønsthagen utforskar den fleirkulturelle barnehagen.Førsteamanuensis Jostein Rønning Sanderud snakkar om korleis uteleik kan leie til eksistensielle erfaringar.Dosent Kirsten Flaten presenterer funn frå samanlikna av barneteikningar i Noreg og Danmark. Forskinga har fått merksemd i blant anna NRK Vestland Norske barn teiknar bæsj og tiss i barnehagen, men det gjer ikkje dei borna i Danmark.Hege Fimreite og Lillian Pedersen deler frå forskinga på kva leiing vi ønskjer oss i framtidas barnehagefelt."Tenke-sjå" som metode under observasjon i barnehageforsking presentert av professor Gunn Helene Engelsrud.Engasjerte og flinke folk, som har hatt stor betydning for utviklinga og gjennomføringa av utdanninga, har slått seg saman for å skrive jubileumsboka "Tett på - 50 år med barnehagelærarutdanning i Sogndal". Her er boklansering med bidragsytarar til boka presentert i panelet.Resultatet har blitt mykje meir enn berre ei minnebok for ei lita gruppe. Boka tek oss med tilbake til 1930-talet og fram til i dag, og gir oss innsikt i korleis samfunn, verdiar og politikk har utvikla seg fram mot 2025. Boka tek utgangspunkt i ein sentral verdi for utdanningsmiljøet i Sogndal: ei tett på utdanning, som inneber nærleik til studenten, praksis, regionale behov og faglege utfordringar. Boksleppet var leia av Jan Olav Fretland.Mange møtte opp i bibliotetek til boklansering og signering av jubileumsboka.