Første høyring om instituttstruktur

Korleis skal instituttstrukturen på fakultetet som skal romme lærarutdanningane, kulturfag og idrett sjå ut? Tre modeller er no sendt ut på høyring i organisasjonen.

Høgskulestyret skal i september 2017 gjere vedtak om instituttstruktur ved dei fire fakulteta på HVL.

I Høgskulen på Vestlandet blir det utdanna lærarar på tre campus: Sogndal, Bergen og Stord.

Representantar frå fagmiljøet ved alle desse campus var samla til eit arbeidsmøte på Solstrand 23. og 24. mai. Oppdraget her var å komme med forslag til ulike modellar for organisering av det nye fakultetet, med omtale av fordelar og ulemper.

Tre modellar på høyring

Til saman blei det tenkt ut skisser til fire modellar fundert på to hovudtilnærmingar – disiplinbaserte og utdannings/profesjonsbaserte instituttmodellar.

To av modellane låg innanfor ei disiplintilnærming, ein modell var ein hybrid av begge tilnærmingane, og den fjerde var ein utdannings- eller profesjonsbasert modell.

Seinare vart dei to disiplinbaserte modellane slått saman som følgje av at dei prinsipielt tenker ganske likt. Argumentasjonen i høyringsutkastet for og i mot modellen kjem frå begge gruppene som arbeidde med dei. 

Ingen av modellen er heilt ferdige, og svara frå høyringa vil brukt i arbeidet med vidareutvikling. I modellane er det elles oppført tal på tilsette fordelt på dei enkelte institutta. Dette er ikkje nøyaktige tal og er berre meint å vise ein samanliknbar storleik mellom dei ulike fagmiljøa/institutta. 

Gjennomføring av høyringa

Høyringa vil bli gjennomført med hjelp av Questback. Kvar høyringsinstans har motteke ei lenke til eit spørreskjema, sendt til leiaren/kontaktpersonen for den aktuelle instansen. 

Til saman er det 53 høyringsinstanser for høyringa, som går frå 1. juni til 1. juli. 

Høyringsinstansane blir bedne om ta stilling til kva modell dei meiner er den beste til fakultetet, kva endringar ein må gjere i den valte modellen for å gjere den best mogleg, og kva modell dei føretrekk om den føretrukne ikkje blir valt. 

Sjå meir informasjon i høyringsbrevet.

Kva skjer etter høyringsfristen?

Etter høyringa vil det bli utarbeidd eit framlegg til fagleg struktur i fakultetet.

Dette framlegget vil vere grunnlag for høyringsmøte som den nye dekanen, Asle Holthe, vil gjennomføre på kvar campus i andre halvdel av august.

Saka vil deretter bli lagt fram for høgskulestyret i slutten av september.