– Ein rapport som styrkar oss

– Kierulf-utvalet har lukkast i å gi oss eit arbeidsgrunnlag vi kan styrke oss på, seier rektor Gunnar Yttri i HVL om rapporten om akademisk ytringsfridom som vart lagt fram i dag.

– Rapporten er særleg viktig for vår høgskule og for det nye universitetet vi byggjer. Ikkje minst fordi vårt arbeid står i eit stadig samspel med praksisfelt, ulike eksterne aktørar og samarbeidspartar, understrekar Yttri før han utdjupar:

– For at vi skal vere truverdige som institusjon, for at vårt arbeid – i utdanning, forsking, nyskaping – skal ha legitimitet, må vi bygge på eit vitskapeleg grunnlag og vere frie og uavhengige.

– Desse kvalitetskrava er ufråvikelege og ligg i botn for heile vår verksemd, presiserer rektor.

Han legg til:

– Tyngda av utdanningane våre vil både gi teoretiske innføringar og søke  erfaringar og ferdigheiter frå praksis. Forskinga vår er basert på vitskaplege metodar og vil for ein stor del ha utgangspunkt i problemstillingar som er henta frå profesjonane eller arbeidslivet.

Og:

– Arbeidet med innovasjon er i eit kontinuerleg vekselspel mellom vitskap og praksis, mellom teori og erfaring, mellom akademi og arbeids- og næringsliv.

– Med dette som bakteppe for vår profil og framvekst er rapporten særs viktig. Den rammer inn viktige verdiar og kjenneteikn ved vår verksemd.

– Samstundes må vi erkjenna at akademisk fridom og akademisk ytringsfridom er handlingar innanfor gitte samanhengar. Nett difor er det godt, nyttig og styrkande med ein rapport som både gjer tydeleg viktige prinsipp og dilemma både institusjonen og den einskilde tilsette kan stå i.

Rektor meiner rapporten trekk opp fleire moment å merke seg.

– Eg likar at rapporten på den eine sida trekk opp ei større ramme for kva akademisk ytringsfridom er og inneber. Den samtalen må vi alltid ha gåande. Det sanningssøkande er ein grunnmur for vårt samfunn og kunnskapsutvikling.

– Så legg rapporten og fram konkrete lovforslag, råd og tiltak knytt til formidling, ytringsvettreglar og sterkare merksemd på opplæring.

– Det er vi sjølv som må gjere arbeidet

– Elles merka eg meg det klåre bodskapet om norsk fagspråk og koplinga til akademisk ytringsfridom. Her skal vi spela ei viktig rolle framover.

Rektor trekk fram at rapporten også utfordrar.

– Vi lever i ei verd kor sanninga vert utfordra og kor debattklima hardnar til. Viktige verdiar står under press dagleg. Dette er trugslar mot demokrati og det rokkar ved grunnleggjande tilhøve i samfunnet vårt. Her har høgskular og universitet ei særs viktig rolle. Her må vi stå opp og setja spor.

Rektor ser fram til debatten som følgjer. HVL vil utarbeida eit godt høyringssvar.

– Eg har uansett veldig sans for at Kierulf-utvalet løfter fram den einskilde institusjon med leiing og tilsette sitt ansvar for å hegna om og utvikla den akademiske ytringsfridomen. Det er vi sjølv som må gjere arbeidet. Vi vil gjere vårt, avsluttar rektor.

Les pressemelding frå Regjeringa: Behov for ytringsvettregler, lovendringer og bedre opplæring for å styrke akademisk ytringsfrihet (regjeringen.no)

Fakta: NOU 2022: 2

Onsdag 30. mars leverte utvalet som har vurdert kåra til den akademiske ytringsfridomen si utgreiing: «Akademisk ytringsfrihet – God ytringskultur må bygges nedenfra, hver dag». Det er Anine Kierulf som har leia arbeidet.

Mandatet til det regjeringsoppnemnte utvalet har hatt tre hovudområde:

  • Beskrive moglege truslar mot akademisk fridom
  • Gje eit grunnlag for å drøfte akademia sine føresetnader for å bidra til samfunnsdebatten
  • Vurdere om lovverket bør endrast for ytterlegare å sikre akademisk tilsette ytringsfridom