Desse studia gjer dei største byksa i popularitet

I år har studiesøkarar verkeleg fått auga opp for utdanningane innan vernepleie, nautikk, branningeniør og eigedomsmekling.

20 år gamle Aleksander Dahl Nilsen frå Vormedal hadde eigentleg tenkt seg til Canada for å jobbe som skiinstruktør i fjor. Den draumen blei det ingenting av, sidan koronapandemien råka og han måtte halde seg innanfor landegrensene. I staden skjedde det noko mykje betre, ifølgje han sjølv: Han fekk jobbe som vikar på Stegaberg butiltak i Tysvær.

- Det å få kome nær psykisk utviklingshemma personar har gitt meg eit heilt nytt perspektiv på alt. Du ser at du ikkje har det så bad likevel! Livet kunne vore så annleis, seier Nilsen.

Før var planen hans å søke seg inn på sjukepleiarstudiet etter friåret i Canada, men gjennom jobberfaringa oppdaga han at vernepleiaryrket var midt i blinken for han. Nilsen har sett stor pris på å kome tett på dei han skal hjelpe, og å jobbe i team for å finne kreative måtar å gjere kvardagen god og variert for dei. Til hausten startar han på deltidsstudiet innan vernepleie i Haugesund.

- Gjennom jobben kjenner eg at eg hjelper både meg sjølv og dei til å bli ein betre person. Det er stort å sjå at eg kan gjere ein forskjell, seier Nilsen.

Artikkelen held fram under bildet

Aleksander-nettkopi.jpeg

Stor rift om studieplassane

I årets opptak er vernepleie ei av utdanningane som skil seg ut som spesielt populær, både på landsbasis og endå meir ved Høgskulen på Vestlandet. Ved den nyoppretta deltidsutdanninga i Haugesund kjempar 1189 søkarar om 27 studieplassar, og det er liknande tal for deltidsutdanninga i Sogndal. Også bachelorutdanningane i Sogndal og Bergen er svært populære, og dannar grunnlaget for deltidsutdanningane. Opprettinga av den nye deltidsutdanninga i Haugesund har bakgrunn i den store mangelen på vernepleiarar – ifølgje ein rapport frå sektoren, mangla det i fjor 20.000 vernepleiarar på landsbasis.

- Eg er svært glad for å sjå at høgskulen med dette er relevant, og med på å svare på eit stort samfunnsbehov, seier rektor Gunnar Yttri.

- Det at dei samlingsbaserte deltidsutdanningane våre generelt er ettertrakta, er dessutan viktig for oss. Dei gjer det mogleg for folk å ta utdanning ved sida av jobb og utan å måtte flytte frå der dei bur. Dermed blir utdanning tilgjengeleg for større grupper i samfunnet, noko som er eit viktig mål for HVL.

Eg er svært glad for å sjå at høgskulen med dette er relevant, og med på å svare på eit stort samfunnsbehov

Gunnar Yttri

I tillegg til vernepleie, er det tre andre fag som gjer ekstra store byks i popularitet sidan i fjor. Branningeniør i Haugesund er den einaste utdanninga av sitt slag i landet, og har i år eit rekordstort opptak. Nautikk ved same campus gjer også eit solid hopp, og det same gjer utdanninga i eigedomsmekling i Sogndal.

Høgst poengkrav på fysioterapi og bioingeniør

Elles gir også poengkrava til enkeltstudia ein peikepinn på kva utdanningar som er mest populære. Der ligg fysioterapiutdanninga i Bergen suverent på topp, med eit krav på 57 i ordinær kvote (dei som ikkje søker direkte etter vidaregåande). Bioingeniør-studiet har auka mykje sidan i fjor når det gjeld poengkravet, og ligg no på 55,5. Yrkesgruppa har komme fram i lyset under pandemien, noko som kan vere ein medverkande faktor.

- Det at desse utdanningane slår godt an blant studiesøkarar, er mellom anna eit resultat av systematisk arbeid blant våre fagtilsette gjennom dei siste åra. Vi jobbar mot å bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet i 2023, og satsar sterkt på å løfte både forskinga og utdanningane våre, seier Yttri.

Topp 5 studium som er vanskelegast å kome inn på: 
Fysioterapi (Bergen) - 57.0
Bioingeniør (Bergen) - 55.5
Økonomi og administrasjon deltid (Haugesund) - 55.0
Sosialt arbeid (Bergen) - 54.3
Historie årsstudium nettbasert (Sogndal) - 54.2

Stabilt for helsefag, nedgang for lærarutdanninga

HVL er størst i landet på studieplassar på grunnskulelærarutdanning, og har også landets eldste lærarutdanning. I fleire år har alle lærarutdanningar jobba for å auke rekrutteringa, men årets opptak fortel inga gladhistorie – over heile landet er det ein nedgang i søkartalet. Verst er det for grunnlærarutdanninga 5-10, som har ein nedgang på 14.9 prosent nasjonalt. Ved HVL er nedgangen ein god del mindre, på 2.9 prosent. Yttri skulle likevel gjerne sett at situasjonen for lærarutdanninga snudde.

- Det har vore gjort fleire grep dei siste åra for å heve statusen til yrket og utdanninga, men her må sektoren finne ei ny tilnærming for å løyse lærarmangelen, meiner han.

Helse- og sosialfaga ligg derimot stabilt godt an når det gjeld opptak. Både nasjonalt og ved HVL er det fleire enn i fjor som startar på sjukepleiarutdanninga, og ved HVL er det lange ventelister ved alle fire campus som tilbyr utdanninga. Dessutan er det stor søknad til masterstudium innan helse. Dei populære masterprogramma innan Jordmor, Helsesjukepleie og Anestesisjukepleie i Bergen har gått kraftig opp, og det er gode tal på dei nystarta masterprogramma innan Avansert klinisk allmennsjukepleie i Førde og på Stord.

Jamne tal for ingeniør og økonomiske utdanningar

HVL har eit breitt spekter av ingeniør- og tekniske utdanningar. Desse har jamne opptakstal utan store endringar, bortsett frå Branningeniør som har rekordstor søknad. Av årets opptakstal går det dessutan fram at studiesøkarane i auka grad vel retningar som på ulikt vis er knytt til det grøne skiftet. Energiteknologi, Elkraftteknikk, samt Miljøteknologi og industriell kjemi Bergen er ekstra populære i år samanlikna med fjoråret - alle studium med sterkt miljøfokus. Likevel har framleis Byggingeniør og Dataingeniør størst søknad.

Dei økonomiske og administrative faga er også ein viktig del av høgskulen. Bachelor i  Økonomi og administrasjon går noko ned, men er framleis eit av dei mest populære studia ved HVL.

- Det vi veit, er at fleirtalet av våre kandidatar kjem i arbeid etter endt utdanning. Ein stor del av desse blir på Vestlandet. Dermed har opptaket mykje å seie for framtida til regionen vår, seier Yttri.

- Vi gler oss til å ta imot mange nye studentar ved HVL i august. Vi skal gjere vårt beste for å gi alle ein fin studiestart og ei god studietid hos oss.