Får 10 millionar til å auke kunnskap om korleis ein kan hjelpe skulebarn med synsvanskar

Høgskulen på Vestlandet har bidratt til å utdanne 30 pedagogar i Tanzania innan læring og synsvanskar hos skulebarn. No får HVL 10 millionar til eit nytt treårig prosjekt som skal bidra til at enda fleire barn kan få ein betre skulekvardag.

– 44 prosent av Tanzania si befolkning er under 15 år. Mange av desse har undervisning i mørke klasserom, der elevane må skrive av det som står på tavla, i mangel på skulebøker. Det betyr at også små synsvanskar får alvorlege konsekvensar for læringa, fortel Gunvor B. Wilhelmsen.

Ho leiar prosjektet Securing Education for children in Tanzania (SecEd), og er glad for at Høgskulen på Vestlandet no har fått 10 millionar frå NORHED til å vidareutvikle forsking og utdanning knytt til synsvanskar hos barn.

Kartlegger barna sitt syn

I Tanzania finst det ein statleg lærarhøgskule for spesialpedagogikk. Det er ved denne skulen HVL har bidratt til å auke kompetansen om synsvanskar hos barn.

– Pedagogane har mellom anna lært korleis ein kan kartlegge barna sitt syn. I tillegg har dei lært ulike metodar for korleis ein kan legge undervisninga betre til rette, og korleis ein kan trene muskulaturen for å få elevane til å sjå betre, fortel førsteamanuensisen.

Ifølgje Wilhelmsen vil ikkje briller alltid vere det som løyser utfordringane for desse skuleborna, både på grunn av økonomi og mangel på augelegar.

– Det er veldig få augelegar i Tanzania, og generelt få ressursar i helsesystemet. Vårt mål med prosjektet er å auke kunnskapen slik at ein kan lette barn si læring til tross for omgjevnadene, seier ho.

Visuell læring

Det nye prosjektet har fått namnet «Learning is Visual» og skal vare i tre år.

– Med dei nye midlane skal spesialkompetanse på syn og læring bli ei masterfordjuping i spesialpedagogikk ved University of Dodoma, fortel ho.

Wilhelmsen er den einaste synspedagogen som jobbar innan lærarutdanningane i Noreg, og ho er glad for å kunne bidra på eit felt som har så stor innverknad på barns læring.

– Det er veldig få barn som er medvitne om sine eigne synsvanskar. Dei ser jo alt frå sin ståstad. I arbeidet vårt har vi møtt mange takksame barn som no har blitt møtt med forståing for kva som har hindra læringa deira, seier ho.

Den globale smittesituasjonen knytt til koronapandemien har så langt satt ein stoppar for reiser til Tanzania, og mykje har blitt løyst digitalt sidan mars 2020.

– Eg ønskjer å reise til Tanzania så snart det er mogleg, men vi har heldigvis også høve til å undervise og halde møter via Zoom i desse tider, seier Wilhelmsen.

Les ei tidlegare sak på hvl.no her: Gode resultat i samarbeidsprosjekt - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) 

Fakta om NORHED 

NORHED – Noreg sitt program for kapasitetsutvikling innnan høgare utdanning og forsking blei etablert av Norad i 2012. 

NORHED-programmet sitt mål er å styrke kapasiteten til høgare utdanningsinstitusjonar i låg- og mellominntektsland, slik at dei kan uteksaminere fleire og betre kvalifiserte kandidatar, samt produsere auka mengd forsking av god kvalitet, gjennomført av landa sine eigne forskarar. Programmet har seks fokusområde: 

  • Utdanning
  • Helse
  • Naturressursforvaltning, klima og miljø 
  • Økonomisk og demokratisk styresett 
  • Humaniora, kultur, media og kommunikasjon 
  • Kapasitetsutvikling i Sør-Sudan