Førde får sjølvkøyrande buss etter ide frå HVL-studentar

No kan folk i Førde køyre med ein førarlaus buss. Ideen til bussen kom som ein rosa lapp på ein HVL Skape kveld i 2020.

-Det er kjempegøy å sjå at idear frå oss studentar blir tatt på alvor og ført vidare til eit slikt stort prosjekt. Det viser at det er bra å tenke store tankar, seier Thor Erling Thorbjørnsen.

Han studerer automatisering med robotikk på tredje året og var tilstades på HVL Skape sin workshop om innovasjon og entreprenørskap i Førde i februar 2020, då ideen til bussen oppstod.

rosa lapp.jpgIdeen til den førarlause bussen kom på ein rosa lapp på ein HVL Skape kveld i 2020.

Eksempel på at HVL og arbeidslivet jobbar godt i lag

-Vi er veldig stolte over dette prosjektet! At ein ide frå våre eigne studentar kan bli utvikla vidare til eit så godt samarbeidsprosjekt viser kva vi kan få til når høgskulen og arbeidslivet jobbar godt i lag, seier prorektor for utdanning ved HVL Anne-Grethe Naustdal.

Gode krefter på HVL drog idéen frå workshopen vidare og ting byrja å rulle. I april i fjor var sentrale aktørar lokalt og regionalt, samla for å sjå på moglegheitene.

-Viljen og responsen hjå næringslivet var god. Politikarane i Vestland såg også at dette var eit godt og framsynt pilotprosjekt, seier Naustdal.   

Offisiell opning

Torsdag  16. september opna den sjølvkøyrande bussen for publikum i Førde. Bussen har fått namnet «Olai» etter den første bussjåføren i Førde. Den skal køyre av seg sjølv i skyttel mellom Concord og Campus Verftet på Ytre Øyrane måndag til fredag kl. 8-17, med tre avgangar i timen. Bussen har sitjeplass til seks passasjerar, og den er lagt til rette for rullestolbrukarar. Det vil vere gratis å reise med den. Området der bussen skal gå har i dag ikkje tilbod om offentleg transport.

-Det er mogleg at dette er ein liten buss, men den er eit stort steg for oss, sa ordførar i Sunnfjord Olve Grotle under opninga.

folk.jpgFrå venstre: Målfrid Vik Sønstabø (Skyss), Anne-Grethe Naustdal (HVL), Pål Tveitevåg (BKK elektrifisering), Nandor Helgheim (Enivest), Jon Askeland (fylkesordførar), Olve Grotle (ordførar), Arve Varden (Helse Førde), Truls Folkestad (Sunnfjord kommune).

Pilotprosjektet er samfinansiert av samarbeidspartnarane Skyss, Sunnfjord kommune, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Helse Førde og sponsorane BKK og Enivest AS. Vy har kontrakten for busskøyringa.

-For oss i HVL er dette ei flott fortelling om innovasjon og entreprenørskap. Det gir oss kraft til å fortsette arbeidet med å utvikle emne og utdanningsprogram der kreativitet og nyskaping er berande element, seier Naustdal.

Eli Nummedal er leiar for HVL sine ingeniør og teknologiutdanningar i Førde og er glad for å vere med på endå eit spennande samarbeidsprosjekt.

-Vi i Førde har lang tradisjon for eit tett samspel med næringslivet. Dette er avgjerande for vår eksistens, seier Nummedal.      

Tryggleik er viktig

Førde blir med dette først ut i Vestland med sjølvkøyrande buss. Dette er eit prøveprosjekt på fire månader der måla mellom anna er å lære om ny mobilitet og å involvere studentar og lokalt næringsliv. Etter prøveperioden vil Skyss vurdere vidare bruk av sjølvkøyrande buss i rutetilbodet.

Bussen vil manøvrere seg sjølv, men det vil vere ein vert om bord som kan overstyre bussen om det skulle oppstå situasjonar som bussen ikkje kan handtere sjølv. Verten vil også hjelpe og informere passasjerar. Bussen er utstyrt med ei rekkje sensorar der det vert nytta både radar- og laserteknologi. Heile området rundt bussen blir kontinuerleg skanna. Dersom ein gåande, syklist, køyretøy eller andre objekt kjem for nær, vil bussen stoppe. Den sjølvkøyrande bussen vil ha lav fart, maks 16 km/t til å begynne med, men farten kan aukast etter kvart.

barnehage.jpgBarn frå Solsida barnehage i Førde var dei aller første som fekk køyre med bussen. 

Berekraftig utvikling

Klima- og berekraftskoordinator i HVL Siri Smith seier bussen syner at ny teknologi kan gje folk eit alternativt kollektivtilbod.  

-Ein slik buss kan i framtida kanskje hente folk der dei er og bringe dei direkte dit dei skal, som ein slags krysning mellom buss og taxi. Det blir interessant å sjå kva haldningar folk vil ha til ei slik løysing. Kanskje vil mange få seg ei overrasking etter å ha tatt seg ein køyretur!

Smith seier prosjektet med den autonome bussen er eit godt døme på at HVL bidreg til grøn omstilling.

-Det er viktig at studentane våre får mogelegheit til å bidra til det grøne skifte i utdanninga si. Med ny teknologi følgjer eit stort behov for ny kunnskap og ny kompetanse.