Får pengar til oppgradering av campusane

HVL fekk i dag 6,5 millionar kroner av Regjeringa til tre gode campusprosjekt. Stord får 2 millionar kroner til å ruste opp og fornye området kring studentkantina. Også campusane i Førde og Bergen får pengar til spennande prosjekt.

I ettermiddag fekk Campus Stord besøk av stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) og lokalpolitikar Geir Angeltveit (V). Med seg i kofferten hadde dei friske pengar til HVL.

For Stord sin del skal midlane på to millionar kroner gå til oppgradering av kafé- og vrimlearealet som ligg midt i campusområdet.

- Kjekt å kunne bidra til å utvikle campusen og eit positivt studiemiljø. Me trur at dette vil auke attraktiviteten, seier Liv Kari Eskeland og Geir Angeltveit.

Eige campusprosjekt

Prorektor for nærregion Stord/Haugesund, Liv Reidun Grimstvedt, tok i mot tildelinga på vegne av HVL.

- Veldig kjekt, og midlane kjem godt med. Me skal i gong med eit større campusutviklingsprosjekt og dette passar fint inn der.

- Det er viktig med moderne og gode areal kor studentar kan studera og trivast, seier Grimstvedt.

Søkte om sju

Bakgrunnen for dagens tildeling frå Kunnskapsdepartementet er at Regjeringa i statsbudsjett for 2020 har satt av 161 millionar kroner til oppgradering av bygg og lokalar for universitet og høgskular. 

Direktør for økonomi og arealforvaltning i HVL, Helge Skugstad, er også glad for tildelinga.

- Vi søkte om sju gode prosjekt og fekk tildeling til tre av dei. Det er bra.

Han fortel at prosjekta vart handsama i HVL-styret i april, og at dei inngår som ein del av HVL sitt strategiske campusutviklingsarbeid.

Når det gjeld arbeidet på Stord fortel Skugstad om eit god samspel med Saman.

- På Stord har vi behov for å modernisere og fornye delar av campusen. Gode møteplassar og attraktive arbeidsplassar er viktig. I lag med Saman jobbar me no med planar for å oppgradere kaféareal, vrimleareal og tidlegare areal kor bokhandelen låg. Dette blir veldig bra.

Oppgraderer «Lettbygget» i Førde

Ved campus Førde handlar det om å betre situasjonen både for studentar og tilsette. Her er løyvinga frå Regjeringa på tre millionar kroner.

- Det er trongt på campusen vår i Førde. Me har for få grupperom og dei blir brukt både til undervisning og gruppearbeid.

- Fram til 2017 hadde me tilgang til eit midlertidig bygg på området som avlastingsbygg. Dette «lettbygget» er eit modulbygg, som etter kvart ikkje svara til dei tekniske forskriftene. Det innebar at me måtte leige lokalar eksternt. 

- Med denne tildelinga er planen vår å oppgradere og sette «lettbygget» i god stand, slik at me får samla aktiviteten i gode og tenlege lokale. 

Klima i Bergen

Ved campus Bergen vil det bli bygd eit nytt klimarom for tildelinga på 1,5 millionar kroner.

- Klimarommet vil bli det første på Vestlandet i sitt slag. Det kjem til å bli brukt både i undervising og forsking. Det er heilt i tråd med strategien vår om å satse på berekraft, og det å vere nyskapande og innovative.

Skugstad opplyser at midlane frå departementet kun skal gå til bygg og lokalar, og ikkje til innkjøp av utstyr og inventar.

- Og som institusjonen må me sjølv stille med ein eigenandel på minimum 50 posent av byggeprosjekta sin totale kostnad.