Formidlar HVL-forsking langs heile Vestlandet

22. september til 3. oktober er det igjen klart for den landsdekkande festivalen Forskingsdagane. HVL har sett saman eit mangfaldig program med over 30 arrangement, både på høgskulen sine område og digitalt.

I løpet av dei snaue to vekene i september skal HVL vise fram mye av forskinga høgskulen sjølv gjer - på ulike arenaar og i «nye» former.

– Men vi skal ikkje berre sørge for at folk får oppleve våre eigne flotte formidlarar, fortel Alf H. Aronsen, som leier arbeidsgruppa ved HVL som set saman Forskingsdagane.

– Det blir også mogeleg å oppleve HVL-forskarar i samspel med framifrå forskingsformidlarar frå andre institusjonar og delar av landet, seier han.

Inviterer publikum «heim» til campusane

I år inviterer HVL folk fysisk til campusane, frå Førde i nord til Haugesund i sør. I Førde blir det mogleg å komme til campus for å lære meir om problemstillingar som psykisk helse, eldre og immunforsvaret. Korleis kan vi bruke musikk som verktøy i psykisk helsearbeid med barn og unge som har opplevd krig og store traumer ? Er det viktig at eldre bur heime lengst mogeleg, sjølv om behova blir større og meir samansette? Korleis kan kroppen stoppe dei bakteriane vi ikkje vil ha, og kva som skjer når immunforsvaret ikkje fungerer? Dette er blant spørsmåla som vert belyst.

På campus Stord tar HVL-professor Kjellrun Hiis Hauge imot biolog og forfattar Anne Sverdrup-Thygeson, for ein samtale om berekraft og biologisk mangfald. Det skjer som del av eit større seminar om berekraft, klima og konflikt, der fleire HVL-forskarar og -tilsette bidreg. På campus Stord kan ein også oppleve både seminar og faglunsjar, deriblant eit kritisk blikk på den norske barnehagen.

Campus Haugesund inviterer også til fleire foredrag og faglunsjar. Kristine Berg Titlestad, som nyleg forsvarte doktorgraden sin ved HVL, innleiar ein samtale om opplevingane til dei som mister barna sine i narkotikarelatert død.

Prorektor Gro Anita Fonnes Flaten er glad for moglegheita Forskingsdagane gir:

– Å opne opp og formidle forskinga vi held på med til ulike delar av befolkninga er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt. Vi forskar på så mykje spennande, og som er relevant for tilsette, studentar,  samarbeidspartnarar, skuleungdom eller andre interesserte rundt oss, seier ho.

Treffer nye folk på nye plassar

I fleire arrangement under Forskingsdagane, treffer HVL folk utanfor campusane også. Forskarar i Sogndal skal for eksempel delta på arrangementet «Forsking i sentrum», i samarbeid med ViteMeir. Langs fjordstien i bygda blir det familievennleg forskarløype, og i sentrumsparken blir det spennande eksperiment. I tillegg blir det bokkafear, både fysisk og digitalt, og foredrag om kvifor ungdom søv så lite.

For tredje året på rad køyrer campus Sogndal i gang konseptet «Speedforsking». Her skal ni forskarar frå HVL og Vestlandsforsking presentere forskinga si på tre minutt kvar, og publikum får innblikk i spennande og aktuell forsking.

I Bergen skal HVL møte publikum på deira eigne arenaar. Fleire forskarar reiser på skulebesøk til elevar på 6.-9. trinn. Dei skal engasjere ungdommane i forsking på søvn, energikilder og korleis skape eit godt klassemiljø. I konkurransen Forsker Grand Prix skal stipendiat innan hydrogenteknologi, Håkon Eidsvåg, kjempe om tittelen «Bergens beste forskingsformidlar».

Fredag 24. september kan de høyre den kjende forfattaren og biologen Dag O. Hessen i samtale med Gunnar Yttri, rektor ved HVL, om høva til den frie forskinga. Førsteamanuensis Hege Myklebust leier samtalen, som går føre seg digitalt. 

Digitale arrangement

– I fjor gjorde vi oss mange gode erfaringar med digitale arrangement, så det prøver vi å bygge vidare på i år, fortel Aronsen. Han trekker fram arrangementet «Sannhet til salgs», som er eit reint digitalt arrangement.

– Det skal vere ein heildigital faglunsj 24. september med forfattar og biolog Dag O. Hessen, og vår eigen rektor, Gunnar Yttri. Dei skal diskutere den frie forskinga og arrangementet blir tilgjengeleg for absolutt alle interesserte, seier han.

– Eg gler meg til dette arrangementet, men totalt sett er det også eit omfattande og spennande program me tilbyr i år. Det er flott med så mange arrangement på alle campus, men også bra at me nytter høvet me får gjennom digitale løysingar til å nå ut breiare, og samarbeide om arrangement på tvers av campusane, seier rektor Gunnar Yttri.

Eit anna digitalt lunsjarrangement, «One Ocean Expedition ved HVL», gir innblikk i korleis HVL bidrar inn i ein av dei viktigaste seilasane i vår tid, som skal skape blest og kunnskap om havet si rolle for en berekraftig framtid.

Her kan de se heile programmet til HVL under Forskingsdagane.