Feira 150 år med ingeniørutdanning

Reisa frå etableringa av Bergen Tekniske skule i 1875, til å bli ei av dei største ingeniørutdanningane i landet, vart feira med brask og bram då Høgskulen på Vestlandet markerte 150-årsjubiléet for ingeniørutdanninga i Bergen.

- I dag går gratulasjonen til heile HVL, men spesielt til fakultetet, sa rektor Gunnar Yttri.

Han helsa gjester, tidlegare studentar og tilsette under arrangementet som kasta lys over ingeniørutdanninga si utvikling gjennom ei lang og innhaldsrik historie.

Frå eliteskule til masseutdanning

I 1875 starta 26 elevar opp ved Bergen Tekniske Skole. I dag blir rundt 350 nye ingeniørar utdanna ved Høgskulen på Vestlandet kvart år. Store samfunnsendringar som industrialisering, elektrifisering og digitalisering har drive fram behovet for stadig fleire ingeniørar. Ingeniørane har på si side spela ei viktig rolle for utviklinga av byen, regionen og landet, men også utanlands.

Historikar ved HVL Håvard Brede Aven drog publikum gjennom utviklinga og viste korleis utdanninga har endra seg i takt med samfunnsutviklinga.

– I starten var Bergen Tekniske Skole på ingen måte for alle - det var ei utdanning for "bemidla" familiar. Det var ikkje meint som ein utdanningsinstitusjon for massane, men den fekk etter kvart eit større omfang enn først planlagt, sa Aven.

Den allsidige ingeniøren

Varaordførar i Bergen kommune Thomas Flesland har sjølv jobba som ingeniør. Han peika på at dagens nye ingeniørar framleis har ei viktig oppgåve å gjere.

– Marknadene endrar seg raskt, og med det oppstår heilt nye verdikjeder.
Det gjer at selskapa må omstille seg, utvikle seg, og heile tida sjå etter nye moglegheiter. For lukkast med dette treng ein dei rette folka. Og kven er det?
Jo, ingeniørane, sjølvsagt, sa varaordføraren. 

Tidlegare studentar framheva den allsidige kompetansen utdanninga ved høgskulen har gitt dei. Blant dei var Kathrin Jakobsen, seksjonssjef for forsking, kompetanse og internasjonalisering i Vestland fylkeskommune, og Simon Eilertsen, konserndirektør i Bulder Bank. 

Tidlegare studentar: Kathrin Jakosen tok EDB-utdanning på 80-talet. Simon Eilertsen har ein master i innovasjon og leiing frå høgskulen. 

Jakobsen, som gjekk ut frå den såkalla EDB-linja i 1985, tok utdanninga i ei tid der datateknologi var eit forholdsvis nytt fag for dei fleste.  

– Då eg starta på studiet hadde eg aldri sett ei datamaskin før, men det må tyde på at ingeniørhøgskulen var tidleg ute! sa Jakobsen. 

Etter nokre år i arbeidslivet utdanna ho seg seinare til sosiolog.

– Likevel er det dei to åra på EDB-linja som har gitt meg mest "kred" gjennom karrieren! humra Jakobsen.

Ho understreka samtidig at behovet for ingeniørar er sterkare enn nokon gong: 

– Den største utfordringa vi har i dag, er å få fleire unge til å velje realfag. Dette må vi gjere saman. 

Starta tidskapsel som tel ned til dei neste 150 åra

Trond Mohn, som gjennom Framostiftinga har gitt store beløp til utstyr og fasilitetar ved ingeniørutdanninga i Bergen, var ein av heidersgjestene under feiringa. Han fekk æra av å sette i gang ein tidskapsel som vil telle ned dagane dei neste 150 åra. Tidskapselen vil henge i den nye innovasjonsverkstaden som blei opna på høgskulen same dag. 

Trond Mohn og styrleiar for Framostiftinga Ole Gunnar Søgnen (tidlegare dekan og rektor ved Høgskolen i Bergen) var blant æresgjestene under feiringa.

Dekan Jens Kristian Fosse er i dag øvste sjef for eit fakultet som rommar stor fagleg breidde, frå ingeniør- og teknologifag til økonomi, nautikk, samfunnsfag og juridiske fag.

Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har i jubileumsåret om lag 5 650 studentar, 510 årsverk, og tel tilsette frå over 20 nasjonar.

– Fakultetet har eksistert i snart to år og har både ei kort og ei lang historie. I dag rommar det ei fagleg breidde som gir mange moglegheiter, sa Fosse. 

Stort behov for innovasjon

I dag står utdanninga midt i ein epoke prega av grøn omstilling og eit akutt behov for innovasjon. Prorektor for nyskaping og regional utvikling Øyvind Midtbø Berge viste til Draghirrapporten som kom i fjor haust. Den illustrerte at europeisk næringsliv er i ferd med å sakke akterut samanlikna med Asia og USA. Ei av årsakene er at universiteta bidrar for lite til kommersialisering og forskingsbasert innovasjon.

– Dersom næringslivet skal auke si globale konkurransekraft, er svaret at vår sektor må bidra meir. Anten det skjer gjennom kunnskap og forsking som bedriftene tar i bruk, eller gjennom å utdanne kandidatar som regionen treng. Dette oppdraget tar høgskulen og fakultetet på alvor kvar einaste dag, sa Berge. 

Lanserte podcast 

På jubileumsmarkeringa lanserte dekanen også ein heilt fersk podcast om ingeniørutdanninga si historie. Dei to første av totalt fem episodar ligg no ute på ulike plattformar der du lyttar til podcast. I serien møter vi mellom anna historikarar, tidlegare studentar og tilsette som kastar lys over historia til ei utdanning som har vore med på å bygge det moderne Noreg. 

Lytt til podcasten "Ingeniørane som bygde Vestlandet"

Les meir om ingeniørutdanninga si historie i saka "Ein ingeniør for si tid".

Etter den offiselle markeringa i høgskulen si storstove "Mimes brønn", var det tid for kake og mingling. Fagmiljøa stilte ut nytt og gammalt utstyr i foajeen på campus Bergen.