Fjell og snø styrte Atle mot nye energikjelder

Atle flytta frå Nord-Noreg og leitte etter ein studiestad som kunne matche den ville naturen der. Svaret vart Sogndal.

– Når ein har naturen så tett innpå seg, som regel utrulege skiforhold om vinteren og Jotunheimen ikkje langt unna, er det lett å velje Sogndal berre basert på dette. Det er jo heller ikkje til å stikke under ein stol at rykta om eit svært godt studentmiljø gjorde valet mitt enklare. Dette seier Atle Skovli Berg, som studerer fornybar energi.

Framtidsretta utdanning

Med studiestaden i boks ville Atle finne eit studium som interesserte han og ville gi gode jobbmoglegheiter i framtida. Valet fall på ein bachelor i fornybar energi.

– Vi må begynne å sjå på andre kjelder for energi enn fossile kjelder, og sjølv har eg mest tru på offshore vindkraft. Vi har enorme ressursar rett utanfor kysten vår som vi ikkje brukar i dag. 

På den tverrfaglege bacheloren i fornybar energi har Atle ein fagkombinasjon som kan leie til mange forskjellige typar jobbar.

– Vi har hatt alt frå energifinans og matematikk til meir naturfaglege retningar som økologi og geologi, der vi har hatt ekskursjonar. Vi har òg fag som går spesifikt på fornybar energi, der vi går i detalj på ulike typar fornybar energi og korleis vi skal kunne dra nytte av desse. Det eg liker best er laboratorieøvingane, der vi gjer våre eigne berekningar og konklusjonar basert på eksperiment.

Hekta på naturen

Fritida til Atle blir for det meste brukt utandørs.

– Det går i ski om vinteren og stisykling og fjellturar om sommaren. I tillegg til dette sit eg i styret til Lurkarlaget, ein studentorganisasjon for friluftslivsinteresserte studentar. Vi arrangerer mange turar i løpet av året, og vi ønsker å få med oss flest mogleg på desse.

Det er ikkje mykje tid igjen til tv-en om kveldane når studiet skal få plass i tidsskjemaet...

Atle - kort fortalt

Frå Son i Akershus
Studium Fornybar energi
Kvifor Campus Sogndal Tett på naturen og utrulege skiforhold
Fritidsaktivitet Ski, stisykling og klatring
Sogndal med eitt ord Friskt!
Alltid i skulesekken Eit ekstra sett med øyreklokker
Sosialt Klatreveggen, ski på Svartholten eller ein tur på Meieriet