Korleis vi skal finne det nye namnet

Om eit års tid leverer HVL søknad om å bli eit universitet, og då treng vi eit nytt namn. Her er korleis det skal skje.

- Namnet er utruleg viktig. Det skal vere noko som rimar bra med kven vi er og toler å stå over lang tid. Tusenar skal kjenne til dette namnet og søkje seg til oss, seier Ole-Gunnar Søgnen.

Til dagleg høyrer han heime på Institutt for byggfag, men i denne samanhengen er han leiar for arbeidsgruppa som har ansvar for namneprosessen. Dei møttest i slutten av august og blei samde om grunnleggande kriterium som namnet må oppfylle, og korleis prosessen med å finne fram til det skal sjå ut.

Tida for å komme med forslag: oktober

Inntil no har dei fleste nye universiteta landa på namn som speler på det geografiske, til dømes Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Sørøst-Norge. Men det har vore unntak, slik som Oslo Met og NMBU. Namn som Nord Universitet og UiT Norges arktiske universitet har også eit geografisk preg, men mindre presist på den regionale måten:

- Først syntest eg Nord universitet var eit rart namn, for kor er eigentleg nord? Men etter ei tid merker eg at det klinger godt og er fint fordi det er så enkelt, seier Søgnen.

I oktober vil arbeidsgruppa og universitetsprosjektet invitere alle tilsette og studentar til å komme med forslag til namn. Då er det fritt fram for å tenkje kreativt og utanfor boksen - likevel vil dei be folk om å halde seg til visse kriterium, til dømes at namnet må vere i tråd med norsk namneforvaltning og spegle god språkskikk.

- I løpet av oktober skal vi i lag med universitetsprosjektet besøke alle campus og ha allmøte. Målet er å skape engasjement og få eit innblikk i kva folk tenkjer om universitetsnamn, seier Søgnen.

Må ikkje vere geografisk

 - Eg synst det er viktig at det blir noko som studentane kan kjenne seg igjen i, og at det gir ein peikepinn på kva slags universitet vi er, seier Caroline Graave Nakling, Studenttingets representant i gruppa.

Det geografiske er eit nærliggande val, men ikkje den einaste moglege vegen å gå, påpeiker ein anna medlem i arbeidsgruppa, Eli Bjørhusdal – professor i norsk, medlem i det språkpolitiske utvalet til HVL og departementsoppnemnd styremedlem i Språkrådet.

- Det kan også handle om samfunnsoppdraget vårt, eller spesielle personar som har vore viktige for aktiviteten på universitetet vårt. Internasjonalt ser vi døme på dette, slik som Linnéuniversitetet. I denne delen av landet har ein som Ivar Aasen vore spesielt viktig for både språket vårt og lærarutdanninga, påpeiker ho.

Nynorsk er administrasjonsspråket vårt og ein del av identiteten vår. Bjørhusdal brenn spesielt for at det skal gå fram i namnet:

- Universitetet på Vestlandet vil ikkje spegle nynorsken, men det vil eit namn som Universitetet i Vest-Noreg gjere.

Moglege fallgruver

I ein slik prosess finst det fallgruver. Medlemene i gruppa vil unngå namn som Oslo Met, sidan det bryt med norsk språkforvaltning og ikkje betyr noko på norsk. Namnet må heller ikkje bli for smalt, slik at delar av organisasjonen kjenner seg framandgjort, og forkortinga må ikkje sende tankane i uheldige retningar.

- Ein fare er at namnet blir så snappy og spissa at det går seg opp i inkje, seier Bjørhusdal.

- Nokon har foreslått Fjorduniversitetet – men det var det folk i media som gjorde narr av, kvifor trur du det skjedde?

- Fjorduniversitetet er litt i same gata som Norges arktiske universitet – det speler på noko som karakteriserer landsdelen vår, og slik sett har det noko for seg. Men eg ser innvendingar mot det namnet også. Vi kan bli forveksla med ein reiselivsdestinasjon, meiner ho.

Eit norsk og eit engelsk namn

Det nye universitetet skal også ha eit namn på engelsk, men dette treng ikkje å vere akkurat det same namnet som det norske. To parallelle namn går bra, meiner dei i namnegruppa. Dermed er det ingenting i vegen for å velje eit særprega norsk namn.

- Etter vi har namnet ute på høyring i oktober, tek vi sikte på å velje ut 3-5 forslag vi går vidare på, seier Søgnen.

Arbeidsgruppa vil ta forslaga med til leiargruppa, sidan gå ei runde med naturlege samarbeidspartar i det offentlege og i arbeidslivet. Dei vil sjekke namnet med Språkrådet og eit eksternt kommunikasjonsbyrå. Etter tilbakemeldingane, lagar dei ei tilråding til styret. Truleg vil vedtaket om namnet skje rett over nyttår.