Flyttar inn i Alrek helseklynge

12. august flyttar Senter for omsorgsforskning Vest og Omsorgsteknologilaboratoriet ved HVL inn i nybygget til Alrek helseklynge. Målet med helseklynga er å styrke den praksisnære forskinga og formidlinga innan helse og omsorg.

Skanska har sidan august 2018 sprengt vekk, bora og støypt i Årstadveien 17 i Bergen. Denne veka ble Alrek-nøklene overlevert.

I midten av oktober inviterer helseklynga til opning. Bygget skal vere eit kraftsentrum for innovative helse- og omsorgsløysingar.

Sterkt fagmiljø innan tenesteforsking

Alrek skal huse tilsette og studentar frå ulike miljø og utdanningsinstitusjonar på Vestlandet. Her samlast blant anna medisin- og psykologistudentar, forskarar innan helse- og omsorgsteknologi, Bergen kommune sitt utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester og eit eige fastlegekontor – alt under same tak.

Frå Høgskulen på Vestlandet er det Omsorgsteknologilaboratoriet og Senter for omsorgsforskning, Vest som flytter inn i nybygget.

- Frå HVL kjem vi med eit sterkt fagmiljø innan tenesteforsking i den kommunale helse- og omsorgssektoren, e-helse og omsorgsteknologi, seier dagleg leiar ved senteret, Janne Bjorheim Bøe.

Fem regionale senter i Noreg

Senteret forskar på helse- og omsorgstenester, og er eit av fem regionale sentra i Noreg oppretta av Helse- og omsorgsdepartementet. Før sommaren leverte dei ein rapport om ulikheiter i kommunane sine omsorgstenester til eldre, på oppdrag frå helseministeren.

- Vi gleder oss til flytte inn i eit bygg som er designa for å skape møteplassar på tvers, og som vil styrke den praksisnære forskinga og formidlinga innan helse og omsorg, seier Bøe.

- Vi har allereie fagleg samarbeid med både Universitetet i Bergen, Norce og Bergen kommune, og ser fram til å effektivisere og utvide dette. Vi ønsker også at resten av HVL skal dra nytte av de nye, tette relasjonane til de andre miljøa i Alrek.

Eit laboratorium for løysingar

- Gjennom systematisk arbeid ønsker vi å bringe fram ny kunnskap om korleis bruk av IKT og løysingar for elektronisk samhandling i helse- og omsorgssektoren kan vera med på å betra kvardagen for dei det gjeld.

Det seier Liv Jorunn Solstad, leiar av Omsorgsteknologilaboratoriet ved HVL. Laboratoriet jobbar tett saman med forskarar innan helse og ingeniørfag, leverandørar som utviklar ny teknologi, kommunane som leverer helsetenester og ikkje minst – brukarane sjølv.

Det nye laboratoriet på Alrek har mange ulike velferdsteknologiske løysningar. Disse er plassert i noko som liknar en helt vanlig leilegheit, i tillegg til forsøksrom og ein institusjonsdel. Her finn du døme på tryggleik- og kommunikasjonsteknologi som kan nyttast i heim eller institusjon.  

- Vi gleder oss til å vise fram det nye laboratoriet på Alrek til publikum, skuleklassar, studentar, brukarar og leverandørar, seier Solstad.

- Og ikkje minst ser vi fram til å vere under same tak med fleire av fagmiljøa på Vestlandet.

Velkommen til Alrek-veke i oktober

I midten av oktober kan du sjølv ta en kikk på laboratoriet og resten av nybygget til Alrek. Då ønsker Alrek helseklynge velkommen til opningsveke for alle interesserte.

Endeleg program kjem, men fem hovudtema vil vere: "I koronaens tid", "Folkehelse gjennom heile livet", "Immigrasjon og helse", "Innovasjon og smart helse" og "Noreg sin posisjon med Big data".

- No jobbar vi med konkret innhald, og ønsker å nå eit bredt publikum – frå statsråd til barna på naboskulen, har komitéleiar Silje Mæland uttalt til nettsida til Alrek.

Les meir om Alrek helseklynge