Dei første utdanningane som skal samordnast

Utdanningane innan barnevern, sosialt arbeid og vernepleie (BSV) skal samordnast innan 1.8.2019. Det er no oppretta eit eige prosjekt for dette arbeidet.

Målsettinga med prosjektet er å samordne utdanningane  barnevernspedagog, sosialt arbeid og vernepleie i Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Utdanningane skal samordnast på tvers av studiestadane, samtidig skal lokal profil og utdanningane sine fagspesifikke trekk ivaretakast.

Prosjektet har i oppgåve å ferdigstille studieplanar i BSV-utdanningane i tråd med den nye nasjonale forskrifta og det nye styringssystemet. Det er utarbeida ein prosjektplan med oversikt over hovudaktivitetar og fristar.

Styringsgruppe for prosjektet

Ansvarleg for prosjektet er dekan Randi Skår og prosjektleiar er Cecilie Thaule Løvlid.

26. og 27. oktober var styringsgruppa samla på Voss for eit oppstartseminar. Framlegg til prosjektplanen med hovudaktivitetar og fristar blei her gjennomgått og vedteken. 

Styringsgruppa blir leia av instituttleiar for sosialfag og vernepleie, campus Bergen, Svanaug Fjær. I styringsgruppa elles sit:

  • Unni Uren Aasen – instituttleiar IBSV, Sogndal
  • Tone Jørgensen - barnevernspedagog, Sogndal
  • Randi Sørensen - sosialt arbeid, Sogndal
  • Trude Stenhammer - vernepleie, Sogndal
  • Olbjørg Skutle – vernepleie, Bergen
  • Inger Kristin Heggdalsvik – sosialt arbeid, Bergen
  • Celin Stordahl - studentrepresentant, barneverspedagog Sogndal
  • Cathrine Frederich - studentrepersentant, sosialt arbeid Bergen
  • Katinka Hjermundsrud – studentrepresentant, vernepleie Bergen
  • Ragnhild Ihle - Forskerforbundet
  • Lillian Bruland Selseng - FO

Arbeidsgrupper på tvers av utdanningar og campus

På Voss blei det også bestemt å sette ned arbeidsgrupper som skal arbeide på tvers av utdanningane og campus. 

Det er sett ned to arbeidsgrupper i første omgang, ei for internasjonalisering, og ei for vitskapsteori, metode og bacheloroppgåve (sjå medlemmer i gruppene lenger ned i saka).

Vinteren 2018 vil det bli sett ned eit par arbeidsgrupper til, der praksis blir tema for ei av desse. Ein starta også arbeidet med å sette ned ei referansegruppe, som skal ha eit eksternt blikk på arbeidet med studieplanane.

Hausten 2017 arbeidar styringsgruppa etter kvalitetssystem og avgjerdsnivået over dei, og framover vinteren og våren 2018 rettar dei arbeidet inn mot fagmiljøa og praksisfeltet (referansegruppa) med mellom anna høyringsrundar.

For meir informasjon, sjå:

Arbeidsgruppe for internasjonalisering:

  • Turid Hillestad Nel, leiar
  • Svanhildur Gudmundsdottir
  • Agnes Fotland
  • Gunnlaug Miljeteig
  • Hege Aarlie
  • Rakel Aasheim Greve

Arbeidsgruppe for vitskapsteori, metode og bacheloroppgåve:

  • Ragnhild Ihle, leiar
  • Knut Magne Aanestad
  • Tone Jørgensen
  • Ingunn Barmen Tysnes
  • Anne Mette Magnussen
  • Lillian Bruland Selseng