Ein sjukepleiar og ein klinisk psykolog = forsking som ser heile menneske

John Roger Andersen er sjukepleiar og Christian Moltu er klinisk psykolog. Saman har dei bygd opp eit sterkt forskingsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet og i Helse Førde innan persontilpassa behandling. Her blir heile menneske sett.

For dette vann dei Samarbeidsprisen ved Fakultet for helse- og sosialvitskap sin Forskingskonferanse førre veke. Forskingsmiljøet har vakse fram i samarbeid mellom forskargruppene Folkehelse, livsstil og overvekt og Psykisk helse og rus, som er leia av John Roger Andersen og Christian Moltu. Begge gruppene er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Helse Førde.

- Miljøet har i mange år samarbeida på tvers av fagfelt og sektorar, med både spesialisthelsetenesta og kommunar. Det er tydeleg brukar- og tenesteinvolvering i prosjekta, og forskinga bidreg til å kome forbi eit kunstig skilje mellom det psykiske og det fysiske – det involvere heile mennesket, skriv juryen i si grunngjeving.   

- Denne prisen er ei svært hyggeleg anerkjenning av det arbeidet alle dei involverte har lagt ned gjennom dei seinare åra. Spesielt er det fint å få vise fram det svært aktive miljøet som arbeider i skjeringspunktet mellom HVL og Helse Førde, og den nytta vi har av nettopp dette samarbeidet ved Campus Førde. Vi opplevde tidleg at det mest spennande skjedde i samarbeidet mellom dei to forskargruppene, heller enn atskilt i kvar av gruppene, seier Moltu og Andersen etter å ha motteke prisen.

Regionalt samarbeid

Over 200 tilsette frå Fakultet for helse- og sosialvitskap var til stade på konferansen, samt utvalde samarbeidspartnarar. Tema var Samarbeidsforskning – til nytte for kven.

Dekan Randi Skår opna konferansen.

- Temaet for årets konferanse kunne ikkje passa betre for vårt fakultet med sine forskargrupper på tvers av geografi og organisasjon. Forskinga vår er kjenneteikna av tette kobling til dei regionale helse- og sosialtenestene og til brukarar både på individ- og systemnivå, sa Skår.

Randi - åpning.jpgBilde: Dekan Randi Skår opna konferansen. 

Samarbeid regionalt, særleg med helsetenesta på Vestlandet, har prega forskinga til Andersen og  Moltu, og blei og framheva av juryen.

- I forskingsmiljøet er det mange ulike fagbakgrunnar, frå sjukepleie, psykologi, fleire medisinske fagfelt, fysioterapi og ulike samfunnsvitskaplege fag. Dei samarbeider regionalt, særleg med helsetenesta på Vestlandet, men også internasjonalt. Andersen og Moltu kjem frå to ulike forskingstradisjonar. Deira kompetanse utfyller kvarandre og dei har omfattande nettverk innanfor sine fag, skreiv juryen.

Norse – brukermedvirkning i praksis

Det heile starta i 2014. Det fyrste store forskingsprosjektet dei gjorde saman var prosjektet Norse Feedback - building bridges between psyche and soma through personalized dynamic mental health systems, som har blitt ein stor suksess. På konferansen holdt Moltu innlegg om dette prosjektet og samarbeidet dei har hatt med leiarar, klinikarar og pasientar.

Moltu.jpgBilde: Christian Moltu holdt innlegg på konferansen om Norce Feedback. 

Norse står for Norwegian Outcome Response System for Evaluation. Det er eit elektronisk verktøy der pasientar i psykisk helsevern deltek i persontilpassa monitorering av korleis behandlinga verkar.

Alt skjer elektronisk via mobil eller nettbrett. Pasienten får sms med lenke til eit skjema. Når skjemaet er fylt ut, blir ein rapport umiddelbart tilgjengeleg for behandlaren.

I skjemaet som pasienten fyller ut rapporterer dei og på livssituasjon. Kva for psykiske vanskar dei sjølv opplever at dei har, kva utfordringar dei opplever, men og kva moglegheiter og ressursar dei har som kan hjelpa dei å blir betre. Familiesituasjon, venner, nettverk, jobb, stress og fysisk helse er noko av det som blir kartlagt, i tillegg til symptom som angst og depresjon.

Det gir eit heilskapleg bilete av pasienten sin livssituasjon.

Det ser heile menneske.

Verktøyet er utvikla i tett samarbeid med behandlarar og pasientar, og blir brukt systematisk gjennom heile behandling. Slik kan behandlinga tilpassast og endrast ut frå tilbakemeldinga frå pasienten.

I dag er Norse tatt i bruk i fleire norske kommunar, sjukehus, fastlegar og hos private tilbydarar innan psykisk helse og rusbehandling. Metoden er også eksportert til utlandet.

Ny forskingsgruppe frå 2023

Frå januar 2023 vert forskingsgruppene Folkehelse, livsstil og overvekt og Psykisk helse og rus lagt ned og erstatt av ei forskargruppe for persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK). Denne gruppa er også eit samarbeid mellom høgskulen og Helse Førde.

PERSONFORSK er ei vidareutvikling av forskingsmiljøet, og har som hovudmål å bidra med forsking av høg internasjonal kvalitet som fører til betre og meir persontilpassa helsetenester. Dei skal ha særleg ha fokus på helsehjelp der samanhengen mellom det psykiske, somatiske og det sosiale er viktig.  

Juniorforskar – lovande forskarar med stor kapasitet og utstrekt samarbeid

På konferansen var det fleire parallellsesjonar, der tema var folkehelse- og velferdsforsking, personsentrert helseforsking, læring og utdanningsforsking, tenesteforsking og innovasjon og implementering.

Det blei og delt ut prisar til beste Juniorforskar og beste Poster. Juniorforskar-prisen skal framheva forskarar som står i starten av ei lovande forskarkarriere. Den går til ein kandidat som har avlagt doktorgrad i løpet av dei siste fem åra, som er innovativ og som samarbeider med andre sektorar, både nasjonalt og internasjonalt.

I år gjekk prisen til Kristine Berg Titlestad og Lillian Bruland Selseng. Dei er saman prosjektleiarar for prosjektet Etterlatte ved narkotikarelatert død (END- prosjektet), eit stort nasjonalt forskingsprosjekt som starta i 2017. END-prosjektet forskar på kva konsekvensar og belastningar narkotikadødsfall har for nære etterlatne, korleis dei meistrar kvardagen og kva støtte dei får frå hjelpeapparatet. 

Juniorprisen.jpgBilde: Kristine Berg Titlestad og Lillian Bruland Selseng mottek prisen for beste Juniorforskar. 

- Dei har vist seg som lovande forskarar med stort engasjement, god progresjon og forskingsbidrag av stor betydning. I dag leiar dei eit stort, viktig og innovativt prosjekt finansiert av Norges Forskingsråd. END- prosjektet er i tett samarbeid med brukarar og ulike aktørar i helse – og velferdstenestene. Dei har og omfattande samarbeider med utanlandske forskingsmiljø innanfor rusfeltet. Begge har stor kapasitet, er opptatt av å dele kunnskap, både innan undervisning og med helse- og velferdstenestene, skriv juryen.

- Me er heldige, tusen takk til komiteen for at vi dykk valte oss, sa Titlestad. 

- Ein spesiell takk til Kari Dyregrov som starta dette fantastiske prosjektet. Takk også til prosjektgruppa. Det me har fått til, har me fått til saman, sa Selseng.

Beste poster – funn av stor betydning

Prisen for beste poster gjekk til Roger Ekeberg Henriksen, Roy Miodini Nilsen og Ragnhild Strandberg for posteren Lonliness increases the risk of type 2 diabetes.

Artikkelen blei publisert i Diabetologia, eit tidsskrift om diabetes, 28. september i år. Forskinga deira viste at einsemd er ei direkte årsak til diabetes type 2, ein av verdas ti mest dødelege sjukdommar. Risikofaktoren er på nivå med andre typiske faremoment, slik som dårleg kosthald og lite fysisk aktivitet. Funna fekk stor internasjonal merksemd då dei blei publisert.

VinnerPoster.jpgBilde: Roger Ekeberg Henriksen, Roy Miodini Nilsen og Ragnhild Strandberg vann pris for beste Poster med posteren Lonliness increases the risk of type 2 diabetes.

Til samen 41 postarar blei stilt ut på konferansen. For nokon var det fyrste gong dei stilte ut.

- Eg håpar at denne konferansen kan vere eit springbrett for dei som formidlar forskinga si for første gong og at ein blir inspirert til å melde abstract og poster til nasjonale og internasjonale konferansar. Det er viktig at forskarsamfunnet får ta del i alle dei gode bidraga til kunnskapsutvikling, sa dekan Randi Skår under konferansen.

Poster FHS.jpg

Poster2.jpgBilder: 41 postarar blei stilt ut på konferansen. Mange var rundt og kikka og stemte på sin favorittposter i pausane.