Bidrar til teknologisk løft i barnehagar

Eit HVL-leia forskingsprosjekt skal auke den estetiske og teknologiske utviklinga i åtte barnehagar i Sunnhordland. For å utvikle sanseromma i barnehagen har dei tilsette lært seg å kode.

I Sæ barnehage på Stord har dei akkurat fått på plass eit fabrikkrom. I «forskingsfabrikken» får borna på seg forskarfrakt og vernebriller, og vil få oppdrag frå «direktøren» over høgtalaren. Oppdraga kan vere å stå på visse knappar på golvet, som i sin tur lagar lydar eller som lyser opp i ein viss farge.

Slik skal dei få både estetisk og teknologisk læring, men utan at det går føre seg framfor ein skjerm, fortel barnehagelærar Marianne Lie Helland. Ho trur bruken av sanserom er heilt nytt i barnehagesamanheng.

NRK Hordaland besøkte ein av barnehagane i DigiSus-prosjektet. Høyr intervjuet her. 

- I nesten eitt år har vi jobba med Makey makey, eit oppfinningsverktøy som koplar saman kvardagslege ting til programvare. Så vi har lært oss å programmere sånn at vi kan gjere endringar og lage nye scener i fabrikken. Rommet skal skape undring og utforsking blant barn i alle aldrar, fortel Helland.

Reiste til USA

Saman med fem HVL-forskarar og tre andre barnehagerepresentantar drog Helland denne hausten til USA for å lære meir om design i estetiske og digitale sanserom. I New York og Boston blei dei dessutan introdusert for ny teknologi og har fått omvising i museum for barn.

Den digitale og estetiske kompetansehevinga er eit resultat av DigiSus-prosjektet, som står for Building Sustainable Digital Practices in Kindergarten Literacy and Arts Programmes (DigiSus). DigiSus er eitt av seks prosjekt som i fjor fekk midlar av Forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT). Målet er å gi barnehagebarn kunnskap og deltaking i musikk og berekraftig teknologi.

Blir forskingsprosjekt

Førstelektor og prosjektleiar Ingrid Arnesen Råheim Grønsdal ved Institutt for kunstfag, campus Stord, fortel at utprøvinga og kompetanseutviklinga i barnehagane blir ein del av ein forskingsrapport hos HVL. I DigiSus er det også lagt inn ei stipendiatstilling.

- Vi har undersøkt haldningane til og praksisar ved bruk av digitale verktøy og estetiske fag blant barnehagetilsette. På bakgrunn av dette blir det publisert ein større rapport, og fleire artiklar på sikt.

- Kvifor er det viktig med kreativ og teknologisk kunnskap?

- Vi har tru på at kompetanseheving blant dei tilsette også vil auke kvaliteten på tilbodet som barna møter i barnehagen. Digital kompetanse er også formulert i rammeplanane. Gjennom DigiSus lærer dei tilsette digital teknologi gjennom koding for å skape estetiske, sansbare opplevingar for og saman med barn. Det stimulerer til fantasi og skaparglede.

Koda ein magisk skog

Martin Rio ved Onarheim barnehage fortel at deira sanserom er ein magisk skog med ein alv som gir borna oppdrag. For eksempel kan barna bli spurt om å finne steinar som dei skal måle i ulike fargar.

- Ved hjelp av Makey makey vil det komme lydar og røyster når barna tar på forskjellige ting i rommet. Lydane vil også forandre seg om det er «natt» eller «dag» i sanserommet. Ved å få oppdrag frå alven opnar det opp for kreative formingsprosjekt der barna på sikt kan lage sine eigne historier. Eg trur prosjektet vil hjelpe barnehagane å implementere digital bruk i kvardagen utan at det blir mindre leik, seier han.

Les meir om DigiSus her.

Fakta DigiSus ved HVL:

  • Prosjekt finansert av FINNUT, 2017-2020.
  • Åtte barnehagar og 16 tilsette, alle på Stord og i Tysnes, bidrar i DigiSus.
  • Maren Odland (Sagvåg maritime barnehage), Mariann Lie Helland (Sæ barnehage), Martin Stensaker Rio (Onarheim barnehage) og Ingrid Dalland Raa (Vågsmarka barnehage) er representantar frå alle barnehagane.
  • Av forskarar ved HVL Campus Stord er det Vigdis Vangsnes, Liv Ingrid Fjellanger, Katrine Borgenvik, Kirsti Aksnes, Magne Espeland, Hannah Belskvik Hansen, Åsmund Espeland og Ingrid Grønsdal som deltar.
  • Denne hausten besøkte dei fagmiljøa i New York og Boston, mellom anna Children’s Museum of the Arts, New York University, Boston Children Museum og Lifelong Kindergarten Lab.
  • Heimeside: http://casecenter.no/projects/building-digisus/