Førsteutkastet til universitetssøknaden er klar

Å bli eit universitet liknar mykje på å køyre opp til sertifikatet – du må kunne alle reglane og vise at du kan følgje dei. Sidan kan du køyre dit du vil.

Om lag slik er det, meiner prosjektleiar Dag Stenvoll:

- Det kan vere litt irriterande å måtte terpe på trafikkreglar og køyreteknikk, for å få alt saman under huda - men når du først klarer prøva, blir du lønna med stor fridom! Så det er verdt det.

Sist veke nådde prosjektgruppa ein milepæl, då dei kom i mål med førsteutkastet av søknaden om å bli eit universitet. Etter planen skal søknaden ikkje leverast til NOKUT før om halvanna år, men prosessen er lang og mødesam, med mange rundar innom forskjellige delar av institusjonen. Dermed er det lurt å vere ute i god tid, fann prosjektgruppa ut.

- Sjølve skriveprosessen dreier seg mykje om å balansere dei tekniske, formelle og kjedelege sidene ved å møte ulike krav med ei meir engasjerande forteljing om kven vi er. Vi vil jo presentere HVL som ein spennande og levande institusjon, seier Stenvoll.

- Det dreier seg altså om skjønnheit versus byråkrati. Vi må ha med begge delar.

Ei forteljing vi skal kjenne oss igjen i

Det siste halvanna året har gruppa jobba med å samle data, lage skjema og skildre ulike delar av verksemda til HVL, mellom anna styrken til fagmiljøa, kvalitetssystemet, forskarutdanningane, tal på uteksaminerte doktorgradskandidatar, internasjonale nettverk, nivået på første- og toppkompetanse. På alle desse punkta må HVL møte visse krav for å bli akkreditert som universitet. Sist veke møttest dei på Stord for å sjå gjennom og jobbe vidare med førsteutkastet.

Det dreier seg altså om skjønnheit versus byråkrati. Vi må ha med begge delar.

Dag Stenvoll

- Eg er oppteken av at vi skal teikne eit bilde som er sant og til å kjenne igjen for oss alle. Det skal ikkje vere ei idylliserande, men ei ærleg historie, seier Knut Steinar Engelsen, som tidlegare har vore med i faggruppa som vurderte søknaden til OsloMet.

- Noko av det viktigaste å få fram, er heilskapen i institusjonen: at det er ein samanheng mellom alt vi gjer. At vi ikkje berre er ei laus samling med fragment!

Såleis skal det som skjer på bachelornivå, masternivå og doktorgradsnivå henge saman i såkalla søyler, slik at utdanningane gjensidig bygg opp om kvarandre. Vidare skal forskinga og utdanningane også henge saman og styrke kvarandre. Utvekslinga av studentar skal henge saman med utvekslinga som skjer på forskarnivå – og her er det utfordringar, sidan studentane helst vil langt garde, gjerne til Australia, mens forskarane samarbeider mest innanfor Europa.

Finne oss sjølv i lag med omverda

- Eg tenkjer at vi skriv denne søknaden like mykje for oss sjølve som for komiteen som skal vurdere oss. Det er eit strategisk dokument som skal gi oss alle innblikk i andre delar av institusjonen enn der vi kvar især har føtene våre djupt planta, seier Engelsen.

Nokre universitetskrav er tydelege og kvantifiserbare, andre er meir ulne. Når det gjeld forskings- og utdanningssida av HVL, er det klare, talfesta mål – men når det gjeld profesjons- og arbeidsrettinga, finst det ingen tal som kan stadfeste desse kvalitetane.

- Dette er den mest sentrale delen av identiteten vår, difor er det problematisk at vi ikkje har nokon handfast måte å få fram verdien av den profesjons- og arbeidsretta profilen på, seier Arne Haugen.

Det skal ikkje vere ei idylliserande, men ei ærleg historie.

Knut Steinar Engelsen

Vi har sagt med store bokstavar kven vi skal bli: ein ny type universitet, dynamisk, fleksibel og langt tettare knytt til arbeidslivet rundt oss enn dei gamle universiteta. Ein institusjon som skal kunne snu seg fort rundt og møte dei skiftande behova i samfunnet, og stadig utvikle ny kunnskap i samarbeid med arbeidslivet.

- Sjølv om desse tinga ikkje er målbare, må vi våge å vere sjølvsikre på denne identiteten når vi skriv. Samstundes må vi vere medvitne om at vi har ein veg igjen å gå for å fullt ut bløme i denne retninga, meiner Haugen.

- Vi må få til endå meir og betre samspel med omverda enn i dag, og vi har ikkje funne alle svara på korleis vi skal gjere det. Dei svara må vi finne i lag med andre, ikkje berre i ei boble for oss sjølv.

Meir enn eit nytt namn

- Vi jobbar med å sjå på HVL med eit metablikk, og det er veldig givande, seier Solveig Råheim Grønsdal.

- Vi har mange diskusjonar om kvalitet. Gjennom prosessen får vi auge på alt det gode vi er, men også på svake sider. Då kan vi sette i gang tiltak for å styrke det vi treng å bli sterkare på. Dermed handlar denne prosessen om mykje meir enn å få eit nytt namn.

Slik eg ser det, skal vi ikkje bli noko anna enn det vi er, berre endå meir oss sjølve.

Dag Stenvoll

Når det gjeld krava, ligg HVL godt an til å nå dei innan slutten av 2022, som er tida for å søke om å bli universitet. Ei komplisert side av dette er at mykje er i flyt. For det første, sjølve måla: HVL må ligge på same nivå som andre samanliknbare institusjonar, men dei aukar også på vitskapleg publisering og kompetanse parallelt med at HVL gjer det. Dermed må vi strekkje oss lenger enn dei som kom før oss i løypa. I tillegg utviklar HVL seg mens prosjektgruppa skriv, dermed er alt i forandring og vanskeleg å få presist ned på papiret før heilt til slutt.

Meir attraktive enn før

Stavanger, Agder, Nordland, OsloMet og USN har alt blitt universitet, og fleire høgskular blei det automatisk over natta då dei fusjonerte med Tromsø, NTNU eller Nord. Innlandet har søkt, men fått avslag, og søker på nytt til hausten – om lag eit år før HVL.

- Vi har øvd oss veldig lenge på å bli eit universitet. Slik eg ser det, skal vi ikkje bli noko anna enn det vi er, berre endå meir oss sjølve, seier Stenvoll.

- Vi skal fylle den rolla vi har i dag, men bli endå meir interessante samarbeidspartnarar for samfunnet rundt oss – vri identiteten vår bort frå å vere ein rein utdanningsinstitusjon til å bli ein kunnskapsorganisasjon som formar arbeidslivet. Å vere student på HVL betyr ikkje å berre sitte i eit auditorium. Du skal vere i praksis, involvert i forsking, løyse problem i lag med arbeidslivet du er på veg inn i.

Vi må få til endå meir og betre samspel med omverda enn i dag, og vi har ikkje funne alle svara på korleis vi skal gjere det.

Arne Haugen

Fridommen som kjem med sjølve universitetsstatusen er mellom anna knytt til det å kunne opprette og legge ned utdanningar sjølv. Dessutan kjem det også eit større handlingsrom på andre vis: Du blir rett og slett rekna med i fleire samanhengar. Også med tanke på rekruttering av studentar blir institusjonen meir attraktiv.

Blir solide sjåførar

På mange vis har HVL hatt ein lenger veg å gå mot universitetsstatus enn dei som kom før oss. Måla for kompetanse og publisering låg langt lågare då dei søkte. Nokre fekk statusen automatisk ved å slå seg saman med universitet som alt fanst, mens andre – slik som USN og Innlandet – fekk solid pengestøtte frå regionen. Slik er det ikkje for HVL.

- Vi har fått lite eksterne midlar, og gjer heile jobben sjølv. Det betyr at når vi blir eit universitet i 2023, er vi ekstra godt etablerte, seier Stenvoll.

- Då har vi veldig god grunn til å ha tru på oss sjølve. Det har vi forresten allereie.