Fekk høgthengande midlar - vil løfte aktivitetsnivået til dei yngste

Korleis få barn til å røre meir på seg i barnehagen? Eivind Aadland er tildelt FRIPRO-midlar for unge forskingstalent for å undersøke dette spørsmålet.

Den unge professoren er tilknytt Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Campus Sogndal, og har allereie jobba med temaet fysisk aktivitet i barnehagen over fleire år. I første rekke har prosjektgruppa hans kartlagt korleis det står til med aktivitetsnivået blant barnehagebarn i over halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane. No, gjennom prosjektet ACTNOW, er han klar til å starte omfattande tiltak for å auke den fysiske aktiviteten blant barna.

- Vi veit at kortvarige tiltak gjennomført av ekspertar som går inn i barnehagar, ser ut til å fungere bra. Langvarige tiltak som blir gjennomført av personalet i barnehagane, fungerer derimot ofte mindre bra. Det tydar på at vi treng eit kompetanseløft for å auke fysisk aktivitet i barnehagen, seier Aadland.

Avgjerande å starte tidleg

Aadland og forskargruppa hans har fått åtte millionar kroner til å gjennomføre eit forskingsprosjekt over fire år. Målet deira er å utvikle ein berekraftig modell for å løfte aktivitetsnivået og auke kvaliteten på den fysiske aktiviteten til barnehagebarn. Vidare vil dei også finne ut kva fysisk aktivitet har å seie for barns generelle utvikling, læring og helse.

- Kvifor er dette viktig?

- Om lag tre firedelar av den fysiske aktiviteten til barnehagebarn i kvardagen, finn stad i tida dei er i barnehagen. Når vi i tillegg veit at Noreg er eit land med svært høg barnehagedekking, så har det som skjer i barnehagen stor betydning for barna, seier Aadland.

- Men treng vi å hjelpe små barn med å vere fysisk aktive – er ikkje barna aktive av seg sjølve, frå naturens side?

- Til ein viss grad ja – men vi finn også store forskjellar på det fysiske aktivitetsnivået hos barn allereie i ung alder. Gjennom barnehagen når vi alle barn, også dei som har størst behov for å bli meir aktive. Å starte tidleg er avgjerande for å skape livslange, gode levevanar, inkludert vanar for fysisk aktivitet.

Startar ei ny vidareutdanning

Det er første gangen nokon gjennomfører eit så omfattande forskingsprosjekt av denne typen knytt til fysisk aktivitet blant yngre barn. I tillegg til fagmiljøet innan idrett, er også barnehagelærarutdanninga med i prosjektet. Hovudgrepet er å skape eit kompetanseløft for personalet i barnehagen på feltet fysisk aktivitet, noko som i neste rekkje skal komme barna til gode gjennom meir og betre fysisk aktivitet.

Kompetanse er ei generell utfordring i barnehagesektoren – berre om lag halvparten av personalet i norske barnehagar har barnehagelærarutdanning. I tillegg har berre om lag ein femdel av personalet  kompetanse på fysisk aktivitet.

Gjennom ACTNOW vil forskingsgruppa innføre ei vidareutdanning på seks månader for barnehagelærarar og setje i gang gode prosessar i tett dialog med barnehagane. Denne vil gje dei solid kompetanse på fysisk aktivitet og korleis fysisk aktivitet og fysisk aktiv leik kan koplast til anna innhald og ulike fagområde i barnehagen. Barna si utvikling, læring og helse vil målast før og etter tiltaket for å undersøkje verknaden.

- Dersom denne modellen fungerer godt, og den gir barn og barnehagar eit løft på dette feltet, vil det vere eit viktig folkehelsetiltak for dei yngste. Så fremt den politiske vilja er der, vil dette kunne bli eit langvarig utdanningstilbod til barnehagesektoren. Vi håpar at modellen for kompetanseheving vi utviklar her, vil kunne brukast både ved HVL og over heile landet, så vel som internasjonalt, seier Aadland.