
Den ambivalente byen Bergen
– Det mest påfallande med Bergen er den konstante ambivalensen mellom fornying og bevaring. Denne ambivalensen er sterkare her enn nokon annan by eg kjenner. Det seier arkitekt og dosent emeritus ved HVL Hans Jacob Roald som har gitt ut bok og podcast om byplanar i Bergen.
Det er i byplanane at rammene for arkitekturen blir lagt, og Hans Jacob Roald kjenner byplanane i Bergen betre enn dei fleste. Arkitekten, UNESCO-rådgjevaren, byplanleggaren og dosenten har ei lang karriere bak seg, men hjartet for byplanane og den gode arkitekturen brenn framleis.
Du merkar det når du spør kva vi kan lære. Du merkar det når du spør kva han synest om dagens byutvikling. Hans Jacob Roald har mykje å fortelje. Og han har meiningar om kva vi kan lære av å sjå på dei gode eksempla i historia, som til dømes utviklinga av byens hjarte: Torgallmenningen.
Torgallmenningen – ei suksesshistorie
– Personleg meiner eg planlegginga av sentrum etter bybrannen i 1916 bør tene som eit referansepunkt for politikarane når det gjeld dagens byplanlegging. Her tok dei seg tid og råd til å gjere det skikkeleg, seier Hans Jakob.
Han held fram:
– Byplansjef Richard Tønnessen og formannskapet bestemte seg for å legge lista høgt og lyste ut ein nordisk konkurranse med ein nordisk jury. Her tok dei seg tid og råd til å bestille fasadeteikningar for heile området, og dei blei einige om eit felles estetisk grunnuttrykk: Korleis grunnplanet skulle vere, prinsippa for fasaden, at taka skulle ha same farge og så vidare.
Bergen arkitektforening prøvde faktisk å hindre konkurransen fordi dei ville behalde kontrollen lokalt. Men protestane vann ikkje gjennom, og vinnarforslaget kom til slutt frå ein svensk byplansjef og arkitekt.
– Resultatet blei eit heilskapleg område som utrykker ein by. Du ser det tydeleg når du står på Fløyen og ser ned på byen, forklarer han.
Det blir nesten ikkje tid til å snakke om estetisk kvalitet lenger.
Hans Jacob Roald
Vellukka resultat krev tid
Kva synest du om dagens byutvikling og fortettingspolitikk?
– Den er krevjande, og eg er redd for at det går litt fort. Vellukka resultat krev tid. Ein må ta seg tid til å lage ei grunnleggande semje, ein felles visjon for kva by ein skal skape. Eg snakkar med mange kollegaer i dag som seier at det nesten ikkje blir tid til å snakke om estetisk kvalitet lenger. Dei heile blir som eit stort reknestykke. Det skjer så mykje samtidig på mange frontar. Det gjer at det blir vanskeleg å vite når ein må vere på ballen.
Hans Jacob poengterer at det krevst eit grundig forarbeid og kritisk tenking for å forstå komplekse utfordringar. Byplanhistoria har vist kor viktig det er med et grundig forarbeid når ein står overfor store endringar. Den viser suksessar, men også konsekvensar av å komme skeivt ut frå hoppkanten.
Hans Jacob Roald (t.v.) i samtale med kollega Anne Sofie Bjelland under innspelinga av podcasten om byplanar i Bergen. Foto: Brian Holmedal.
For å få noko vedtatt i Bergen må ein vise til tradisjon.
Hans Jacob Roald
Vil vere moderne, men bevare det gamle
Kva er det eigentleg som gjer Bergen så spesiell?
– Mange vil meine at det er bergensarane, seier Hans Jakob med eit glimt i auge før han blir meir seriøs og held fram:
– Først og fremst er det denne ambivalensen. Ein vil vere moderne, men samtidig ta vare på historiske verdiar. I dag ser vi til dømes at det kjem til uttrykk gjennom debatten om bybanen over Bryggen. Idet den skal passere Bryggen oppstår ein refleks som er ulik alle andre byar det er naturleg å samanlikne seg med.
På kva måte då?
- Det er så mykje ein vil, og det er så mykje å ta vare på. Dette utløyser smertelege prosessar mellom grupper. Eg oppdaga at denne ambivalensen går langt tilbake i tid. Til dømes tok det 300 år å få bygd ei ny strandgate mot Nordnes, sjølv om gata låg inne i den eine planen etter den andre. Eg merka det også når eg jobba i Oslo, det er ein heilt annan måte å reagere på nye planer på. I Bergen blir det ein kamparena kor ein kjemper ut lokale slag, slag som ofte kan virke uforståelege for utanforståande.
Må vise til tradisjon
Referansane til dei store omveltingane som har skjedd i byen, er ofte å finne 20 år før i utlandet. Hans Jacob fortel at då byen skulle gjenreisast etter brannen i 1916, vart også inspirasjonen henta utanlands. Men i byplanskildringane, refererte ein aldri til utlandet, sjølv om inspirasjonen frå utlandet var der. Det blei på eit vis kamuflert.
– For å få noko vedtatt i Bergen må ein vise til tradisjon. Det er eit samtidig eit tveegga sverd. Det gjer at Bergen har unngått ein del av den uheldige moderniseringa som har skjedd i andre byar. Samtidig kan det også hindre dei gode moderniseringane.
Podcast om byplanane i Bergen
Det var kanskje ikkje sjølvsagt at ålesundaren i ein alder av 70 år skulle lage podcast om byplanar i Bergen. Saman med kollega Anne Sofie Bjelland, tek han oss i ni episodar gjennom historia til Bergen, frå grunnlegginga i 1070 og dei mange århundra som hanseatisk kjøpstad, til bybrannar, krig og dei mange gjenoppbyggingane. Korleis kom eigentleg dette til?
– Podcasten bygger på boka mi om byplanar i Bergen. Kimen til boka kom under eit møte i St. Petersburg medan eg jobba som rådgjevar i UNESCO. Eg skulle presentere det norske plansystemet. Her viste eg også til den store snuoperasjonen som blei gjort i Bergen på 80-90-talet, og dette blei russarane veldig opptekne av. Dei var imponerte over kva ein kunne få til med eigne lokale ressursar. Dette må du skrive om! sa dei.
Litt seinare gjekk han i byarkivet og fordjupa seg i gamle byplanar. Og sakte men sikkert blei det til ei bok om heile byutviklinga i Bergen, frå grunnlegginga og fram til i dag.
– Podcast er jo eit litt uvant format for meg, fordi eg er så van med å referere til visuelle uttrykk. No skulle eg berre snakke. Då måtte eg formidle bakgrunnen for planane, men det blei spennande å jobbe med.
Litt av målet med podcasten er å fortelje kva som ligg bak det vi ser i dag. Kanskje nokre også vil sjå på byen med eit litt anna blikk.
Podcasten er produsert av Medielab ved HVL og er eit bidrag frå Høgskulen på Vestlandet til Bergens 950-årsjubileum. Fredag 23. april blei bidraget formelt overrekt frå rektor ved HVL til ordføraren i Bergen kommune.
Her kan du høyre podcasten Byplaner i Bergen.
Podcasten blei "overlevert" frå HVL til Bergen kommune i samband med byjubileet. Frå venstre: Hans Jacob Roald, rektor ved HVL Gunnar Yttri, ordførar Marte Mjøs Persen, og Anne Sofie Bjelland. Foto: Jennifer D'Amore.