Er små kommunar best? Eller verst?

Omsorgstenester er den største utgiftsposten for norske kommunar, og det finst store kvalitetsforskjellar i tilbodet. No skal forskarar ved HVL kartlegge uønskt variasjon.

Kommune-Noreg er så mangt. Ulike grupper kan få heilt ulike tilbod frå stad til stad – noko som kan vere problematisk, særleg innan feltet helse og omsorg.

- Pleie og omsorgsfeltet utgjer ein firedel av utgiftene til norske kommunar. Rapportar frå Helsetilsynet, Riksrevisjonen og pasientombodet tyder på store kvalitetsforskjellar her, og dette vil vi no sjå nærare på, seier Oddvar Førland, professor ved Senter for omsorgsforsking ved HVL.

Bra og dårleg variasjon

Førland skal leie eit årelangt forskingsprosjekt på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Oppgåva blir å granske variasjon og uønskt variasjon i kvalitet i helse- og omsorgstenestene i kommunane – eit høgst fagleg og politisk emne. Debatten om kva organisering som er best for kommune-Noreg, kjem igjen og igjen. Er kommunane robuste nok til å handtere behova til innbyggarane sine? Har dei nok kompetanse når dei står aleine, eller blir fagmiljøa for små for sårbare grupper? Eller er folk lykkelegare i små kommunar med kort veg til den lokale makta, slik Senterpartiet meiner?

Spørsmåla er mange og viktige, sidan dei rører ved noko av det mest grunnleggande i livet til nordmenn – det lokale velferdstilbodet. Og lokal variasjon er langt ifrå berre negativt, understreker Førland. Noreg har lange tradisjonar for at tenester skal utformast lokalt, utan veldig detaljerte statlege kriterium. Det finst det gode grunnar til:

- Viss det skal vere utvikling og nytenking i tenestene, må nokon gå fremst. Og då oppstår det forskjellar. Kanskje vil ein kommune prøve ut nye tenestetilbod for heimebuande som har opplevd nyleg funksjonstap, som såkalla kvardagsrehabilitering. Halvparten av kommunane gjer dette no, men dermed er det også ein annan halvpart som ikkje gjer det, seier Førland.

- Andre – om lag en firedel av kommunane – har starta med førebyggande heimebesøk til eldre. At nokon gjer forsøk med nye tiltak som dette, fører til utvikling, men også til kommunale forskjellar i tenestetilbodet.

Bruker statistikk og intervju 

Mindre bra er det når livsviktige tenester som kommunane er pålagde, ikkje held mål, eller er vesentleg dårlegare enn dei skal vere. Styresmaktene har oppretta ei rekkje kvalitetsindikatorar på ulike felt som kommunane handterer. På felta sjukeheim og heimetenester finst det i alt 18 indikatorar, som til dømes: ventetid for å få tenesta, sjukefråvær i tenesta, legetimer per bebuar, einerom med eige bad eller ikkje, og så vidare.

- Både Helsetilsynet, Pasientombodet og Riksrevisjonen har påpeikt at det finst uheldige variasjonar her. Styresmaktene ønskjer meir dokumentasjon om dette enn det dei har i dag, seier Førland.

Førland er prosjektleiar for det nye forskingsprosjektet som skal levere data om dette. Med seg har han forskarar frå eige senter ved HVL, i tillegg også frå NTNU og frå Høgskulen i Volda. Saman kjem dei til å gjere analyser basert på data frå kommunane, slik som KOSTRA og Iplos, levert av kommunane sjølve. Vidare vil dei også sjå på brukarane sine eigne vurderingar av tenestene – noko som går fram frå offentlege undersøkingar.

I tillegg til desse statistiske analysane, vil prosjektet inkludere ei kunnskapsoppsummering og ei kvalitativ undersøking. I den kvalitative delen skal forskarane gjere intervju med kommunalsjefar innan helse- og omsorgstenestene, der dei får sjansen til å gjere nærare greie for sine eigne kommunar, korleis dei rapporterer og korleis ein skal tolke registerdata dei leverer.

- Forskinga vår vil gje djupare innsikt i variasjonen i kvaliteten på tenestene til kommunane. Vi trur det blir eit viktig prosjekt, både for  Helse- og omsorgsdepartementet, kommunane og for HVL, seier Førland.