Gav KI ein eigen PC – fekk éin million frå Innovasjon Noreg

Thomas Solberg Irgens og Philip Hodne testa ut fleire ulike oppstartsprosjekt før dei knekte koden. No får dei millionstøtte frå Innovasjon Noreg si tilskotsordning for studententreprenørskap.

– Problemet vi jobbar med å løyse er at det er mange oppgåver som er for små til å prioritere, men for tidkrevjande og ressurskrevjande til å løyse manuelt eller med kode. Kunstig intelligens kan gjere mange av desse oppgåvene, seier Thomas Solberg Irgens.

Han har ein mastergrad i ansvarleg innovasjon og entreprenørskap frå HVL, og til dagleg jobbar han med KI for oljefondet.

I fjor starta Thomas, saman med Philip Hodne, som har ein mastergrad i industrielt design frå NTNU og no studerer økonomi ved NHH, opp bedrifta Midpilot.

I år fekk bedrifta ei løyving på éin million kroner, via Innovasjon Noreg si tilskotsordning for studententreprenørskap, STUD-ENT. Men kva er det eigentleg karane i Midpilot gjer?

– Vi har gitt kunstig intelligens eit verktøy som menneske har; KI-en vår kan nemleg bruke ein PC, seier Thomas.

Han nemner eit døme: Ei KI-teneste som ChatGPT kan ikkje bestille pakkar i posten for deg, fordi den ikkje kan logge inn på tenester som HeltHjem og liknande. Ein kunne ha koda eit eige verktøy som lar ChatGPT gjere dette, men Midpilot har tatt det eitt steg lenger.

– Vi har gitt ChatGPT det beste verktøyet: ein eigen PC, fortel Thomas.

Derfor kan KI-en deira blant anna gjere oppgåver som å jobba med Excel og å google ting for deg.

Prøving og feiling

– Før vi landa på det vi held på med no, testa vi ulike idéar eit heilt år. Vi har hatt fem minioppstartsprosjekt under det same firmanamnet, og så har vi justert konseptet, seier Thomas.

Desse fem miniprosjekta bygde på kvarandre, og kunnskapen dei tileigna seg gjennom eitt prosjekt, tok dei med vidare i det neste. Metoden ser ut til å ha funka, for no får dei som nemnt ein innovasjonsmillion på konto.

Millionen frå Innovasjon Noreg sørger for at Thomas og Philip no kan satse for fullt på Midpilot.

 – No har vi funne noko som funkar, så no kan vi ha fullt fokus på å vidareutvikle og selje, fortel Thomas.

Framover tar planlegg dei å ta for seg seg ulike nisjemarknadar og bruke desse som eit springbrett for bedrifta.

– Vi har komme inn i ein ny fase no. For å kunne marknadsføre bedrifta betre, spissar vi oss inn mot éin og éin bransje av gongen, seier den engasjerte gründeren.

Masteren kjem godt med

Gjennom utdanninga ved HVL har Thomas fått med seg mykje god fagleg ballast og eit breitt nettverk innanfor innovasjon og entreprenørskap. Han trekker blant anna fram dei engasjerte fagfolka ved høgskulen.

– Med éin gong eg begynte på denne masteren, var det mange engasjerte folk frå ulike fagretningar som inviterte til oppstartsprosjekt og liknande, seier han.

På studiet lærte han mykje om strategi og korleis ein kan forstå marknaden.

– Men det viktigaste var likevel å vere med likesinna studentar som var keative og likte å skape ting, seier Thomas.